Hopp til innhold

Kva skjer i Rhingullet på Oseana?

Skal du vere med på sommaroperaen søndag 30. juni? Her får du vite kva som skjer i Rhingullet – og bli betre kjend med guden Wotan og dei andre rollene i denne kompakte versjonen av Wagners opera.

Rhingullet (Das Rheingold) er starten på den gigantiske Ring-syklusen av Richard Wagner (1813-1883). Wagner skapte både musikken og teksten til Der Ring des Nibelungen, med inspirasjon frå norrøn og germansk mytologi. På årets sommarakademi Opera ved fjorden får vi oppleve ein forkorta versjon av Rhingullet, med 14 unge songarar i aksjon på scenen, saman med Akademiorkesteret.

Rollelista med namn på alle songarane finn du nederst i denne artikkelen.

HANDLINGA:
Rhingullet opnar med eit forspel i orkesteret som skildrar den mektige elva Rhinen, frå det mørke djupet og opp til dei leikande bølgjene på overflata.

Scene 1: Rhinen

Nede i vatnet ser vi dei tre vakre Rhindøtrene, som vaktar ein magisk gullskatt. Svartalven Alberich dukkar opp og prøver å få napp hos dei tre, men blir avvist. Rhindøtrene røper at den som smir ein ring av gullet, vil bli allmektig, men må samtidig gi avkall på kjærleiken. Såra og bitter er ikkje Alberich i tvil: Han stel gullet!

Scene 2: Hos gudane
Oppe på fjellet held gudane til. Der har ekteparet Wotan og Fricka ei krise, for snart kjem dei to kjempene Fasolt og Fafner for å hente løna si: Dei forlangar å få den yngre søstera til Fricka, ungdomsgudinna Freia, som takk for at dei har bygd ei borg for gudane.

Brørne Froh og Donner prøver å forsvare Freia, men blir stoppa av Wotan: "Halt, du Wilder! Nichts durch Gewalt!" (Stopp, du villmann! Ikkje bruk vald!)

Den slu halvguden Loke kjem med eit forslag for å løyse konflikten: Han fortel om Alberich, som har røva gullskatten frå Rhindøtrene. Kva med å bruke dette gullet som betaling til kjempene i staden for Freia?

Dei to kjempene tar med seg Freia som pant, og seier dei kjem tilbake same kveld. Loke og Wotan bestemmer seg for å reise til svartalvane i Nibelheim for å finne gullet.

Scene 3: Nibelheim
Under jorda, i Nibelheim, kranglar dei to brørne og svartalvane Mime og Alberich: Mime har etter ordre frå Alberich smidd ein ring av gullet, og også laga ein magisk hjelm som kan forvandle den som ber han, til kva som helst, og også gjere han usynleg. Men makta frå gullet har gjort Alberich til ein tyrann.

Broren Mime fortel heile historia til Wotan og Loke, som no har klart å kome seg ned til Nibelheim – og Wotan og Loke klarer å få med seg gullet. (I neste del, som ikkje er med i versjonen på Oseana, kastar Alberich kastar ei forbanning over ringen, slik at død og ulukke vil følgje den som eig han.)

Scene 4: Hos gudane igjen

Oppe på fjellet har no gudane mista dei ungdommelege kreftene sine, fordi Freia framleis er fanga. Men kjempene Fasolt og Fafner kjem tilbake og seier at dei vil sleppe Freia fri, om dei får så mykje gull at det dekkjer heile kroppen hennar. Det går nesten, berre ringen manglar for at Freia skal bli heilt dekt. Men Wotan nektar å gi frå seg ringen.

Så stig sjølvaste urmora Erda opp frå jorda: "Weiche, Wotan, weiche!" (Vik unna, Wotan!) Ho ber Wotan om å vike unna forbanninga frå ringen, elles spår ho at undergangen vil kome for gudane. Men Wotan bryr seg ikkje, og Erda forsvinn igjen.

Likevel, når Wotan høyrer dei fortvila ropa frå Freia, smeltar hjartet hans, og han gir frå seg ringen. Gudane får kreftene igjen, medan dei to kjempene jublar over gullskatten. Men idyllen varer ikkje lenge, for kjempene slåst om gullet, og det endar med at Fafner drep sin eigen bror Fasolt, og stikk av med skatten: Forbanninga frå ringen har kravd sitt første offer.

Wotan er djupt rysta, medan Donner svingar hammaren for å feie himmelen fri for tåke. Etter dunder og brak høyrer vi det kjende regnboge-motivet i musikken, for no gjer gudane og Loge seg klare til å gå over ei glitrande regnboge-bru opp til den nybygde borga. Wotan fortel stolt at borga skal heite Valhall – men nede i djupet av Rhinen klagar Rhindøtrene over gullet dei har mista.

ROLLENE I RHINGULLET PÅ SOMMARAKADEMIET 2024:

DEI TRE RHINDØTRENE
Woglinde: Julie Sofie Storemyr (sopran)
Wellgunde:
Sara Aasen (sopran)
Flosshilde:
Christina Jønsi (mezzosopran)

GUDAR OG GUDINNER
Wotan:
Kristoffer Töyrä (bass-baryton)
Wotan er guden over alle gudar, og er inspirert av den norrøne guden Odin
Fricka:
Cecilia Lund Tomter (mezzosopran)
Ekteskapsgudinna Fricka (Frigg) er kona til Wotan, og søster til Freia, Froh og Donner.
Freia: Melissa Baug (sopran)
Freia er den yngre søstera til Fricka, og gudinne for kjærleik og evig ungdom. Wagners Freia er ei blanding av kjærleiksgudinna Frøya og ungdomsgudinna Idun.
Loge: Robert Skovly (tenor)
Halvguden Loge er både slu og smart, og liknar på Loke i norrøn mytologi
Froh:
Jostein Fahre (tenor)
Froh (Frøy) er den milde broren til Freia, og gud for vår og fruktbarheit
Donner: Eirik Krokfjord (baryton)
Den temperamentsfulle Donner er også bror til Freia, og inspirert av den norrøne guden Tor
Erda: Frida Lund-Larsen (alt)
Erda er sjølvaste urmora, og gudinna for jord og visdom

SVARTALVAR (NIBELUNGEN)
Alberich:
Simon Thorbjørnsen (baryton)
Den maktsjuke Alberich liknar på Andvare i norrøn mytologi, og også på Gollum i Ringenes herre av Tolkien.
Mime:
Endre Dahl (tenor)
Mime er bror til Alberich, og ein dyktig smed

KJEMPER (RIESEN)
Fasolt
: Johann Dornwald (bass)
Fafner:
Viktor Shevchenko (bass)
Kjempene Fasolt og Fafner er brør, og gler seg til å få gudinna Freia som løn for at dei bygde borga Valhall for gudane. Fafner liknar på Fåvne (Fáfnir) i norrøn mytologi – dvergen som forvandlar seg til ein drake.

Tekst: Møyfrid Engeset – Bergen Nasjonale Opera 2024

Siste nyheter

Albert Dohmen og Eivind Gullberg Jensen

Wagner-legenden ser fremtiden på Os

- Umiddelbart synes jeg dette var en strålende idé, forteller en av vår tids fremste Wagner-tolkere, sangeren Albert Dohmen. Han er en av lærerkreftene i dette årets Opera ved fjorden.

NHB 3 damer 1

Fantasifulle kostymer

Få en sniktitt på kostymene til Tryllefløyten og Rhingullet, som fremføres på Opera ved fjorden sommerakademi i juni!

Eivind Gullberg Jensen OVF24

Setter rekord med eventyrlig sommerakademi

- Eventyrene står i fokus når verk av to av de mest kjente operakomponistene skal fremføres under Opera ved fjordens to konserter, forteller operasjef Eivind Gullberg Jensen.

Annika Beinnes ariekonsert Opera ved fjorden

Wagner-opera og favorittarier

På den storslåtte avslutningen av årets sommerakademi Opera ved fjorden byr vi på sangernes favorittarier og ikke minst høydepunkt fra Wagners Rhingullet!