Louise McClelland Jacobsen
Den unge sopranen har fått tildelt den kvinnelege tittelrolla i operaen Asle og Alida, som har verdspremiere her i Bergen våren 2025
Den dansk/newzealandske sopranen Louise McClelland Jacobsen (fødd 1997) song i barnekor frå ho var 5 år, og spelte fiolin fram til ho var 16 år – før ho satsa på songen. Begge foreldra var musikarar i DR Symfoniorkestret: Mora som fiolinist, og faren som hornist. Ho fullførte mastergraden ved Operaakademiet i København våren 2023. Før dette tok ho ein bachelor ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium og var også Erasmus-student ved Hochschule für Musik und Theater i Hamburg.
McClelland Jacobsen bur no i København, og er med i Young Artist-programmet (YAP) ved Det Kongelige Teater.
Ho debuterte som solist med DR SymfonIorkestret i 2018, og skal også opptre med orkesteret i juni i år (2024). Scenedebuten hennar ved Det Kongelige Teater i København var som 5. Magd i Elektra av Strauss i mars 2018. Deretter song ho rolla som Prestinne (Una sacerdotessa) in Verdis Aida. Ho har også sunge med orkester og ensemble som Concerto Copenhagen, Ensemble Storstrøm, Det Kongelige Kapel, Jönköpingas Sinfonietta, ensemble Theatre of Voices – og har planar om å også opptre med m.a. Copenhagen Phil, Aalborg Symfoniorkester og Ensemble MidtVest.
På Langgaard Festivalen hausten 2022 song ho rolla som kjærleiks- og krigsgudinna Ishtar, i operaen Gilgamesh av Per Nørgård.
Ho har mottatt ulike prisar og stipend, slik som Talentprisen 2022 på DKK 100.000 frå Carl Nielsen og Anne Marie Carl-Nielsens Legat, og Léonie Sonnings Talentpris i 2023. Etter at ho vann den første Rued Langgaard-konkurransen i Danmark i 2021, spelte ho inn si første plate (på DaCapo Records) med songer av Rued Langgaard, saman med pianisten Kristian Riisager. Plata kom ut hausten 2023. I februar 2024 vart ho annonsert som "Årets P2 Talent" av Danmarks offentlege kringkastingsselskap Danmarks Radio (DR).
Repertoaret hennar spenner heilt frå tidlegmusikk til moderne verk, og frå lieder til opera. Ho er også med i Trio Doré, saman med hornisten Lasse Mauritzen og harpisten Zachary Hatcher.
I oktober 2023 rolledebuterte ho som Pamina i Tryllefløyten ved Det Kongelige Teater i København, og våren 2025 kjem ho altså til Bergen for å synge den kvinnelege tittelrolla i verdspremieren på Asle og Alida.
Hovudkjelde: agenturet Ascolta Artists
Publisert april 2024