Hopp til innhold

Kva skjer i Tryllefløyten på Oseana?

Skal du vere med på torsdagskonserten 27. juni? Først kan du bli betre kjend med fuglefangaren Papageno og dei andre rollene i denne kompakte versjonen av Mozarts opera.

Tryllefløyten (Die Zauberflöte) vart urframført berre få månader før W. A. Mozart døydde i 1791, men musikken sprudlar av ungdommeleg energi. På årets sommarakademi Opera ved fjorden får du oppleve ein spesiallaga versjon av Tryllefløyten, med åtte unge songarar i aksjon, saman med Akademiorkesteret.

Operaen er fullspekka med skjulte symbol, og allereie i ouverturen blir talet 3 brukt musikalsk: Fanfaren skildrar den tredelte bankinga på døra, som er ein del av innviings-ritualet hos frimurarane. Librettoen, altså teksten i operaen, er skriven av Emanuel Schikander, som sjølv var frimurar, og som også hadde rolla som Papageno på urpremieren i Wien, der W. A. Mozart dirigerte.

AKT 1
Papageno: Einar Stefánsson (bass-baryton)
Den muntre fuglefangaren Papageno er den første vi møter i vår versjon av Tryllefløyten. Han fangar fuglar i oppdrag for dei tre strenge hoffdamene til Nattens dronning, og som løn får han mat og drikke. I den kjende arien "Der Vogelfänger bin ich ja" røper Papageno at han også drøymer om å få kloa i ein kjæraste.

Tamino: Ian Marcus Bjørsvik (tenor)
Den unge prinsen Tamino kjem frå eit framandt land, og blir bråforelska i Pamina etter å ha sett eit portrett av henne: "Dies Bildnis ist bezaubernd schön".

Nattens dronning: Olivia Moss (sopran)
Nattens dronning er mor til Pamina, og når ho møter prins Tamino, seier ho at han ikkje må bli redd: "O zittre nicht, mein lieber Sohn!". Ho fortel at Pamina er fanga av ein skurk som heiter Sarastro, og lokkar Tamino dermed til å leggje ut på ei eventyrleg reise for å redde dottera hennar.

1. Dame: Alva Olsson (sopran)
2. Dame: Melike Uludag (mezzosopran)
3. Dame:
Sunniva Fevang (mezzosopran):
Dei tre hoffdamene til Nattens dronning er nok ikkje så edle og reine, men veldig begeistra for prins Tamino. Dei plagar gjerne Papageno og plasserer ein hengelås på munnen hans, i arien "Hm! Hm! Hm!", slik at han skal lære seg å halde kjeft.

AKT 2
Sarastro: Zhengji Han (bass)
Sarastro er sjølvaste ypperstepresten i tempelet, og den største fienden til Nattens dronning. I arien "O Isis und Osiris" ber han gudane om hjelp, slik at prins Tamino og Pamina kan finne den rette vegen til visdom, og bli innvigde.

Tamino og Papageno snik seg rundt i tempelet på leiting etter Pamina, og sjølv om Papegeno har fått streng beskjed av hoffdamene om å vere stille, klarer sjølvsagt ikkje plapremakaren det – medan prins Tamino er standhaftig.

Nattens dronning blir rasande når ho forstår at Tamino er i ferd med å bli ein del av Sarastros brorskap. Dronninga hatar Sarastro, fordi han overtok tempelet og sjølvaste solskiva då ektemannen hennar døydde – og frårøva henne såleis all makt. Nattens dronning gir Pamina ein dolk og forlangar at ho skal drepe Sarastro, elles er ho ikkje dottera hennar lenger: "Der Hölle Rache kocht in meinem Herzen".

Pamina: Annika Beinnes (sopran)
Pamina nektar å følgje den blodige ordren frå mora. Ho møter Sarastro, som fortel om ideala for brorskapet i arien "In diesen heil'gen Hallen". På den vidare vandringa finn Pamina endeleg Tamino, men sidan han ikkje seier eitt einaste ord, blir ho fortvila og trur at han ikkje elskar henne: “Ach, ich fühl’s, es ist verschwunden”.

Tamino og Pamina klarer likevel gjennom kjærleik og klokskap å gå gjennom alle testane, ikkje minst fordi tonane frå den magiske fløyta beskyttar dei.

Papagena: Alva Olsson (sopran) dukkar også opp, og viser seg å vere sjølvaste draumedama for Papageno – og i duetten "Pa pa pa!" er lukka komplett!

Samtidig er Nattens dronning og dei tre damene hennar på veg for å øydelegge Sarastros tempel. Men vondskapen må vike – og Sarastro forkynner at lyset har vunne over mørkret.

Denne artikkelen er oppdatert 31. mai 2024
Tekst: Møyfrid Engeset – Bergen Nasjonale Opera

Siste nyheter

Albert Dohmen og Eivind Gullberg Jensen

Wagner-legenden ser fremtiden på Os

- Umiddelbart synes jeg dette var en strålende idé, forteller en av vår tids fremste Wagner-tolkere, sangeren Albert Dohmen. Han er en av lærerkreftene i dette årets Opera ved fjorden.

NHB 3 damer 1

Fantasifulle kostymer

Få en sniktitt på kostymene til Tryllefløyten og Rhingullet, som fremføres på Opera ved fjorden sommerakademi i juni!

Eivind Gullberg Jensen OVF24

Setter rekord med eventyrlig sommerakademi

- Eventyrene står i fokus når verk av to av de mest kjente operakomponistene skal fremføres under Opera ved fjordens to konserter, forteller operasjef Eivind Gullberg Jensen.

Annika Beinnes ariekonsert Opera ved fjorden

Wagner-opera og favorittarier

På den storslåtte avslutningen av årets sommerakademi Opera ved fjorden byr vi på sangernes favorittarier og ikke minst høydepunkt fra Wagners Rhingullet!