Hopp til innhold

Opera ved fjorden - Torsdagskonsert

Kjøp billetter

Opera ved fjorden - Torsdagskonsert

Spilleperiode

27. juni 2024

Sted

Oseana kunst- og kultursenter

Spilletid

2 time og 40 minutter, inkl. pause

Billetter

100 - 200

Bli kjend med dei unge operasongarane som er utvalde til årets Sommarakademi! Denne torsdagskvelden entrar dei scenen med kvar sin favorittarie, pluss høgdepunkt frå Tryllefløyten av Mozart.

Dei rundt 20 songarane får følgje av årets akademiorkester, med 27 unge musikarar som spelar saman med proffe gruppeleiarar frå leiande symfoni- og operaorkester i Skandinavia og Austerrike. Konsertmeisteren er Maxim Brilinsky, til dagleg 1. fiolinist i Wiener Philharmoniker.

Dirigentstudentane får også prøve seg i aksjon framfor orkesteret, godt guida av operasjef Eivind Gullberg Jensen i lag med dirigentkollegaen Sascha Goetzel frå Wien.

Du får altså oppleve dei unge operatalenta, etter intense øvingsdagar med blant andre Solveig Kringlebotn og Albert Dohmen som vokalpedagogar. Ivar Tindberg er regissør for Tryllefløyten.

Her høyrer du Annika Beinnes synge Je veux vivre av Charles Gounod på Opera ved fjorden sommarakademi 2022, dirigert av akademisten Rasmus Hella Mikkelsen. I år (2024) har Beinnes fått rolla som Pamina i Tryllefløyten på torsdagskonserten:

KVA ER SOMMARAKADEMIET?
Sommarakademiet Opera ved fjorden 22. juni – 30. juni 2024 rettar seg mot unge songarar, orkestermusikarar, repetitørar og dirigentar over 18 år som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Deltakarane får arbeide med dyktige pedagogar, coachar og dirigentar - alle med erfaring frå store operahus og symfoniorkester.

Fotokavalkade frå Opera ved fjorden - Sommarakademi 2021- 2023:

KUNSTNARLEG TEAM 2024

Kunstnarleg leiing: 
Eivind Gullberg Jensen, operasjef for Bergen Nasjonale Opera og sjefdirigent for Noord Nederlands Orkest 
Sascha Goetzel, kunstnarleg leiar for Orchestre National des Pays de la Loire og National Youth Orchestra of Canada, og første gjestedirigent for Sofia Filharmoniske Orkester 

Vokalpedagogar:
Solveig Kringlebotn, sopran og professor i song ved Operahøgskolen og Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo 
Albert Dohmen
, bass-baryton frå Tyskland, m.a. kjend for Ringen-rollene Wotan, Alberich og Hagen ved Bayreuth-festivalen  
Kristin Okerlund, pianist og vocal coach frå Wiener Staatsoper 
Hans-Otto Ehrström
, pianist og vocal coach frå Wiener Staatsoper

Regi-team:
Ivar Tindberg, regissør, tekstforfattar, dramaturg og komponist 
Ann-Terese Aasen, regiassistent, koreograf og regissør

Orkesterpedagogar/gruppeleiarar:  
Stryk:
1. fiolin: Maxim Brilinsky, gruppeleiar 1. fiolin, Wiener Philharmoniker 
2. fiolin:Lucas Takeshi Stratmann, gruppeleiar 2. fiolin, Wiener Staatsoper 
Bratsj: James Opie, alt. gruppeleiar bratsj, Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm 
Cello: Erik Wahlgren, solocellist i Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm
Kontrabass: Patrick Wilder, alt. solokontrabassist i Operaorkesteret, Den Norske Opera & Ballett 
Treblås:
Karl-Heinz Schütz
, solofløytist Wiener Philharmoniker 
Audun Halvorsen
, solofagottist i DR Symfoniorkestret i København
Messing:  
José Luis Cortell
, hornist. Alternerande gruppeleiar, operaorkesteret ved Finlands nasjonalopera i Helsinki . Solohornist i Konzerthausorchester Berlin frå oktober 2024.
Pauker og slagverk:
Manuel Hofstätter*, paukist i Bergen Filharmoniske Orkester 

 *Hofstätter er gjestemusikar, og ikkje orkesterpedagog på akademiet


Opera ved fjorden - Sommarakademi blir arrangert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter, og er støtta av Grieg Foundation, Sparebankstiftelsen DnB, Talent Norge, Vestland fylkeskommune, Sparebank1 SR-Bank og SR-stiftelsen og GC Rieber Fondene.

Relaterte nyheter

Sangere Tryllefloyten collage web

Kva skjer i Tryllefløyten på Oseana?

Skal du vere med på torsdagskonserten 27. juni? Først kan du bli betre kjend med fuglefangaren Papageno og dei andre rollene i denne kompakte versjonen av Mozarts opera.

Samtlige spilledatoer


27/06 Torsdag 18.00
Oseana kunst- og kultursenter, Os Kjøp billetter
Kjøp billetter