Hopp til innhold

Frank Kjosås er med i ein opera for fyrste gong!

Frank Kjosås er med i ein ein opera for fyrste gong!

Han er kjend som ein av Noregs beste skodespelarar, men visste du at Frank Kjosås like gjerne kunne vorte operasongar? Vi har snakka med Frank om kvifor han sa ja til Bergen Nasjonale Opera:

Intervjuet er frå Grieghallen 31. januar 2025, då det vart kjent at Frank Kjosås (lenke til biografien) hadde sagt ja til solistrolla som Åsleik i Asle og Alida. Åsleik er hovudsakleg ei talerolle, men også med song-innslag. Jon Fosse har skrive librettoen, Bent Sørensen har komponert musikken og verdspremieren finn stad i Grieghallen laurdag 29. mars 2025.

Asle og Alida er ein ny produksjon frå Bergen Nasjonale Opera, i samarbeid med Det Kongelige Teater i København.
Presentert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Musikkselskapet Harmonien og Edvard Grieg Korene.

Etter verdspremieren i Bergen blir Asle og Alida spela i København i mai og juni 2025

Siste nyheter

George Benjamin at writing desk credit Matthew Lloyd

Tre livsendrende møter

Den britiske komponisten Sir George Benjamin dirigerte selv verdenspremieren da Written on Skin skrev historie i Aix-en-Provence i 2012, og ekstatiske kritikere proklamerte at «dette er den beste operaen som er skrevet på 20 år». Men historien starter med en sjelsettende opplevelse da han var bare 7 år!

Eivind Gullberg Jensen

– Kva skal eg ha på meg?

Mange lurer på korleis ein skal gå kledd i operaen. Dette får du svar på no, når sjølvaste operasjefen går på den raude løparen!