SOMMARAKADEMI
Opera ved fjorden sommarakademi finn stad i juni kvart år og rettar seg mot unge songarar, musikarar, dirigentar og repetitørar.
Opera ved fjorden sommarakademi vart i 2026 arrangert for sjette gong.
Dei utvalde verka for 2026-sesongen var høgdepunkt frå Figaros bryllup og Carmen, pluss studentane sine eigne favorittariar. Den svenske barytonen Peter Mattei, kjend m.a. for Don Giovanni-rolla på The Met i New York, var for andre gong ein del av lærarteamet – i lag med Solveig Kringlebotn, som har vore med frå starten.
Opera ved fjorden rettar seg mot unge songarar, orkestermusikarar, dirigentar og repetitørar over 18 år som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Du som deltar får arbeide med dyktige pedagogar og musikarar - alle med erfaring frå store operahus eller symfoniorkester.
Opera ved fjorden - Sommarakademi blir arrangert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter, og er støtta av Grieg Foundation, Sparebankstiftelsen DnB, Talent Norge og GC Rieber Fondene.
Sjå bilete frå akademiet:
TIDSROM 2026
22.-28. juni for songarar, dirigentar og repetitørar
23.-28. juni for orkestermusikarar
ALDERSGRENSE
18-32 år
STAD
Kurs- og konsertstad:
Oseana kunst- og kultursenter, sør for Bergen
Overnatting for studentane:
Veteranskipet M/S Sunnhordland
Overnatting og måltid er inkludert i kursavgifta
KUNSTNARLEG TEAM
Kunstnarleg leiing:
Eivind Gullberg Jensen, operasjef for Bergen Nasjonale Opera og sjefdirigent for Noord Nederlands Orkest
Sascha Goetzel, kunstnarleg leiar for Orchestre National des Pays de la Loire og National Youth Orchestra of Canada, og første gjestedirigent for Sofia Filharmoniske Orkester
Regiteam:
Ivar Tindberg, regissør, tekstforfattar, dramaturg og komponist
Ann-Terese Aasen, regiassistent, koreograf og regissør
Vokalpedagogar:
Solveig Kringlebotn, sopran og professor i song ved Operahøgskolen og Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo
Peter Mattei, baryton frå Sverige, m.a. kjend frå tittelrollene i Don Giovanni og Wozzeck ved The Met
Vocal coach:
Hans-Otto Ehrström, pianist og vocal coach frå Wiener Staatsoper
Orkesterpedagogar/gruppeleiarar
Stryk:
1. fiolin: Maxim Brilinsky, gruppeleiar 1. fiolin, Wiener Philharmoniker
2. fiolin: Lucas Takeshi Stratmann, gruppeleiar 2. fiolin, Wiener Staatsoper
Bratsj: James Opie, alt. gruppeleiar bratsj, Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm
Cello: Erik Wahlgren, solocellist i Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm
Kontrabass: Patrick Wilder, alt. solokontrabassist i Operaorkesteret, Den Norske Opera & Ballett
Treblås:
Karl-Heinz Schütz, solofløytist, Wiener Philharmoniker
Audun Halvorsen, solofagottist i DR Symfoniorkestret i København
Messing: Rune Brodahl, solohornist i Operaorkesteret, Den Norske Opera & Ballett
SPØRSMÅL?
Har du spørsmål som gjeld søknaden til Sommarakademiet Opera ved fjorden?
Ta kontakt med nicolai@bno.no
Opera ved fjorden - Sommarakademi blir arrangert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter, og er støtta av Grieg Foundation, Sparebankstiftelsen DnB, Talent Norge og GC Rieber Fondene.
Sjå bilete frå Opera ved fjorden - 2021, 2022, 2023 og 2024: