Hopp til innhold

Solveig Kringlebotn

Sopranen Solveig Kringlebotn er ein av Noregs mest kjende songarar internasjonalt, og er no også professor både ved Operahøgskolen og ved Barratt Due musikkinstitutt i Oslo.

Kringlebotn tok operautdanning ved Operahögskolan i Stockholm, og gjekk rett vidare til hovudroller både på Kungliga Teatern (no: Kungliga Operan) og Den Norske Opera & Ballett i Oslo. Internasjonalt vart ho kjend da ho i 1991 uroppførde Witold Lutosławskis Chantefables et Chantefleurs under The Proms i Royal Albert Hall med komponisten sjølv som dirigent. To år seinare fekk ho sitt internasjonale opera-gjennombrot som Fiordiligi i Mozarts Così fan tutte under festspela i Salzburg.

I 2000 debuterte Kringlebotn ved Metropolitan i New York, som Donna Elvira i Don Giovanni, før ho song flerie andre roller der. Ved La Scala i Milano tolka ho i 2007 Elsa i Wagners Lohengrin. Ho har også sunge ved andre kjende operahus som Covent Garden i London, Paris-operaen og Wiener Staatsoper. Ho har også vore ofte norsk radio og TV, m.a. som mentor og dommar i NRKs Stjernekamp.

Kringlebotn vart slått til Ridder av 1. klasse i 2004, ho har mottatt Kritikerprisen (for Mimì i La bohème på Den Norske Opera & Ballett), og er blant anna også tildelt Spellemannsprisen, Norsk Kulturråds Ærespris, Anders Jahres Kulturpris og Lindeman-prisen.

Solveig Kringlebotn er no professor både ved Operahøgskolen og ved Barratt Due musikkinstitutt i Oslo.

Publisert juni 2021