Hopp til innhold

Maxim Brilinsky

Fiolinisten Maxim Brilinsky er konsertmeister for akademiorkesteret i Opera ved fjorden også i 2024.

Maxim Brilinsky (f. 1985) vart fødd i Lviv i Ukraina. Som 5-åring starta han med fiolin-undervisning ved den lokale musikkskulen, og frå 2000 studerte han vidare hos professor Michael Frischenschlager ved Universität für Musik und darstellende Kunst i Wien. I 2005 studerte han fiolin ved Conservatoire Nationale Superior de Musique et de Dance i Paris med prof. Jean-Jacques Kantorow.

Etter å ha vore konsertmeister for kammerensemblet "Orchestre d'Auvergne" i sesongen 2006/07, byrja han som 2. fiolinist i orkesteret ved Wiener Staatsoper i 2008, før han i 2011 vart han 1. fiolinist same stad . Samtidig vart han ein del av Verein der Wiener Philharmoniker.

Brilinsky var stipendiat ved Herbert von Karajan Centrum i Wien og Der Thyll-Dürr Foundation i Zürich. Han har vunne prisar i fleire renommerte, internasjonale fiolinkonkurransar, m.a. 2. prisen og spesialprisen ved Paganini-konkurransen Premio Paganini i Genova i 2002.

Sidan 2014 har Brilinsky vore gruppeleiar for 1. fiolin i Wiener Philharmoniker. Sidan 2018 har han også vore med i Wiener Hofmusikkapelle, der han no er konsertmeister.

Han har også gitt ut to ulike innspelingar: I 2020 kom Den med Paganinis 24 Capricci and „Nel cor più non mi sento“ på Sony Music, og året etter Eugène Ysaÿes 6 Sonater for solo violin op. 27 Hänssler Classic.

Maxim Brilinsky har halde mesterklasser i Austerrike ved „Meisterklassen Gutenstein“, ved „Kulturwelten“ og også ved sommarakademiet til Wiener Philharmoniker i Salzburg.

Dette blir tredje året Maxim Brilinsky deltek som konsertmeister ved sommarakademiet vårt Opera ved fjorden. I 2022 var han med i siste del av kurset, og i 2023 var han med frå start som konsertmeister.

Oppdatert januar 2024