Hopp til innhold

Tre frå Wien-filharmonien til Sommarakademiet på Oseana

Studentane på sommarakademiet "Opera ved fjorden" 2025 får opptre saman med kremen av orkestermusikarar frå Wien og Norden.

Er du ein av dei mange millionane som starta det nye året med å sjå nyttårskonserten med Wien-filharmonien på tv? I juni kjem tre musikarar frå dette renommerte orkesteret for å å vere lærarar på Sommarakademiet vårt "Opera ved fjorden" på Oseana.

Solofløytisten Karl-Heinz Schütz var den første frå Wien filharmoniske orkester som besøkte Bjørnafjorden i 2022 med den japanske gullfløyta si, både for å spele i lag med – og coache – dei unge studentane. Då det undervegs i akademiet vart behov for ein konsertmeister-vikar, kontakta Schütz sin gode kollega Maxim Brilinsky, som reiste frå Wien på kort varsel og leia orkesteret på begge konsertane på Oseana.

For 1. fiolinisten Brilinsky gav dette tydelegvis meirsmak, for deretter har han stilt som konsertmeister på Sommarakademiet kvart einaste år – og har også sagt ja i år. I fjor (2024) lokka han med seg ein tredje mann frå Wien, som også er den yngste gruppeleiaren: Lucas Takeshi Stratmann på 2. fiolin. Stratmann bestod i 2023 prøveperioden i orkesteret ved Wiener Staatoper. Dette gjer at han også kan spele i Wiener Philharmoniker, sjølv han offisielt enno ikkje er ein medlem av dette orkesteret.

Gyllen tråd mellom Wien og Vestlandet
Heilt frå starten av Sommarakademiet i 2021 har det vore ein gyllen tråd mellom Vestlandet og Wien, som er blitt sterkare år for år: Dirigenten Sascha Goetzel frå Austerrike er saman med operasjef Eivind Gullberg Jensen (som har studert direksjon i Wien) både grunnleggjar og kunstnarleg leiar for det unike sommarakademiet Opera ved fjorden.

33 studentplassar i årets orkester
I tillegg til trekløveret frå Wien-filharmonien, får dei 33 utvalde studentane i årets akademiorkester spele i lag med proffe musikarar frå framståande opera- og symfoniorkester frå ulike land i Norden. Lista over alle orkesterlærarane kan du sjå nederst.

Søknadsfrist: 2. februar 2025
Er du sjølv ein orkestermusikar i alderen 18-35 år som kan tenkje deg å vere med, minner vi om søknadsfristen 2. februar (Unntak: fløyte og klarinett.) På lenka under finn du alle detaljar om årets akademi, og om vilkåra for å kunne søkje. Men merk: søknadsfristen for songarar, dirigentar, repetitørar, fløytistar og klarinettistar gjekk ut 8. desember.

SOMMARAKADEMIET 2025

Under ser du oversikta over årets orkesterlærarar, som også fungerer som gruppeleiarar i akademiorkesteret. Og sjølv om dei tre frå Wien-filharmonien no held til i den austerrikske hovudstaden, kan vi nemne at 1. fiolinist Maxim Brilinsky opphaveleg er frå Lviv i Ukraina, og 2. fiolinist Lucas Takeshi Stratmann er oppvaksen i New York City.

Årets lærarar/gruppeleiarar i Akademiorkesteret 2025:

Stryk:
1. fiolin: Maxim Brilinsky, gruppeleiar 1. fiolin, Wiener Philharmoniker 
2. fiolin:Lucas Takeshi Stratmann, gruppeleiar 2. fiolin, Wiener Staatsoper 
Bratsj: James Opie, alt. gruppeleiar bratsj, Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm 
Cello: Erik Wahlgren, solocellist i Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm
Kontrabass: Patrick Wilder, alt. solokontrabassist i Operaorkesteret, Den Norske Opera & Ballett 
Treblås:
Karl-Heinz Schütz
, solofløytist Wiener Philharmoniker 
Audun Halvorsen, solofagottist i DR Symfoniorkestret i København  
Messing: Rune Brodahl, solohornist i Operaorkesteret, Den Norske Opera & Ballett
Pauker og slagverk:
Manuel Hofstätter*, paukist i Bergen Filharmoniske Orkester 

 *Hofstätter er gjestemusikar, og ikkje orkesterpedagog på akademiet

Denne artikkelen er oppdatert januar 2025

(Fotoet av Lucas Takeshi Stratmann: Fotograf Shaleah Feinstein)

Siste nyheter

Julien Behr og Sofia Nesje Enger 1

Ble operastjerne ved en tilfeldighet

Den franske tenoren Julien Behr har de siste 15 årene opptrådt i ledende roller på operahus både i Asia, Nord-Amerika og Europa. Men det var egentlig advokat han ønsket å bli.

Eivind Gullberg Jensen 151025 2

Starten av operaløftet?

Bergen Nasjonale Opera fekk i dag ei varig auke i driftstilskot på 1,5 MNOK frå Kulturdepartementet.

Eivind Gullberg Jensen, Kristin Okerlund og Sascha Goetzel

BNO sørger over tapet av Kristin Okerlund

Me i Bergen Nasjonale Opera sørger over det brå og overraskande tapet av Kristin Okerlund, vår kjære ven, samarbeidspartnar og uvurderlege kollega ved Opera ved Fjorden.

From rehearsals Pelleas et Melisande

Temperaturen stiger

Regissør Alan Lucien Øyen og solistene er godt i gang med prøvene til Pelléas og Mélisande, hvor temperaturen stiger for hver dag som går.

Alexandre Duhamel

Operastjernens favorittrolle

Bass-barytonen Alexandre Duhamel er en sanger som bør stå på ønskelisten til enhver operaelsker. 1.-7. november kan du oppleve han som Golaud i Pelléas og Mélisande av Debussy!

Eivind Gullberg Jensen

En opera du blir forført av

- Jeg satt bare med øynene igjen og lyttet til den uendelig vakre musikken, forteller Eivind Gullberg Jensen om Pelléas og Mélisande.