Opera ved fjorden - konsert
Kjøp billetterBergen Nasjonale Opera gjentar suksessen frå pilotprosjektet i fjor, og arrangerer no eit nytt og større sommarakademi frå 25. juni, som blir avslutta med ein konsert i Oseana kunst- og kulturhus laurdag 2. juli.
Møt unge songarar, orkestermusikarar og dirigentar som ivrar etter å presentere seg sjølve i starten av karrieren! Kanskje er det morgondagens stjerner du møter for første gong?
Dei byr på ulike perler frå operaverda, pluss heile den komiske einaktaren Gianni Schicchi av Puccini med Ivar Tindberg som regissør. 13 songarar frå inn- og utland skal vere med på scenen, og i årets akademiorkester skal rundt 25 unge instrumentalistar få spele saman med 9 profesjonelle, som også fungerer som gruppeleiarar. Tre ulike dirigentstudentar skal også i aksjon.
KVA ER SOMMARAKADEMIET?
Sommarakademiet Opera ved fjorden 25. juni - 2. juli 2022 rettar seg mot unge songarar og musikarar over 18 år som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Deltakarane får arbeide med dyktige pedagogar, coachar og dirigentar - alle med erfaring frå store operahus og symfoniorkester. Nytt av året er at også to unge repetitørar er med som akademistar, for å få erfaring i å akkompagnere operasongarar.
Fotokavalkaden er frå fjorårets Sommarakademi (2021):
KUNSTNERISK TEAM & LÆRARAR 2022
Kunstnerisk leiing:
Eivind Gullberg Jensen, operasjef for Bergen Nasjonale Opera og sjefdirigent for Noord Nederlands Orkest
Sascha Goetzel, påtroppande kunstnerisk leiar for Orchestre National des Pays de la Loire og National Youth Orchestra of Canada, og første gjestedirigent for Sofia Filharmoniske Orkester
Regissør:
Ivar Tindberg, regissør, tekstforfattar, dramaturg og komponist
Vokalpedagogar:
Solveig Kringlebotn, sopran og professor i song ved Operahøgskolen og Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo
Michael Schade, tenor og professor ved Universität für Musik und darstellende Kunst i Wien
Kristin Okerlund, pianist og vocal coach frå Wiener Staatsoper
Hans-Otto Ehrström, pianist og vocal coach frå Finlands nasjonalopera i Helsinki
Orkesterpedagogar:
1. fiolin: Lars Bjørnkjær, konsertmeister i Det Kongelige Kapel i København.
2. fiolin: Alexander Chojecki, gruppeleier 2. fiolin, GöteborgsOperan
Bratsj: James Opie, alt. gruppeleiar bratsj, Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm
Cello: Kati Raitinen, solocellist, Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm
Kontrabass: Patrick Wilder, alt. solokontrabassist i Operaorkesteret, Den Norske Opera & Ballett
Treblås:
Karl-Heinz Schütz, solofløytist Wiener Philharmoniker
Steffen Blindheim, oboist i Malmö SymfoniOrkester
Messing:
Rune Brodahl, solohornist i Operaorkesteret, Den Norske Opera & Ballett
Pauker: Manuel Hofstätter, paukist i Bergen Filharmoniske Orkester
Opera ved fjorden - Sommarakademi blir arrangert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter, og er støtta av Grieg Foundation, Sparebankstiftelsen DnB, Talent Norge, Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest og GC Rieber Fondene.
Relaterte nyheter

Sangtalent som blomstrer
To unge vestlendinger som begge studerer i København var blant de mange som sang på OperaPub i begynnelsen av april – ikke minst sammen med flere sangstudenter fra Manchester og også Bergen.

Kva skjer i Gianni Schicchi?
Ein diger arv, eit forelska par – og ein djevelsk smart Gianni Schicchi. Her er handlinga i den komiske einaktaren som våre akademistar skal få bryne seg på sommaren 2022.
Samtlige spilledatoer
Oseana kunst- og kultursenter, Os Kjøp billetter Kjøp billetter