Hopp til innhold

Wiktor Sundqvist

Den svenske tenoren Wiktor Sundqvist har fått den mannlege tittelrolla i operaen Asle og Alida, som har verdspremiere her i Bergen våren 2025

– Wiktor Sundqvists Licinius höjer temperaturen med sin passionerade tenorstämma, som glänser av ungdomlig eufori och hetta, frimodighet och ömsinthet. (Svenska Dagbladet om rolla som Licinus i operaen La vestale i 2023)

Den svenske tenoren Wiktor Sundqvist tok eksamen i 2015 ved Operahögskolan i Stockholm.

Sundqvist hadde rolla som Kaj i verdspremieren 2018/19 på Snödrottningen av den svenske komponisten Benjamin Staern på Malmö Opera. Tidlegare same stad song han Harlekin i kammeroperaen Döden sägen nej (Originaltittel: Der Kaiser von Atlantis), som er ein kammeropera skriven av Viktor Ullmann. Han tolka også Ahmed i Tusen och en natt av Daniel Fjellström.

Sundqvist husdebuterte sesongen 2021/22 på Kungliga Operan i Stockholm i rolla som Kaj i Snödrottningen – og på Folkoperan i same by song han i tillegg til Ferrando også rolla som Sonen i urframføringa av oratoriet Ålevangeliet.

Året etter song han Don Ottavio i Mozarts Don Giovanni på Norrlandsoperan og han var også med i Kamraternas produksjon av Antonia Walpurgis Amasonernas Drottning, der han tolka rolla som Orontes.

På Folkoperan i Stockholm har Sundqvist sunge rollene som Juan i Don Quichotte av Massenet og Pang i Turandot. Han har også vore engasjert ved GöteborgsOperan der han song Janek i Tilfellet Makropulos (Věc Makropulos) av Janáček, og han har gjesta Wermland Opera i rolla som Alfred i Flaggermusen (svensk tittel: Läderlappen) og også Läckö Slottsteater som Narciso i Rossinis Il turco in Italia.

Sundqvist har også vore med i Piteå Kammaroperas nyskrivne musikkdrama Stilla min Eld. Han har også sunge Don Basilio og Don Curzio i Figaros bryllaup ved Norrlandsoperan.

Sesongen 2022/23 vart innleidd på Confidencen Opera & Music festival i Stockholm der han song Atis i Proserpin av den tysk-svenske komponisten Joseph Martin Kraus. Sundqvist var også Ferrando i Mozarts Così fan tutte på Uppsala Stadsteater, ein samproduksjon med Folkoperan som hadde premiere i 2022 med han i den same rolla. Han song også rolla som den romerske generalen Licinius i Gaspare Spontinis opera La vestale på Teater Tribunalen med det frie operakompaniet Kamraterna.

Han deltok også med i verdspremieren på Sven-David Sandströms Livets Bok og ungdomsoperaen Hion om natten, begge saman med Norrköpings Symfoniorkester.

Sesongen 2023/24 har Sundqvist rolla som Thespis og Merkurius (Mercure) i Rameaus opera Platée på GöteborgsOperan, og i Folkoperans produksjon av Askungen (Askepott / La Cererentola) av Rossini spelar han ein av dei tre hoffmennene.

Hovudkjelde: Braathen Artist Management

Oppdatert september 2024