Hopp til innhold

Kven er kven i Asle og Alida?

Her er rollene i operaen Asle og Alida, som har verdspremiere i Bergen laurdag 29. mars.

Asle

Asle – tenoren Wiktor Sundqvist
Asle spelar fele akkurat slik som faren hans gjorde det. No er Asle foreldrelaus, og den høggravide kjærasten Alida er alt for han – og han vil nok også gjere alt for henne. Så har han blod på hendene?

Alida

Alida – sopranen Louise McClelland Jacobsen
Alida ventar barn med kjærasten Asle. Heilt sidan ho høyrde han spele i eit bryllaup, har det vore dei to. Faren hennar forsvann då ho var ei lita jente, og det einaste ho hugsar er røysta hans då han song. No har ho segla langt sørover saman med Asle, og prøver å finne fotfeste i byen Bjørgvin.

Den eldre kvinna

Den eldre kvinna – mezzosopranen Randi Stene
Den første Asle og Alida møter i Bjørgvin når dei leitar etter husrom, er Den eldre kvinna. I romanen Trilogien av Jon Fosse blir ho også kalla Føde-Frøkna (jordmora). Ho skjeller dei ut, og seier at dei lever i synd. Men når dei møter henne igjen, er det slutt på tolmodet til Asle.

Den eldre mannen

Den eldre mannen – barytonen Johannes Weisser
har mange rom i herberget sitt i Bjørgvin, men helst berre for Alida, som han kastar lange blikk etter. Den eldre mannen viser seg å vere farleg for Asle, og er ei drivkraft for å prøve å få den unge felespelaren dømd til døden.

Den yngre kvinna

Den yngre kvinna – mezzosopranen Christina Jønsi
arbeider også i herberget, og prøver å få kloa i den attraktive Asle – men kan ikkje fordra konkurrenten Alida. Seinare kjem ho med den syrlege replikken om at Asle er “den største tosk i Bjørgvin by”.

Åsleik

ÅsleikFrank Kjosås
dukkar opp i 2. akt, og veit tydelegvis noko om fortida til Asle. Og vil han hjelpe eller utnytte den fortvila Alida? Åsleik har eit vakkert armband som han vil gje til “Ho eg ein gong skal møta”, og i båten sin har han noko minst like fint som han lokkar Alida med. Åsleik er hovudsakleg ei talerolle, men også med song-innslag.

Felespelaren

Felespelaren Alma Serafin Kraggerud
er ei musikalsk rolle som er lagt til i operaen av komponisten Bent Sørensen, skrive inn som "solo fiolin" i partituret. Instrumentet er til stades gjennom heile Trilogien av Jon Fosse: Både faren og bestefaren til Asle var spelemenn, og sjølv om Asle sel denne arven for å kunne kjøpe gifteringar til seg og Alida, kjem fela likevel på forunderleg vis tilbake som ei gåve til den vesle sonen Sigvald.

Tekster: Møyfrid Engeset, Bergen Nasjonale Opera (våren 2025)

Siste nyheter

Julien Behr og Sofia Nesje Enger 1

Ble operastjerne ved en tilfeldighet

Den franske tenoren Julien Behr har de siste 15 årene opptrådt i ledende roller på operahus både i Asia, Nord-Amerika og Europa. Men det var egentlig advokat han ønsket å bli.

Eivind Gullberg Jensen 151025 2

Starten av operaløftet?

Bergen Nasjonale Opera fekk i dag ei varig auke i driftstilskot på 1,5 MNOK frå Kulturdepartementet.

Eivind Gullberg Jensen, Kristin Okerlund og Sascha Goetzel

BNO sørger over tapet av Kristin Okerlund

Me i Bergen Nasjonale Opera sørger over det brå og overraskande tapet av Kristin Okerlund, vår kjære ven, samarbeidspartnar og uvurderlege kollega ved Opera ved Fjorden.

From rehearsals Pelleas et Melisande

Temperaturen stiger

Regissør Alan Lucien Øyen og solistene er godt i gang med prøvene til Pelléas og Mélisande, hvor temperaturen stiger for hver dag som går.

Alexandre Duhamel

Operastjernens favorittrolle

Bass-barytonen Alexandre Duhamel er en sanger som bør stå på ønskelisten til enhver operaelsker. 1.-7. november kan du oppleve han som Golaud i Pelléas og Mélisande av Debussy!

Eivind Gullberg Jensen

En opera du blir forført av

- Jeg satt bare med øynene igjen og lyttet til den uendelig vakre musikken, forteller Eivind Gullberg Jensen om Pelléas og Mélisande.