Hans-Otto Ehrström
Den finske pianisten Hans-Otto Ehrström kjem tilbake til Opera ved fjorden for å coache unge akademistar også sommaren 2024.
Hans-Otto Ehrström studerte ved Sibelius-akademiet og ved konservatoriet i Lyon.
Han har vore den offisielle akkompagnatøren ved alle dei store songkonkurransane i Finland, og han har vore utøvande solist, akkompagnatør og kammermusikar i ulike europeiske land, og også i Russland og Japan. Han vann også Pentti Koskimies-konkurransen saman med songpartnaren sin.
I åra 1998–2000 var Ehrström repetitør ved Operastudioet i Zürich. Frå 2000 til 2023 var han repetitør ved Finlands nasjonalopera i Helsinki, der han også var assistentdirigent.
Ehrström er også aktiv som solist og kammermusikar, og har turnert rundt om i Europa, og også i land som Russland, Israel og Japan. Han har også opptrådd på radio og tv i Finland, Ungarn og Kroatia, og har gjort ei rekkje innspelingar, med songar av mellom andre Kuula, Schubert, Mussorgsky og Sibelius.
Hans-Otto Ehrström er no repetitør (Korrepetitor) ved Wiener Staatsoper.
Hans-Otto Ehrström var ein del av det kunstnarlege teamet for sommarakademiet Opera ved fjorden både i 2022 og i 2023, og er i 2024 dermed tilbake for tredje år på rad.
Oppdatert juni 2024