Ivar Tindberg
Regissøren Ivar Tindberg kjem til Opera ved fjorden også sommaren 2024, og då står både høgdepunkt frå Tryllefløyten og Rhingullet på programmet.
Ivar Tindberg er ein norsk regissør, tekstforfattar, dramaturg og komponist, som særlig er kjens for arbeidet med musikkteater. Ivar Tindberg studerte musikk, teater og litteratur ved Universitetet i Oslo og regi ved Statens Teaterhøgskole.
Han fekk gjennombrotet sitt som regissør da han iscenesette den populære revyen Tusen år og like blid for Det Norske Teatret i 1997, ei framsyning han også skreiv musikk til. Han har seinare gjort suksess med framsyningar også for m.a. Oslo Nye og Nasjonaltheatret, og har i tillegg skrive for både scene, radio og tv.
Han mottok i 2000 Prix Italia for beste musikkdramatikk for radio for Bokken Lasson – Sensibel suksess (NRK) til musikk av Gisle Kverndokk.
Som dramatikar debuterte han i samarbeid med Catrine Telle med Ibsens barn på Trøndelag Teater i 1991. Han både skreiv librettoen til og hadde regi på Gisle Kverndokks operaversjon av Falkbergets Den fjerde nattevakt, med premiere på Den Norske Opera & Ballett i 2005.
Sommaren 2022 regisserte han Den flyvende hollender for Opera Østfold, utandørs på Fredriksten Festning, og i jubileumsåret 2025 skal han tilbake, då for å regissere Elskovsdrikken av Donizetti.
I februar i år (2024) regisserte han forvekslingskomedien Den stundesløse, med musikk av Edvard Fliflet Bræin, på Operafestukene i Kristiansund, og i april hadde han premiere på den nyskrive musikalen Spynorsk på Det Norske Teatret, med Are Kalvø som manusforfattar, og Ingrid Bjørnov som komponist.
Tindberg gjesta sommarakademiet vårt Opera ved fjorden for første gang i 2022, då han sette opp einaktaren Gianni Schicchi saman med akademistene, og i 2023 var han tilbake med utdrag frå Flaggermusen og La bohème.
Oppdatert april 2024
(Hovudkjelde: Store Norske Leksikon)
Foto: Jan Fredrik Frantzen/Hålogaland Teater