Hopp til innhold

Asle og Alida

Asle og Alida

Spilleperiode

29. mars - 04. april

Sted

Grieghallen

Billetter

150 - 900 NOK

Verdspremiere! Våren 2025 gjev vi deg kjærleikshistoria om Asle og Alida, med tekst av Nobelpris-vinnaren Jon Fosse og tonar av Bent Sørensen.

Velkomen til verdspremiere på operaen Asle og Alida, signert forfattaren Jon Fosse og komponisten Bent Sørensen. Den kjende regissøren og Fosse-spesialisten Sofia Adrian Jupither skal gje scenisk liv til denne tidlause og gripande forteljinga her i Bergen.

Fleire år før Jon Fosse mottok Nobelprisen i litteraturen i 2023, vart han spurd av den då påtroppande operasjefen Eivind Gullberg Jensen i Bergen Nasjonale Opera om å skapa teksten til ein ny opera. Fosse valde kjærleikshistoria frå Trilogien, om dei to fattige tenåringane Asle og Alida som seglar inn til byen Bjørgvin. Dei leitar etter ei trygg hamn i ei hard verd, og søkjer trøyst i musikken og i kvarandre. Når alle nektar å opna dørene for den unge felespelaren og den gravide kjærasten hans, tek han drastiske val.

"For mig handler operaen om de tre bibelske begreber: Tro, Håb og Kærlighed, og frem for alt om sammensmeltningen mellem de tre. Troen på håbet, håbet om kærlighed, og som altid: Størst af alt er kærligheden. I Asles og Alidas tilfælde rækker kærligheden så ud over døden - døden skiller dem ikke ad. Musikken forsøger at fange den skønhed og gru, der ligger i kampen for kærligheden." Bent Sørensen

Den kjende skodespelaren Frank Kjosås er ein av solistane i operaen. Åsleik er hovudsakleg ei talerolle, men også med song-innslag. Her fortel Kjosås kvifor han takka ja til rolla som Åsleik:

ASLE OG ALIDA
Opera i to akter
Verdspremiere

Bent Sørensen / Musikk
Jon Fosse / Libretto
etter Trilogien av Jon Fosse

KUNSTNARLEG TEAM
Johannes Gustavsson / Dirigent
Sofia Adrian Jupither / Regi
Erlend Birkeland / Scenografi
Maria Geber / Kostymedesign
Ellen Ruge / Lysdesign
Emi Stahl / Videodesign
Håkon Matti Skrede / Kormeister

MEDVERKANDE
Wiktor Sundqvist
/ Asle
Louise McClelland Jacobsen
/ Alida
Johannes Weisser
/ Den eldre mannen
Randi Stene
/ Den eldre kvinna
Christina Jønsi
/ Den yngre kvinna
Frank Kjosås
/ Åsleik
Alma Kraggerud
/ Felespelar

Bergen Filharmoniske Orkester
Edvard Grieg Kor

Verdspremiere i Grieghallen laurdag 29. mars 2025 kl. 18
Vert også spela 31. mars, 2. og 4. april kl. 19

Vert framført på norsk, og teksta på norsk og engelsk
Varer om lag  2 timar og 15 minutt, inkludert 30 minutt pause etter 1. akt

Innleiing ved Gunnar Danbolt ein time før kvar framsyning i Grieghallens foajé i 2. etasje

Ein ny produksjon frå Bergen Nasjonale Opera, i samarbeid med Det Kongelige Teater i København.
Presentert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Musikkselskapet Harmonien og Edvard Grieg Korene.

Etter verdspremieren i Bergen vert Asle og Alida spela i København i mai og juni 2025

Relaterte nyheter

Stolt Eivind på verdspremieren til Asle og Alida

Stolt operasjef

Aldri har eg vel vore stoltare operasjef enn eg var i går kveld, etter verdspremieren på Asle og Alida.

Sofia Adrian Jupither

- Jeg elsker måten han skriver på

- Trilogien er blant verkene som har berørt meg aller mest av alle bøkene jeg noensinne har lest, forteller regissør Sofia Adrian Jupither.

Kostyme Asle Alida Maria Geber web

Ei tidlaus historie

Forteljinga om Asle og Alida er tidlaus - det har kostymedesignar Maria Geber brukt mykje tid på å få fram i kostyma til songarane.

Asle og Alida - Louise og Wiktor

Endelig i gang!

Det er fem uker til verdenspremieren på Jon Fosse-operaen Asle og Alida og denne uken møttes sangerne for første gang til prøvestart.

Asle og Alida - Musikk av Bent Sørensen

Første korprøve

Denne uken startet Edvard Grieg Vokalensemble innstuderingen av Bent Sørensens helt nye musikk til Asle og Alida.

Medvirkende


Samtlige spilledatoer


29/03 Lørdag 18.00
Grieghallen Overstått forestilling
Overstått forestilling
31/03 Mandag 19.00
Grieghallen Overstått forestilling
Overstått forestilling
02/04 Onsdag 19.00
Grieghallen Overstått forestilling
Overstått forestilling
04/04 Fredag 19.00
Grieghallen Overstått forestilling
Overstått forestilling