Hopp til innhold

Opera ved fjorden - Ariekonsert

Opera ved fjorden - Ariekonsert

Spilleperiode

29. juni 2023

Sted

Oseana kunst- og kultursenter

Spilletid

1 time og 30 minutter, uten pause

Billetter

100 - 200

Bli kjend med dei 14 unge operasongarane som er utvalde til årets Sommarakademi! Denne torsdagskvelden entrar dei scenen med kvar sin favorittarie. 

Dei 14 songarane får følgje av årets akademiorkester, med 25 unge musikarar som spelar saman med proffe gruppeleiarar frå leiande symfoni- og operaorkester i Skandinavia og Austerrike. Konsertmeisteren er Maxim Brilinsky, til dagleg 1. fiolinist i Wiener Philharmoniker.

Dirigentstudentane får også prøve seg i aksjon framfor orkesteret, godt guida av operasjef Eivind Gullberg Jensen i lag med dirigentkollegaen Sascha Goetzel frå Wien.

Du får altså oppleve dei unge operatalenta, etter intense øvingsdagar med blant andre Solveig Kringlebotn som vokalpedagog.

Ariekonserten torsdag varer ca. 1 ½ time, utan pause.

Her hører du Annika Beinnes synge Je veux vivre av Charles Gounod på Opera ved fjorden sommerakademi 2022:

KVA ER SOMMARAKADEMIET?
Sommarakademiet Opera ved fjorden 24. juni - 1. juli 2023 rettar seg mot unge songarar, orkestermusikarar, repetitørar og dirigentar over 18 år som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Deltakarane får arbeide med dyktige pedagogar, coachar og dirigentar - alle med erfaring frå store operahus og symfoniorkester.

Fotokavalkade frå Opera ved fjorden - Sommarakademi 2021 og 2022:

KUNSTNARISK TEAM 2023

Kunstnarisk leiing:
Eivind Gullberg Jensen, operasjef for Bergen Nasjonale Opera og sjefdirigent for Noord Nederlands Orkest
Sascha Goetzel, kunstnarisk leiar for Orchestre National des Pays de la Loire og National Youth Orchestra of Canada, og første gjestedirigent for Sofia Filharmoniske Orkester

Regissør:

Ivar Tindberg
, regissør, tekstforfattar, dramaturg og komponist

Vokalpedagogar:
Solveig Kringlebotn, sopran og professor i song ved Operahøgskolen og Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo
Kristin Okerlund
, pianist og vocal coach frå Wiener Staatsoper
Hans-Otto Ehrström
, pianist og vocal coach frå Finlands nasjonalopera i Helsinki

Orkesterpedagogar/Gruppeleiarar:
1. fiolin: Maxim Brilinsky, gruppeleiar 1. fiolin, Wiener Philharmoniker
2. fiolin: Miriam Bergset, fiolinist i Ensemble Allegria, og elles frilans musikar
Bratsj: James Opie, alt. gruppeleiar bratsj, Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm
Cello: Kati Raitinen, solocellist, Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm
Kontrabass: Patrick Wilder, alt. solokontrabassist i Operaorkesteret, DNO&B
Treblås:
Karl-Heinz Schütz, solofløytist Wiener Philharmoniker
Steffen Blindheim, solo engelsk horn og oboist i Malmö SymfoniOrkester
Messing: Rune Brodahl, solohornist i Operaorkesteret, DNO&B

Opera ved fjorden - Sommarakademi blir arrangert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter, og er støtta av Grieg Foundation, Sparebankstiftelsen DnB, Talent Norge, Vestland fylkeskommune og GC Rieber Fondene.

Samtlige spilledatoer


29/06 Torsdag 18.00
Oseana kunst- og kultursenter, Os Overstått forestilling
Overstått forestilling