Hopp til innhold

Frank Kjosås

Frank Kjosås har rolla som Åsleik i verdspremieren på operaen Asle og Alida her i Bergen våren 2025

– Eg seier aldri ja til noko eg ikkje har positive forventingar til - og dette var ein sånn: Det er Jon Fosse. Det er Vestlandet. Det er Bergen Nasjonale Opera. Då tenkjer eg: What's not to like?
(Frank Kjosås i intervju då det vart kjent at han hadde sagt ja til rolla som Åsleik.)

Skodespelaren og songaren Frank Kjosås frå Øystese i Hardanger er utdanna frå musikkteaterlinja ved Bårdar Akademiet og skodespelarlinja ved Kunsthøgskolen i Oslo (2006), og før det gjekk han på Romerike Folkehøgskole.

Kjosås har gjort ei rekkje store musikalske roller ved Det Norske Teatret, mellom andre Woof i Hair, tittelrolla både i Peter Pan og Sweeney Todd, Judas i Jesus Christ Superstar, og Kevin Price i The Book of Mormon. Han har også spelt Adolf Hitler i Mein Kampf og Jesus i Bibelen. I Songfuglen, bygd på romanen av Jan Roar Leikvoll, spelte han hovudrolla som Jakoba.

I tillegg til dei mange rollene på Det Norske Teatret, har han m.a. også spelt Hamlet ved Hålogaland Teater, og Dovregubben i Peer Gynt på Gålå. I 2018 debuterte han som regissør ved Det Norske Teatret med framsyninga L.I.F.E.G.O.E.S.O.N.

I 2013 vart Frank Kjosås kjent for rolla som Fred i TV-serien Halvbroren på NRK, ein innsats han også blei heidra med Gullruten for, som beste mannlege skodespelar. Serien Halvbroren er bygd på romanen av Lars Saabye Christensen. I 2018 hadde Kjosås rolla som Knut Haukelid i serien Kampen om tungtvannet på NRK. Han har også rolla som Økokrim-etterforskaren Jan Erik Hartmann i TV-serien Exit.

I 2023 reality-debuterte Kjosås på TV2 i serien Kokkeskolen med Truls og Hellstrøm. Våren og hausten 2024 spelte han Ivar Aasen i Spynorsk. The Musical på Det Norske Teatret, med tekst av Are Kalvø og musikk av Ingrid Bjørnov. Hausten 2024 var han også sjå på Netflix, i den nye dramaserien Milliardærøya.

Denne våren (2025) spelar Kjosås også i teaterstykket Kool Kool Kina av Aleksa Okanovic på Vega Scene i Oslo, som blir spela t.o.m. 18. mars. Og deretter er han med i ein opera for første gong, når han entrar scenen i Grieghallen som Åsleik i verdspremieren på Asle og Alida. Åsleik er hovudsakleg ei talerolle, men med song-innslag.

2026 blir Kjosås å sjå på Netflix igjen, som ein av skodespelarane i krimserien om Harry Hole.

Oppdatert mars 2025