Jon Fosse
Nobelprisvinnaren Jon Fosse har skrive librettoen til operaen Asle og Alida, som har verdspremiere her i Bergen 29. mars 2025
Jon Fosse (fødd september 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. I over førti år har han skrive i ulike sjangrar: romanar, dramatikk, lyrikk, kortprosa, essay og barnebøker. Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse har fått ei rekkje prisar både i inn- og utland. Hausten 2023 vart han tildelt Nobelprisen i litteratur.
Her kan du sjå – og også lese – Nobelførelesinga som Fosse heldt i desember 2023, og som han seinare også fekk prisen Årets tale for. Det rørte mange at han i starten av førelesinga fortalde ope om redsla for høgtlesing, med ein konkret episode frå ungdomsskulen:
Heimesida til The Nobel Prize (med video, og også PDFar til talen på engelsk, norsk og svensk)
Frå Strandebarm til Slottsparken
Jon Fosse voks opp på eit småbruk i Strandebarm i Hardanger. Han spelte gitar, og var med i fleire år med i eit band der som hadde fleire ulike namn, m.a. Rocking Chair. Han gjekk på gymnas i Øystese og studerte ved Universitetet i Bergen. Fosse er cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap. Han har heile sitt vaksne liv hovudsakleg vore forfattar på fulltid, men har òg arbeidd som journalist, lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og som litterær konsulent. I dag er Fosse busett i Oslo. I 2011 vart han tildelt statens æresbustad Grotten, som ligg i Slottsparken. Fosse bur også dels i Hainburg an der Donau i Austerrike og på Frekhaug ved Bergen.
Litterær debut med novelle
Fosse debuterte som 23-årig student i Bergen som romanforfattar med Raudt, svart (1983), men han ser sjølv på novella "Han" trykt i studentavisa Studvest i Bergen i 1981 som sin eigentlege litterære debut. Allereie i den novella finst mykje av det som karakteriserer Fosses tekstar: repetisjonar, indre monologar, ein suggererande og musikalsk skrivestil. På 80-talet gav Fosse ut prosa, dikt og barnebøker, men det store gjennombrotet som forfattar kom med romanen Naustet frå 1989.
Drama som openberring
Etter at Fosse hadde etablert seg som romanforfattar, poet, essayist og barnebokforfattar, vart han også dramatikar. Fosse uttrykte skepsis til teateret, men skreiv likevel dramatikk for fyrste gong i 1992. Han har seinare skildra det som den største openberringa i sitt forfattarliv. Det aller fyrste stykket Fosse skreiv, var Nokon kjem til å kome, men Og aldri skal vi skiljast er det fyrste Fosse-stykket som vart spelt på ei scene. Det skjedde på Den Nationale Scene (Lille Scene) i Bergen i februar 1994, med Kai Johnsen som regissør.
Internasjonalt gjennombrot
Fosse skreiv dramatikk i eit rasande tempo på denne tida og fekk raskt innpass på dei viktige norske scenene. Etter berre få år vart også dramatikken hans sett opp i utlandet. Det verkelege internasjonale gjennombrotet kom i 1999. Den franske regissøren Claude Régy sette opp Nokon kjem til å kome i Nanterre utanføre Paris. Året etter spelte det anerkjende Berlin-teateret Schaubühne Namnet på Festspela i Salzburg. Dei to oppsetjingane var med på å bana vegen for dramatikken til Fosse internasjonalt.
Fosse har skrive over 40 teaterstykke, til dømes Namnet, Vinter, Ein sommars dag, Draum om hausten, Dødsvariasjonar, Svevn og Eg er vinden. I dag er teaterstykka til Jon Fosse spelte over heile verda.
Nordisk råds litteraturpris for Trilogien
Fosse er internasjonalt mest kjend som dramatikar, men han har han heile tida skrive litteratur i andre sjangrar av uvanleg høg kvalitet, slik som romanane Melancholia I og II om målaren Lars Hertervig; Morgon og kveld, der Fosse skriv om den dagen Johannes vert fødd og døyr; og Trilogien, som er sett saman av dei tre delane Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd. Trilogien er ei vakker og urovekkjande forteljing om spelemannen Asle og kjærasten Alida. I 2015 fekk Fosse Nordisk råds litteraturpris for dette verket.
Operaen Asle og Alida er bygd på Trilogien, og Jon Fosse har sjølv skrive librettoen.
Også omsetjar
Jon Fosse er også kjem som omsetjar, særleg frå tyskspråkleg litteratur. Til dømes har han omsett Prosessen, og også forteljingar, av Franz Kafka. Han har også laga ein scenisk versjon av dikta i Den eldre Edda, og også omsett fleire soger.
Storverket Septologien
Det aller mest omfattande prosaverket Jon Fosse har skrive til no, er Septologien (2019–21), som han starta på i 2015. Dette verket kom til etter at Fosse tok pause frå dramatikken, men også etter at forfattaren konverterte til katolisismen i 2013. Fosse kallar skrivemåten i verket "langsam prosa". Det er prosa med transportetappar, skildringar og refleksjonar, sjølve negasjonen til det raske dramaet. Verket er omsett til over 20 språk og har hausta glitrande kritikkar både innanlands og utanlands.
For Septologien har Jon Fosse fått ei rekkje prisar. Mellom anna Brageprisen og Kritikarprisen. Han har også kome på kortlista til den internasjonale Bookerprisen og den amerikanske National Book Award.
Fleire nye teaterstykke
Dessutan er dramatikkpausen over, Fosse skriv på nytt for teater. Frå 2020 har det vore urpremiere på minst tre nye teaterstykke. Det heilaftans teaterstykket Einkvan hadde urpremiere i april 2024 på Det Norske Teatret.
Den til no nyaste prosaboka frå Jon Fosse kom våren 2023, forteljinga Kvitleik, ein roman om grensa mellom liv og død. Teaterstykket I svarte skogen inne – som har ein god del til felles med romanen Kvitleik – hadde urpremiere ved Det Vestnorske Teateret under Festspillene i Bergen i mai 2023.
Romanen Vaim kjem i haust
I følgje Samlaget kjem den første delen i ein ny serie av Jon Fosse ut hausten 2025: Vaim, Vaim Hotell og Vaim Vekeblad. Bøkene kjem ut hausten 2025, 2026 og 2027. Tekstane tek alle utgangspunkt i den fiktive staden Vaim på Vestlandet. Jon Fosse hadde byrja på Vaim-sogene då han fekk Nobelprisen i litteratur, men har fullført dei tre bøkene i etterkant av prisutdelinga. Dei fire handskrivne notatbøkene, som var starten på Vaim, vart gåva som han gav Nobelmuseet i samband med prisutdelinga.
Hovudkjelde: forlaget Samlaget (lenke) – etter avtale mellom Bergen Nasjonale Opera (BNO) og Samlaget. Teksten er redigert av BNO og oppdatert i februar 2025.
Du kan også fordjupe deg i forfattarskapen til Fosse hos Nasjonalbiblioteket (lenke)