Hopp til innhold

Patrick Wilder

Kontrabassisten Patrick Wilder har vore med som spelande lærar ved Opera ved fjorden helt frå starten, og er i 2024 dermed med fjerde året på rad.

Patrick Wilder er av britisk opphav, og vaks opp i Noreg.
Han har Bachelor-utdanning frå Norges Musikkhøgskole under Dan Styffe og Knut Guettler.

Wilder vart fast tilsett i Operaorkestret i august 2008, og er no alternerande solokontrabassist. Wilder er også ein flittig frilansar og har spelt med de fleste orkester her i landet.

Hovudkjelde: Den Norske Opera & Ballett

Publisert januar 2024