Hopp til innhold

Opera ved fjorden - Sommaropera

Opera ved fjorden - Sommaropera

Spilleperiode

30. juni 2024

Sted

Oseana kunst- og kultursenter

Spilletid

Ca. 3 timar inkl. pause

Billetter

100 - 200

For 4. året på rad inviterer Bergen Nasjonale Opera til finalekonserten på sommarakademiet Opera ved fjorden. Studentane byr på eigne favorittariar, og høgdepunkt frå Rhingullet av Wagner.

Møt unge songarar, orkestermusikarar og dirigentar som ivrar etter å presentere seg sjølve i starten av karrieren! Kanskje er det morgondagens stjerner du møter for første gong?

På avslutningskonserten står høgdepunkt frå det eventyrlege Rhingullet av Wagner på programmet, i ei scenisk framføring. I tillegg får du høyre ei rekkje vakre ariar. Totalt skal 21 songarar skal vere i sving på scenen. Desse solistane får følgje av årets akademiorkester, med 28 unge musikarar som spelar saman med proffe gruppeleiarar frå leiande symfoni- og operaorkester i Norden og Austerrike. Konsertmeisteren er Maxim Brilinsky, til dagleg 1. fiolinist i Wiener Philharmoniker.

Dei fire dirigentstudentane får ansvaret for heile første del av konserten, godt guida i forkant av operasjef Eivind Gullberg Jensen og dirigentkollegaen Sascha Goetzel frå Wien.

Ivar Tindberg er regissør for Rhingullet, og Solveig Kringlebotn er også i år med som ein av dei framståande vokalpedagogane. Ny som lærar i år er den tyske bass-barytonen Albert Dohmen, som er ein kjend tolkar av fleire Wagner-roller, m.a. på festivalen i Bayreuth.

Les om handlinga i Rhingullet og dei ulike rollene her (lenke)

Avslutningskonserten varer ca. 3 timar, inkludert 30 minutt pause.

KONSERTPROGRAM FØR PAUSEN:
(Oppdatert 29. juni)

Wolfgang Amadeus Mozart
Ouverturen til Figaros bryllaup
Dirigent: Anna Hartmann

Gaetano Donizetti
Regimentets dotter: Salut à la France
Alva Olsson (Marie)
Dirigent: Tom Ole Elgsaas

Georges Bizet
Carmen: La fleur que tu m'avais jetée
Jostein Fahre (Don José)
Dirigent: Chi-Yuan Lin

Giacomo Puccini
La rondine: Chi il bel sogno di Doretta
Annika Beinnes (Magda)
Dirigent: Chi-Yuan Lin

Pjotr Tsjajkovskij
Jolanta: Arioso
Viktor Shevchenko (Kong René)
Dirigent: Sergey Akimov

Giuseppe Verdi
La traviata: Lunge da lei
Ian Marcus Bjørsvik (Alfredo)
Dirigent: Chi-Yuan Lin

Charles Gounod
Faust: Faites-lui mes aveux
Sunniva Fevang (Siébél)
Dirigent: Anna Hartmann

Gaetano Donizetti
Kjærleiksdrikken: Come Paride vezzoso
Einar Stefánsson (Belcore)
Dirigent: Tom Ole Elgsaas

Georges Bizet
Carmen: Près des remparts de Séville
Melike Uludag (Carmen)
Dirigent: Sergey Akimov

Giuseppe Verdi
Macbeth: Come dal ciel precipita
Zhengji Han (Banco)
Dirigent: Tom Ole Elgsaas

Johann Strauss d.y.
Flaggermusen: Im Feuerstrom der Reben
Dirigent: Sergey Akimov

ETTER PAUSEN:

Richard Wagner:

Das Rheingold (Rhingullet) – høgdepunkt

Eivind Gullberg Jensen og Sascha Goetzel / Dirigentar
Ivar Tindberg / Regissør
Ann-Terese Aasen / Koreograf og regiassistent
Cathrine Ahlsen / Kostymedesign
Odd Halstensen / Scenografi
Kristian Andersen / Lysdesign

SOLISTAR:
Julie Sofie Storemyr / Woglinde
Sara Aasen / Wellgunde
Christina Jønsi / Flosshilde
Kristoffer Töyrä / Wotan
Robert Skovly / Loge
Cecilia Lund Tomter / Fricka
Melissa Baug / Freia
Jostein Fahre / Froh
Eirik Krokfjord / Donner
Frida Lund-Larsen / Erda
Simon Thorbjørnsen / Alberich
Endre Dahl / Mime
Johann Dornwald / Fasolt
Viktor Shevchenko / Fafner

Merk: Alle ariar og høgdepunkta frå Rhingullet blir framførte på originalspråket, utan teksting i salen.

AKADEMIORKESTERET 30. JUNI:
* = gruppeleiar og lærar

Fiolin 1
Maxim Brilinsky*
Gabriel Dodin
Teo Devčić
Kristin Engås
Ece Samanlioglu

Fiolin 2

Lucas Takeshi Stratmann*
Yejin Joo
Laura Soeters
Filip Bråthen Hansen
Aiste Karpaviciute

Bratsj

James Opie*
Katherine Veeckman
Viola Innocenti
Eeva Tenkanen

Cello
Erik Wahlgren*
Elias Moreira
Judit Diaz Alvarez

Kontrabass
Patrick Wilder*
Aleksandra Jaworska

Fløyte
Karl-Heinz Schütz*
Elina Ceprova

Obo
Ella Dorothea Delbrück
Emilie Wästlund

Klarinett
Silvia Schweigl
Vera Cecilie Xiang Aadland

Fagott
Audun Halvorsen*
Jonas Beckmann

Horn
José Luis Cortell*
Sytske Pas

Trompet
Ángel Manuel Nicolás Barceló
Alexander Keiser

Trombone
Çağla Turhan
Carles Broseta Garcia

Basstrombone
Ivan Cheung

Harpe
Marcelina Dąbek

Piano

Chen Pang (repetitørstudent)

Pauker og slagverk
Manuel Hofstätter
(frå Bergen Filharmoniske Orkester)

KVA ER SOMMARAKADEMIET? 

Sommarakademiet Opera ved fjorden 22. juni - 30. juni 2024 rettar seg mot unge songarar, orkestermusikarar, repetitørar og dirigentar over 18 år som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Deltakarane får arbeide med dyktige pedagogar, coachar og dirigentar - alle med erfaring frå store operahus og symfoniorkester.

Fotokavalkaden er frå Sommarakademiet i 2021, 2022 og 2023:

KUNSTNARLEG TEAM 2024

Kunstnarleg leiing: 
Eivind Gullberg Jensen, operasjef for Bergen Nasjonale Opera og sjefdirigent for Noord Nederlands Orkest 
Sascha Goetzel, kunstnarleg leiar for Orchestre National des Pays de la Loire og National Youth Orchestra of Canada, og første gjestedirigent for Sofia Filharmoniske Orkester 

Vokalpedagogar:
Solveig Kringlebotn, sopran og professor i song ved Operahøgskolen og Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo 
Albert Dohmen
, bass-baryton frå Tyskland, m.a. kjend for Ringen-rollene Wotan, Alberich og Hagen ved Bayreuth-festivalen  
Kristin Okerlund, pianist og vocal coach frå Wiener Staatsoper 
Hans-Otto Ehrström
, pianist og vocal coach frå Wiener Staatsoper

Regi-team:
Ivar Tindberg, regissør, tekstforfattar, dramaturg og komponist 
Ann-Terese Aasen, regiassistent, koreograf og regissør

Kostymedesignar:
Cathrine Ahlsen
, kostymesjef ved Bergen Nasjonale Opera

Orkesterpedagogar/gruppeleiarar:  
Stryk:
1. fiolin: Maxim Brilinsky, gruppeleiar 1. fiolin, Wiener Philharmoniker 
2. fiolin:Lucas Takeshi Stratmann, gruppeleiar 2. fiolin, Wiener Staatsoper 
Bratsj: James Opie, alt. gruppeleiar bratsj, Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm 
Cello: Erik Wahlgren, solocellist i Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm
Kontrabass: Patrick Wilder, alt. solokontrabassist i Operaorkesteret, Den Norske Opera & Ballett 
Treblås:
Karl-Heinz Schütz
, solofløytist Wiener Philharmoniker 
Audun Halvorsen
, solofagottist i DR Symfoniorkestret i København
Messing:  
José Luis Cortell
, hornist. Alternerande gruppeleiar, operaorkesteret ved Finlands nasjonalopera i Helsinki . Solohornist i Konzerthausorchester Berlin frå oktober 2024.
Pauker og slagverk:
Manuel Hofstätter*, paukist i Bergen Filharmoniske Orkester 

 *Hofstätter er gjestemusikar, og ikkje orkesterpedagog på akademiet


Opera ved fjorden - Sommarakademi blir arrangert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter, og er støtta av Grieg Foundation, Sparebankstiftelsen DnB, Talent Norge, Vestland fylkeskommune, Sparebank1 SR-Bank og SR-stiftelsen og GC Rieber Fondene.

Relaterte nyheter

Albert Dohmen og Eivind Gullberg Jensen

Wagner-legenden ser fremtiden på Os

- Umiddelbart synes jeg dette var en strålende idé, forteller en av vår tids fremste Wagner-tolkere, sangeren Albert Dohmen. Han er en av lærerkreftene i dette årets Opera ved fjorden.

Annika Beinnes ariekonsert Opera ved fjorden

Wagner-opera og favorittarier

På den storslåtte avslutningen av årets sommerakademi Opera ved fjorden byr vi på sangernes favorittarier og ikke minst høydepunkt fra Wagners Rhingullet!

OVF23 Akademiorkesteret

«Verdensmestere» til Os

Sommerakademiet Opera ved fjorden har et stjernelag, som både studentene og publikum får nyte godt av.

Rhingullet sangere collage web

Kva skjer i Rhingullet på Oseana?

Skal du vere med på sommaroperaen søndag 30. juni? Her får du vite kva som skjer i Rhingullet – og bli betre kjend med guden Wotan og dei andre rollene i vår kompakte versjon av Wagners opera.

Samtlige spilledatoer


30/06 Søndag 18.00
Oseana kunst- og kultursenter, Os Overstått forestilling
Overstått forestilling