Peter Mattei
Den kjende svenske barytonen Peter Mattei kjem til Sommarakademiet vårt for første gong i 2025, for å guide songstudentane i Mozarts opera Don Giovanni.
Peter Mattei studerte på Kungliga Musikhögskolan og på Operahögskolan i Stockholm. Han debuterte i 1990 som Nardo i Mozarts La Finta Giardiniera på Drottningholms Slottsteater og året gjorde han ein sensasjonell debut på Kungliga Operan som Pentheus i Daniel Börtz Backanterna i regi av Ingmar Bergman. Det internasjonale gjennombrotet fekk han som Don Giovanni i Peter Brooks produksjon i Aix-en-Provence og har deretter arbeidd med mange framståande dirigentar og regissørar på scener rundt om i Europa og i USA.
Mattei har vore ein flittig gjest ved Metropolitan Opera i New York, der han har tolka roller som m.a. Amfortas i Parsifal, Wolfram i Tannhäuser, tittelrolla i Eugen Onegin, Figaro i Il Barbiere di Siviglia, Greven i Le nozze di Figaro, Marcello i La bohème, Yeletsky i Spar Dame, Shishkov i De dødes by av Janáček, og i 2020 gjorde han sin mykje hylla debut som Wozzeck. Andre roller er m.a. tittelrolla i Billy Budd (Oper Frankfurt og GöteborgsOperan) og Don Fernando i Fidelio (Teatro alla Scala).
Med éi av favorittrollene hans, Don Giovanni, har Peter Mattei hatt gleda av å arbeide med regissørar som Peter Brook og Michael Haneke.Han har vore solist på scener som Opéra National de Paris, Royal Opera House i London, Teatro alla Scala, Wiener Staatsoper, Bayerische Staatsoper, Opernhaus Zürich, San Francisco Opera, Lyric Opera of Chicago, Semperoper Dresden, Den Norske Opera og festivalane i Salzburg, Verbier, Aix-en-Provence, Lucerne og Tanglewood.
Sesongen 2023/24 var han Don Giovanni ved Opéra National de Paris og Wozzeck ved Bayerische Staatsoper i München. Han song Amfortas ved Den Kungliga Operan i Parsifal. Sesongen 2022/23 song han m.a. Rodrigo i Don Carlo og tittelrolla i ein ny produksjon av Don Giovanni, begge ved Metropolitan Opera.
Denne hausten (2024) syng han tittelrolla i Wozzeck ved Kungliga Operan i Stockholm. Våren 2025 er han Grev Almaviva ved Bayerische Staatsoper i München – og spelar to ulike roller ved The Metropolitan Opera i New York: Starbuck i Moby Dick av Heggie, og Jochanaan i Salome av Richard Strauss.
Peter Mattei vart i 2004 utnemnd til Hovsångare og fekk i 2011 medaljen Litteris et Artibus av H.M. Kong Carl XVI Gustaf for framståande kunstnarleg innsats. Mattei har også fått prisen Musical America’s 2020 Vocalist of the year.
Hovudkjelde: Braathen Artist Management
Publisert hausten 2024