Hopp til innhold

Tre frå Wien-filharmonien til Sommarakademiet på Oseana

Studentane på årets sommarakademi "Opera ved fjorden" får opptre saman med kremen av orkestermusikarar frå Wien og Norden.

Er du ein av dei mange millionane som starta det nye året med å sjå nyttårskonserten med Wien-filharmonien på tv? I juni kjem tre musikarar frå dette renommerte orkesteret for å å vere lærarar på Sommarakademiet vårt "Opera ved fjorden" på Oseana.

Solofløytisten Karl-Heinz Schütz var den første frå Wien filharmoniske orkester som besøkte Bjørnafjorden i 2022 med den japanske gullfløyta si, både for å spele i lag med – og coache – dei unge studentane. Då det undervegs i akademiet vart behov for ein konsertmeister-vikar, kontakta Schütz sin gode kollega Maxim Brilinsky, som reiste frå Wien på kort varsel og leia orkesteret på begge konsertane på Oseana.

For 1. fiolinisten Brilinsky gav dette tydelegvis meirsmak, for han stilte som konsertmeister på Sommarakademiet også i fjor – og har også sagt ja i år, saman med Karl-Heinz Schütz. Og som ikkje dét er nok: I år har dei to lokka med seg ein tredje mann frå Wien-filharmonien, som også blir den yngste gruppeleiaren: Lucas Takeshi Stratmann (27) på 2. fiolin. Stratmann spelte nyttårskonserten med Wiener Philharmoniker for første gong i år, etter at han i juni i fjor bestod prøveperioden i orkesteret ved Wiener Staatoper. Dette gjer at han også kan spele i Wiener Philharmoniker.

Gyllen tråd mellom Wien og Vestlandet
Heilt frå starten av Sommarakademiet i 2021 har det vore ein gyllen tråd mellom Vestlandet og Wien, som er blitt sterkare år for år: Dirigenten Sascha Goetzel frå Austerrike er saman med operasjef Eivind Gullberg Jensen (som har studert i Wien) både grunnleggjar og kunstnarleg leiar for det unike sommarakademiet Opera ved fjorden.

26 studentplassar i årets orkester
I tillegg til trekløveret frå Wien-filharmonien, får dei 26 utvalde studentane i årets akademiorkester spele i lag med proffe musikarar frå framståande opera- og symfoniorkester frå ulike land i Norden. Nokre av dei nordiske lærarane har vore med heilt frå starten i 2021, andre kjem til sommarakademiet for første gong.

Søknadsfrist: 31. januar
Er du sjølv ein ung orkestermusikar som kan tenkje deg å vere med, minner vi om at søknadsfristen 31. januar nærmar seg. På denne lenka finn du alle detaljar om årets akademi, og om vilkåra for å kunne søkje. I tillegg til orkestermusikarar, søkjer vi etter 17 songarar, 3 dirigentar og 2 repetitørar:

SOMMARAKADEMIET 2024

Her nederst ser du oversikta over årets orkesterlærarar, som også fungerer som gruppeleiarar i akademiorkesteret. Og sjølv om dei tre frå Wien-filharmonien no held til i den austerrikske hovudstaden, kan vi nemne at 1. fiolinist Maxim Brilinsky opphaveleg er frå Lviv i Ukraina, og 2. fiolinist Lucas Takeshi Stratmann er oppvaksen i New York City.

Årets lærarar/gruppeleiarar i Akademiorkesteret 2024:

Stryk:
1. fiolin: Maxim Brilinsky, gruppeleiar 1. fiolin, Wiener Philharmoniker 
2. fiolin:Lucas Takeshi Stratmann, gruppeleiar 2. fiolin, Wiener Staatsoper 
Bratsj: James Opie, alt. gruppeleiar bratsj, Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm 
Cello: Erik Wahlgren, solocellist i Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm
Kontrabass: Patrick Wilder, alt. solokontrabassist i Operaorkesteret, Den Norske Opera & Ballett 
Treblås:
Karl-Heinz Schütz
, solofløytist Wiener Philharmoniker 
Audun Halvorsen, solofagottist i DR Symfoniorkestret i København
Messing:  
José Luis Cortell
, hornist. Alternerande gruppeleiar, operaorkesteret ved Finlands nasjonalopera i Helsinki . Solohornist i Konzerthausorchester Berlin frå oktober 2024.
Pauker og slagverk:
Manuel Hofstätter*, paukist i Bergen Filharmoniske Orkester 

 *Hofstätter er gjestemusikar, og ikkje orkesterpedagog på akademiet

Publisert i januar, og oppdatert i april 2024

(Fotoet av Lucas Takeshi Stratmann: Fotograf Shaleah Feinstein)

Siste nyheter

Albert Dohmen og Eivind Gullberg Jensen

Wagner-legenden ser fremtiden på Os

- Umiddelbart synes jeg dette var en strålende idé, forteller en av vår tids fremste Wagner-tolkere, sangeren Albert Dohmen. Han er en av lærerkreftene i dette årets Opera ved fjorden.

NHB 3 damer 1

Fantasifulle kostymer

Få en sniktitt på kostymene til Tryllefløyten og Rhingullet, som fremføres på Opera ved fjorden sommerakademi i juni!

Eivind Gullberg Jensen OVF24

Setter rekord med eventyrlig sommerakademi

- Eventyrene står i fokus når verk av to av de mest kjente operakomponistene skal fremføres under Opera ved fjordens to konserter, forteller operasjef Eivind Gullberg Jensen.

Annika Beinnes ariekonsert Opera ved fjorden

Wagner-opera og favorittarier

På den storslåtte avslutningen av årets sommerakademi Opera ved fjorden byr vi på sangernes favorittarier og ikke minst høydepunkt fra Wagners Rhingullet!