Hopp til innhold

Kva skjer i Asle og Alida?

Klarer du ikkje å vente til verdspremieren i Grieghallen? Her er handlinga i operaen Asle og Alida.

Nokre har samanlikna Asle og Alida med det kriminelle paret Bonnie & Clyde, andre med Josef og Maria i Juleevangeliet – medan Jon Fosse sjølv har kalla den første forteljinga (Andvake) i Trilogien for “heidensk”.

Her er eit enkelt samandrag av librettoen til operaen Asle og Alida, som Fosse har skrive – og som den danske komponisten Bent Sørensen deretter har tonesett.

AKT 1

Det er seint på hausten, og det unge paret Asle og Alida går rundt i byen Bjørgvin og bankar på dørene for å finne seg ein stad å bu. Men ingen vil sleppe dei inn. Alida er høggravid, og kan føde kva dag som helst. Dei to har segla langt sørover frå heimstaden, og Alida byrjar å angre på at dei reiste derifrå.

Dei drøymer seg tilbake til den første gongen dei møttest, då Asle var spelemann i eit sommarbryllaup der heime – og dei begge opplevde svevet: Dei vart løfta opp av musikken og av kjærleiken – og sidan har det vore dei to: Asle og Alida.

Endeleg er det nokon som opnar ei dør i Bjørgvin. Men Den eldre kvinna seier at dei skulle skamme seg over å leve i synd, og at dei skal dra seg heim dit dei kjem frå. Litt seinare møter dei Den yngre kvinna, som er svært interessert i Asle, men skjeller ut Alida. Betre går det ikkje når dei møter Den eldre mannen. Han har mange rom i herberget sitt, men helst berre til Alida – og ikkje til Asle.

Så oppdagar dei Den eldre kvinna igjen, ved det vesle huset hennar, og ber innstendig om rom for natta. Men Den eldre kvinna gjer berre narr av Alida og tilstanden hennar, og Asle tek eit drastisk val.

No har Asle og Alida endeleg ein stad å bu, og Den eldre kvinna er forsvunnen.
Og så kjem sonen, vesle Sigvald, til verda.

AKT 2
Det er vinter, og Asle og Alida har no flytta frå Bjørgvin, og bur ved ein fjord. Asle reiser likevel til byen igjen, og har seld den kjære fela si for å kunne kjøpe gifteringar til seg og Alida. Der møter han Den eldre mannen igjen, som ikkje gjev han fred. Den yngre kvinna kjem også, og flørtar med og plagar Asle. Så dukkar ein ny person opp: Åsleik frå Vik, som meiner han kjenner Asle frå før, og som viser han eit nydeleg armband han har kjøpt til “Ho eg eingong skal møta”.

Den eldre mannen blandar seg inn, og snakkar om tre ulike mord som skal ha skjedd, både lenger nord og her i Bjørgvin. Kan Asle stå bak? Den eldre mannen får Åsleik til å hjelpe seg, slik at Asle kan bli førd til Meistermannen: Han som hengjer folk.

Alida ventar og ventar på Asle, som ikkje er komen heim til henne og vesle Sigvald. Til slutt går ho den lange vegen til Bjørgvin, der ho heilt utsliten møter Åsleik. Han tilbyr henne mat og husrom i båten sin. Ja, ho kan gjerne bli med han heim, der han bur åleine på garden sin. Han gjev Alida det vakre armbandet, og avslører at han såg då Asle vart hengd. Han fortel også at i båten har han ei fin fele han har skaffa seg, som vesle Sigvald kan få.

Alida høyrer ei stemme som seier at ho kan følgje med Åsleik.

Denne artikkelen vart publisert i februar 2025

Siste nyheter

Asle og Alida - Musikk av Bent Sørensen

Første korprøve

Denne uken startet Edvard Grieg Vokalensemble innstuderingen av Bent Sørensens helt nye musikk til Asle og Alida.

Don Giovanni web Foto Magnus Skrede

ETTERSØKT: Il Commendatore

Vil du spele rolla som gjenferd, og med myndig røyst skremme din eigen mordar? Vi søkjer no ein bass som kan fylle rolla som Il Commendatore i operaen Don Giovanni under sommarakademiet vårt i juni.
SØKNADSFRIST: 23. FEBRUAR

Paradis skole Amahl

Til Paradis med sang

Like før jul skal familieoperaen Amahl og de tre vise menn settes opp i Grieghallen, og barneskolene i Bergen har fått melde seg på operakurs og generalprøve.