Kristin Okerlund
Pianisten og vokalpedagogen Kristin Okerlund kjem frå Wien – og til Opera ved fjorden for femte år på rad i 2025.
Kristin Okerlund studerte ved University of Illinois og ved musikkonservatoriet I Wien. Ho har vunne priser i ei rekkje klaverkonkurransar, og vore solist med ulike orkester. Ho har turnert verda over både som solist, i kammermusikalske verk og som akkompagnatør.
Sidan 1993 har Okerlund vore tilsett ved Wiener Staatsoper og i 1992 fekk ho ei undervisningsstilling ved musikkonservatoriet i Wien, og frå 2000 også ei eiga korrepetitør-klasse der. Ho har spelt konsertar med m.a. Gruberova og Kirchschlager, og kammermusikk-konsertar med Werner Hink, klarinettisten Roger Salander og Ensemble Wien-Petersburg.
Ho mottok utmerkinga “Den gylne nål” (Goldenen Nadel) av Freunde der Wiener Staatsoper – for innsatsen hennar som repetitør.
Kristin Okerlund har vore med i det kunstnarlege teamet for sommarakademiet vårt Opera ved fjorden heilt frå starten i 2021, og blir i 2025 dermed med for femte år på rad.
Oppdatert oktober 2024