Albert Dohmen
Frå Bayreuth til Bjørnafjorden:
Wagner-songaren Albert Dohmen kjem tilbake til Opera ved fjorden også i 2025, for å guide studentane gjennom Valkyrien.
Den tyske bass-barytonen Albert Dohmen kan sjå tilbake på ein lang og internasjonale karriere som songar, etter at han først studerte obo, og deretter jus.
Gjennombrot på Salzburg-festivalen
Det første store gjennombrotet kom i 1997, då han tolka Wozzeck på Salzburg-festivalen, først med Berlin filharmoniske orkester på påskefestivalen, og deretter med Wien filharmoniske orkester på sommarfestivalen – begge versjonar med Claudio Abbado som dirigent og Peter Stein som regissør.
Frå München til The Met
Dohmen har tolka mange andre framståande roller innan sitt stemmefag (som Kurwenal, Amfortas, Den flyvende hollender, Scarpia, Ridder Blåskjegg og Hans Sachs) ved anerkjende operahus som Bastille-operaen i Paris, Covent Garden i London, statsoperaen i München, operahusa i Zürich, Amsterdam, Liceo i Barcelona, statsoperaen i Wien, og operaen i Los Angeles osv. Han husdebuterte ved Metropolitan Opera i New York som Jochanaan i Salome.
Markant tolkar av guden Wotan
Albert Dohmen er også blitt ein markant tolkar av Wagner-rolla Wotan frå Ringen. Guden Wotan dukkar allereie opp i operaen Rhingullet, som er starten på Ring-syklusen, og her er Wagner inspirert av den norrøne guden Odin. I tillegg til Bayreuth, har Dohmen også sunge rolla som Wotan i Trieste, Genève, Catania, ved Deutsche Oper i Berlin og statsoperaen i Wien, ved Den nederlandske operaen i Amsterdam – og ved The Met, for å nemne nokre stader. I mai 2022 debuterte han som Hagen i Götterdämmerung ved statsoperaen i Wien.
Tre ulike roller i Bayreuth
Albert Dohmen debuterte ved Bayreuth-festivalen i 2007 som Wotan / Der Wanderer i Ringen, som også vart vist dei komande åra. Frå 2015 song han også rolla som Alberich. I august 2022 i Bayreuth song han rolla som Hagen i Götterdämmerung (saman med den norske sopranen Elisabeth Teige som Gutrune) – og rolledebuterte som Landgraf i Tannhäuser.
Ettertrakta som konsertsongar
Albert Dohmen er også ettertrakta som konsertsongar: Han har sunge eit stort spenn i bass-repertoaret frå Bach til Schönberg i store konsertsalar og ved internasjonale festivalar.
Mange CD-innspelingar
Blant dei mange CDane han har spelt inn, kan vi nemne Eine florentinische Tragödie av Zemlinsky med Concertgebouw-orkesteret i Amsterdam dirigert av Riccardo Chailly – og dei tre innspelingane saman med dirigenten Sir Georg Solti (Frau ohne Schatten, Fidelio og Meistersinger).
På sommarakademiet Opera ved fjorden i 2024 guide han songstudentane i utdraget frå Rhingullet, og i 2025 er han tilbake, når 1. akt av Valkyrien (Die Walküre) står på programmet. Dohmen skal vere vokalpedagog saman med Solveig Kringlebotn og den svenske barytonen Peter Mattei, og dei to pianistane og vocal coach'ane Kristin Okerlund og Hans-Otto Ehrström frå Wiener Staatsoper.
Hovudkjelde: Hilbert Artists Management
Oppdatert oktober 2024