Hopp til innhold

Karl-Heinz Schütz

Solofløytisten frå Wiener Philharmoniker, Karl-Heinz Schütz, gjestar i 2024 sommarakademiet Opera ved fjorden som spelande lærar for tredje år på rad.

Karl-Heinz Schütz er fødd i Innsbruck og vaks opp i Landeck i Tyrol. Musikkutdanninga tok han Landeskonservatorium i Vorarlberg med Eva Amsler, Conservatoire national supérieur de musique i Lyon med Philippe Bernold, and med Aurèle Nicolet in Switzerland.

Karl-Heinz Schütz er no solofløytist i Wien filharmoniske orkester, og har dermed same stilling også ved statsoperaen i Wien. Tidlegare var han også solofløytist i Stuttgarter Philharmoniker i fire år, og med Wiener Symphoniker frå 2005 to 2011.

Schütz vann førsteprisen ved Carl Nielsen International Music Competition i 1998 og ved International Flute Competition Kraków i 1999. Han har turnert som solist både i Europa og i Japan, i fløytekonsertar både med Wiener Philharmoniker og Wiener Symphoniker, og også med NHK Tokyo og Sapporo symfoniorkester – og under dirigentar som blant andre Daniel Barenboim og Fabio Luisi.

Karl-Heinz Schütz er ein lidenskapeleg kammermusikar, og medlem i ulike kammerensemble i eit repertoar som spenner frå barokk- til samtidsmusikk.

I 2013 overtok han etter Wolfgang Schulz i Ensemble Wien-Berlin og i Wiener Ring Ensemble. Han har spelt på ulike festivalar som i Salzburg, Bregenz, Graz, Montpellier, Rheingau, Sapporoand Prague, blant andre.

Karl-Heinz Schütz underviser i fløyte ved Musik und Kunst Privatuniversität Wien og har også hatt ulike gjesteprofessorat. Han held meisterklasser rundt om i Europa, og er også aktiv med å spele inn musikk, spesielt for Camerata Tokyo, der CDane hans med musikk av Mozart, Prokofjev og Brahms vart utgitt.

Med Academy of St. Martin in the fields med dirigent Sir Neville Marriner gav han ut CDen "20th centuries concerto grosso" på Chandos. Karl-Heinz Schütz er også kunstnarleg leiar ved Horizonte Landeck.

Karl-Heinz Schütz var den første musikaren frå Wien filharmoniske orkester som gjesta Opera ved fjorden tilbake i 2022, og deretter vart også kollegaen Maxim Brilinsky med som konsertmeister. 2024 blir altså tredje året på rad at Schütz kjem til sommarakademiet vårt ved Bjørnafjorden.

Hovudkjelde: Heimesida til Karl-Heinz Schütz (link)

Publisert januar 2024