Lucas Takeshi Stratmann
Den unge fiolinisten Lucas Takeshi Stratmann kjem tilbake til Opera ved fjorden 2024 for å vere lærar og gruppeleiar for 2. fiolin i akademiorkesteret.
Den amerikanske fiolinisten Lucas Takeshi Stratmann (27) er frå New York City, og studerte ved Juilliard School, og tok bachelor og master med bl.a. Sylvia Rosenberg og Masao Kawasaki som lærarar. Han var konsertmeister ved the Juilliard Orchestra frå 2020-2021.
Stratmann har vunne ei rekkje konkurransar, bl.a. Aspen Music Festival Violin Competition i 2016. I 2015 fekk han prisen Jack Kent Cooke Foundation Young Artist Award frå NPRs “From the Top”. Etter dette har han opptrådd både som solist og kammermusikar både i USA og i Japan, med konsertar bl.a. i Carnegie Hall, Alice Tully Hall, og David Geffen Hall. Han har også vore solist i tre ulike konsertseriar med The Little Orchestra Society og er også aktiv som lærar.
Om somrane har han vore student og utøvar ved Aspen Music Festival, the Mozarteum Summer Academy i Salzburg – og Taos School of Music.
I 2021 fekk Stratmann ein plass i Orkesterakademiet til Wien filharmoniske orkester, og flytta til Wien. Året vann han prøvespela som tutti og gruppeleiar for 2. fiolin i Wiener Staatsoper/Wiener Philharmoniker, og har vore musikar der sidan september 2022. I januar 2024 spelte han i den tradisjonsrike og tv-overførte Nyttårskonserten for første gong.
Stratmann deltok i sommarakademiet Opera ved fjorden som lærar og gruppeleiar for 2. fiolin for første gong i 2024, og har takka ja til å vere tilbake sommaren 2025.
Hovudkjelde: Wiener Philharmoniker
Oppdatert hausten 2024