Hopp til innhold

José Luis Cortell

Hornisten José Luis Cortell kommer til Opera ved fjorden for første gang i 2024, for å være lærer og gruppeleder for messingblåserne i akademiorkesteret.

José Luis Cortell tok ein Bachelor-grad ved Conservatori Superior de Música Joaquín Rodrigo i Valencia i Spania, der han studerte under prof. Miguel Torres, og deretter ein Mastergrad ved Hochschule für Musik und Darstellende Kunst i Frankfurt i Tyskland, der han studerte under prof. Esa Tapani.

Som student spelte han solo horn i fleire ulike ungdomsorkester, som Valencia University Orchestra “OFUV”, Det spanske ungdomssorkesteret “JONDE” og ved Schleswig Holstein Musik Festival (SHMF).

Med jamne mellomrom blir han invitert til å vere vikar på solo horn i ulike symfoniorkester, som Konzerthaus-orkesteret i Berlin og i Det Det finske radiosymfoniorkesteret.

Som 23-åring fekk han si første stilling i eit profesjonelt orkester, då han vart alternerande solo hornist i position i Stadttheater Giessen i Tyskland. I tillegg har Cortell spelt med ulike orkester som West-eastern Divan Orchester, Berliner Symphoniker, Orchester Kamerata Salzburg, Frankfurter Opern-Museumsorchester, Staatstheater Wiesbaden, Helsinki filharmoniske orkester, Orquestra del Palau de les Arts de Valencia, blant andre.

Cortell har halde meisterklasser for horn på ulike musikkhøgskular, slik som College of Music Seoul National University i Sør-Korea, South Korea), Sibelius-akademiet i Finland, Conservatorio Superior de Música de Castellón i Spania, Conservatorio Superior de Música de Alicante i Spania – og HfMDK Frankfurt am Main i Tyskland.

Han har vore med både som utøvar og som jurymedlem ved Lieksa brass week 2022, med International Horn Competition i Finland. Han er både grunnleggjar og medlem av Lumo Quintet (blåsekvintett), som vann 2. prisen ved den trettande Lyon International Chamber Music Competition og vinnarane av beste tolking, ein pris gitt av the Silvestrini Wind Quintet.

I 2016 grunnla Cortell “Valencia International Music Festival”, som han også er leiar for. Denne musikkfestivalen (FIMValencia), samlar kvar sommar meir enn 50 lærarar og utøvarar frå mange framståande universitet og orkester rundt om i verda, og har meir enn 200 deltakarar kvart år.

José Luis Cortell har vore alternerande gruppeleiar i operaorkesteret ved Finlands nasjonalopera i Helsinki sidan 2015. Denne vårsesongen (2024) spelar han også solo horn i Det finske radiosymfoniorkesteret.

Publisert januar 2024