Opera-pasjen på skuletur
Pasjen har med seg gull og perler når han er ute på førjulstur i lag med dei to operapedagogane Stian og Martina
Familieoperaen Amahl og de tre vise menn av Menotti har premiere 18. desember, og for første gong får elevar i Bergen kommune eit skuleprosjekt knytta til denne julehistoria. Som ivrig medhjelpar har operapedagogane Stian og Martina (fotoet øvst) fått ein spesiallaga dokkeversjon av Pasjen, som passar på skattane til dei tre vise mennene.
MINI-VERSJON AV OPERAEN
Før elevane på 1.-6. trinn får sjå heile operaen i Grieghallen, reiser operapedagogane rundt til dei påmeldte skulane, og serverer ein mini-versjon av det som skal skje, der Martina syng rolla som den fattige guten Amahl, og Stian er den bekymra mor hans.
I sjølve operaen er det 18-åringen Samuel Winter (fotoet nedanfor) som spelar Pasjen: Han er den unge hjelparen til dei tre vise menn som ber om husrom hos Amahl og mor hans – og Pasjen er også ein ganske så streng vaktar av skattane som mennene med seg. Så kva skjer når mora til Amahl blir frista til å forsyne seg litt av gullet?
Songarane Martina Starr-Lassen og Stian Økland har arbeidd som frilans operapedagogar i fleire sesongar, og har tidlegare tatt i bruk både podcast, barbiedokker og kostymar for å dramatisere dei ulike operaene i mini-format. Denne gongen ynskte dei seg ei handdokke som medhjelpar på skuleturneen.
PASJEN STEG FOR STEG
Dermed skjedde det magiske saker på systova til Bergen Nasjonale Opera: 17-åringen Kaia Grimen (fotoet nedanfor), elev på VG2 Saum og tekstilhandverk ved Årstad vidaregåande skule, var akkurat då ute i praksisveke hos BNO, og trylla tolmodig fram både hovud og auge til Pasjen. Kaia sydde også på det fint krølla håret, som eigentleg er plantefarga saueull.
Deretter fekk Pasjen også kropp og klede, takka vere kostymesyar og kostymeteknikar Kine Haukeland Grindheim (fotoet nedanfor) – som sjølv hadde fordjuping i maskot under læretida hos Torhild Staurheim, og som dermed kunne guide Kaia godt i prosessen. Smykket til Pasjen, som er ein mini-versjon av smykket som den ekte Pasjen skal ha på seg, vart laga av Nina Exposito Holmen.
BEREKRAFT OG GJENBRUK
Pasjen vart bokstaveleg tala skapt som eit overskotsprosjekt, sidan både Kine og Nina var engasjerte som medarbeidarar i den store produksjonen av De dødes by i oktober og november, men brukte små, ledige stunder til å lage Pasjen. Alt stoff og utstyr fanst allereie i lageret hos Bergen Nasjonale Opera, så her vart det null kroner i materialkostnader.
Den fargerike jakka til dømes er laga av stoffrestar frå den originale jakka som Pasjen har på seg. Amahl og de tre vise menn er i seg sjølv også ein produksjon med vekt på berekraft og gjenbruk, og det kan du lese meir om i artikkelen "Vi fant, vi fant!" (lenke). Kostymedesignar for Amahl og de tre vise menn er Cathrine Ahlsen.
FULLBOOKA SKULEPROSJEKT
Skulane som får besøk av Pasje-dokka og dei to operapedagogane Martina og Stian i november og desember er Garnes skule, Fjellsdalen skole, Lyshovden Oppveksttun, Møllebakken skole, Hop Oppveksttun og Paradis skole. Kursa er i samarbeid med Den Kulturelle Skolesekken i Bergen kommune.
Elevane får gjennom eit to timars inspirasjonskurs på sin eigen skule lære om opera generelt, og familieoperaen Amahl og de tre vise menn spesielt. Dei får også lære triks for å varme opp stemma og synge litt opera sjølv – og også danse ringdans og aktivt lytte til musikken frå Amahl, m.a. for å kjenne igjen ulike instrument. Trinn to i dette prosjektet er å få kome til Grieghallen for å oppleve heile generalprøva i Peer Gynt-salen på dagtid 18. desember, med solistar, kor, scenografi og musikarar frå Bergen Filharmoniske Orkester.
Merk at skuleprosjektet for Amahl og de tre vise menn no er fullbooka, men i skrivande stund er det framleis ledige billettar til dei ordinære framsyningane for publikum 18. og 19. desember.
Her kan du lese ein eigen reportasje om då operapedagogane besøkte Paradis skole i november (lenke).
Tekst og foto: Møyfrid Engeset (bortsett frå fotoet av Samuel Winter)
Oppdatert 30. november 2024