Hopp til innhold

Asle og Alida er nominert til årets opera i Danmark

Bergen Nasjonale Opera (BNO) og Det Kongelege Teater er nominert i kategorien Årets opera med Asle og Alida.

Årets Reumert er Danmarks største og mest prestisjetunge scenekunstpris. Prisen vert delt ut årleg for å heidra framifrå prestasjonar innan teater, dans, musikal og opera.

Asle og Alida, som hadde urpremiere i Bergen i mars 2025 og sidan vart spela i København, dekkjer på mange måtar alle desse tre skildringane. Teksten til Jon Fosse og musikken til Bent Sørensen vekte internasjonal begeistring, og det same gjorde prestasjonane til songarane i tittelrollane, med danske Louise McClelland Jacobsen og svenske Wiktor Sundqvist i spissen. Samstundes vart også den tidlegare Opera ved fjorden-deltakaren norske Christina Jønsi framheva saman med dei andre songarane.

Stolt Eivind på verdspremieren til Asle og Alida

BNO sin operasjef Eivind Gullberg Jensen dirigerte sjølv framsyningane ved Det Kongelige Teater i København. Det var òg Gullberg Jensen som bestilte verket av Jon Fosse og Bent Sørensen i si tid.

– Det var eit stort privilegium å få setja saman to av dei fremste kunstnarane i Norden, Jon Fosse og Bent Sørensen, i arbeidet med å skapa operaen Asle og Alida – og ei glede å oppleva korleis karakterane i Fosse-trilogien fyrst fekk språk, deretter røyst og tone. Me er veldig glade over mottakinga av dette meisterverket, både i Bergen og København. Asle og Alida slo publikumsrekord for eit Jon Fosse stykke på Vestlandet i tillegg til at nasjonal og internasjonal presse samrøystes hylla operaen. Denne nominasjonen er ei gledeleg forlenging av den responsen, seier operasjef Eivind Gullberg Jensen.

Årets Reumert 2026 vert delt ut sundag 7. juni på Folketeateret i København.

Dette er ei stor hending! Gratulerer så mykje med nominasjonen til alle som har medverka på operaen!

Siste nyheter

La traviata Melissa og Kristina rehearsal 1500x1000 180226 2

Debuterer i solistrolle

Den unge sopranen Melissa Baug kommer fra Radøy via København til sin solistdebut hos Bergen Nasjonale Opera.