Hopp til innhold

James Opie

Den britiske bratsjisten Jamie Opie kjem til Opera ved fjorden i 2024 for tredje år på rad, som lærer og gruppeleiar for bratsj-studentene i akademiorkesteret.

James Opie studerte bratsj ved Royal Northern College of Music i Manchester (RNCM) med Yuko Inoue og Roger Benedict som lærarar.

Medan han avslutta studiane fekk han jobb i BBC National Orchestra of Wales, før han deretter vart alternerande gruppeleiar for bratsj i BBC Philharmonic. Etter mange år i dette orkesteret flytta Opie til Sverige, der han no er alternerande gruppeleiar i Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm.

Opie er også ofte vikar som gruppeleiar i Kungliga Filharmonikerna og Sveriges Radios Symfoniorkester, i tillegg til at han også tar oppdrag i Storbritannia.

Opie kom til Opera ved fjorden for første gong i 2022, og har vore lærar kvart år sidan.

Oppdatert juni 2024