Hopp til innhold

Audun Halvorsen

Den norske fagottisten Audun Halvorsen gjester Opera ved fjorden for første gong i 2024, som mentor og medspelar for treblåsarane, i lag med fløytisten Karl-Heinz Schütz.

Audun Halvorsen (f. 1979) studerte hos Robert Rønnes, Eirik Birkeland og Knut Sønstevold, og Ole Kristian Dahl var coach og mentor i mange år etterpå. Sidan 2006 er Halvorsen solofagottist i DR SymfoniOrkestret i København, ei stilling han også hadde i NDR Sinfonieorchester i Hamburg (2011), Rotterdam Filharmoniske Orkester (2005-2006) og i Norrköping Symfoniorkester (2001-2007).

Som gjestemusikar har Halvorsen spelt i orkester som Luzerne Festival Orchestra, London Symphony Orchestra, Mahler Chamber Orchestra og dei største orkestra i Skandinavia. Han har spelt på kammermusikkfestivalar som Crusell Music Festival, Pracownia Fagocisty-Poznan, Stavanger, Risør, Rosendal og Sandefjord. Han har også halde Meisterklasser ulike stader i Europa and Kina.

Audun Halvorsen underviser også i fagott ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium siaen 2009.

Oppdatert april 2024