Bent Sørensen
Den danske komponisten Bent Sørensen får urframført operaen Asle og Alida her i Bergen, med tekst av Jon Fosse
– For mig handler operaen om de tre bibelske begreber: Tro, Håb og Kærlighed, og frem for alt om sammensmeltningen mellem de tre. Troen på håbet, håbet om kærlighed, og som altid: Størst af alt er kærligheden. I Asles og Alidas tilfælde rækker kærligheden så ud over døden - døden skiller dem ikke ad. Musikken forsøger at fange den skønhed og gru, der ligger i kampen for kærligheden. (Bent Sørensen om operaen Asle og Alida)
Den danske komponisten Bent Sørensen (fødd juli 1958) studerte komposisjon hos Ib Nørholm og Per Nørgård. Gjennombrotet som komponist fekk han med verket Alman, urframført av strykekvartetten Arditti. Deretter har han skrive ei rekkje verk, og er no rekna som ein av dei fremste komponistane i Norden.
I 1996 fekk han Nordisk Råds Musikkpris for fiolinkonserten Sterbende Gärten. Han har også motteke mange andre prisar. I 2004 vart hans første opera: Under Himlen – med libretto av Peter Rasmussen – urframført ved Det Kongelige Teater i København. Asle og Alida blir dermed hans andre opera, litt over tjue år seinare.
I 2007 var han årets festspelkomponist under Festspillene i Bergen. Verket hans Sounds Like You (2008) for skodespelarar og symfoniorkester, hadde premiere under Festspillene i Bergen i 2009, med Eivind Gullberg Jensen som dirigent.
Hans andre klaverkonsert La Mattina (2009) vart komponert for pianisten Leif Ove Andsnes, og han har også skrive ein trompetkonsert for Tine Thing Helseth og ein klarinettkonsert for Martin Fröst.
Bent Sørensen er også professor i komposisjon ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium og gjesteprofessor ved The Royal Academy of Music i London.
For Oslo Kammermusikkfestival har han komponert Matteuspasjonen, som skulle ha blitt urframført i 2020, men som pga korona-situasjonen vart utsett, og urframført digitalt, utan publikum, året etter. Teksten er ikkje berre frå Matteusevangeliet, men også andre bibelske tekster – pluss poesi av mellom andre Edith Södergran, Anna Akhmatova, Emily Dickinson og danske lyrikaren Søren Ulrik Thomsen. Matteuspasjonen er også spelt inn på plate med Det Norske Solistkor og Ensemble Allegria. I mars i år (2025) blir hans Johannespasjon del 1 (kalla sesong 1) urframført på same festival. Del 2 / Sesong 2 av Johannespasjonen er planlagt framført i 2026.
Du kan lese meir om Sørensen (på engelsk) på heimesida hans (lenke)
Denne artikkelen vart oppdatert februar 2025