Sofia Adrian Jupither
Den svenske, prislønte regissøren Sophia Adrian Jupither kjem til Bergen våren 2025 for å regissere verdspremieren på operaen Asle og Alida
Regissøren Sophia Adrian Jupither frå Sverige har eit langt og nært forhold til tekstene av Jon Fosse, etter at ho som 26-åring debuterte som regissør på Helsingborgs Stadsteater med hans skodespel Besøk.
Få år seinare (2006) sette ho opp urpremieren på hans Svevn på Nationaltheatret i Oslo, som ho året etter fekk Heddaprisen for i kategorien beste regi.
18. mai i år (2024) er det premiere på Jupithers tolking av den store kjærleiksoperaen Tristan og Isolde av Richard Wagner på Det Kongelige Teater (DKT) i København. Asle og Alida skal også visast på DKT etter verdspremieren her i Bergen våren 2025.
Oppdatert april 2024