Hopp til innhold

Kva skjer i Gianni Schicchi?

Ein diger arv, eit forelska par – og ein djevelsk smart Gianni Schicchi. Her er handlinga i den komiske einaktaren som våre akademistar skal få bryne seg på sommaren 2022.

Tid og stad:
I originalhistoria er vi i Firenze i året 1299. Teksten av Giovacchino Forzano er bygd på eit utdrag frå Den guddommelege komedie av Dante. Puccinis opera hadde urpremiere som ein del av trilogien Il trittico på Metropolitan Opera i New York desember 1918.

Handlinga:
Aristokraten Buoso Donati døyr. Men når dei griske slektningane finn testamentet hans, oppdagar dei forferda at heile arven skal gå til eit kloster. Dei prøver desperat å finne ei løysing for å få kloa i verdiane likevel, og den unge Rinuccio foreslår å hente den oppfinnsame outsideren Gianni Schicchi. Rinuccio er kjærast med Schicchis dotter Lauretta, noko Donati-familien mislikar sterkt, fordi ho ikkje er rik nok.

Når Gianni Schicchi kjem til den avdødes hus i lag med Lauretta, blir han ikkje særleg godt motteken av slektningane til Donati. Schicchi blir fornærma, men Lauretta får han mildare stemt igjen, og syng den både såre og smektande arien “O mio babbino caro”:

Det er nok mange som ikkje veit at denne opera-perla kjem frå nettopp Gianni Schicchi, og ein del trur også at det er ein voggesong. Men dottera Lauretta syng til sin “kjære, vesle pappa”, der ho tryglar han om å få lov til å gifte seg med Rinuccio, elles ynskjer ho ikkje å leve lenger.

Her frå The Royal Opera House i London, med Ekaterina Siurina som den forelska Lauretta (teksta på engelsk):

Gianni Schicchi lanserer no ein slu idé: Sidan ingen andre enn slektningane veit at Buoso Donati er død, kan Schicchi sjølv late som han er Donati, og diktere eit nytt testamente til notaren. Samtidig minner han alle om at dokumentforfalsking er eit alvorleg brotsverk, med ei straff som svir. Men slektningane fantaserer no ivrig om korleis dei kan fordele dei ulike eigedommane mellom seg: Spesielt huset, møllene og muldyret har alle lyst på - og kvar for seg prøver dei å sjarmere og manipulere Schicchi for å sikre seg den beste delen av arven.

Notaren kjem for å skrive det nye testamentet for den “døyande” Donati i senga, alias Gianni Schicchi. Og alt er vel og bra, heilt til dei forskrekka slektningane høyrer – utan å våge å gripe inn – korleis Schicchi dikterer kven som skal arve både huset, møllene og det beste muldyret i heile Toscana: Det er sjølvsagt gamle Donatis “trufaste venn”: Gianni Schicchi!

Persongalleriet i Gianni Schicchi:
Gianni Schicchi (baryton) - Mikael Horned
Lauretta (sopran) - dottera hans – Annika Beinnes

Slektningane til Buoso Donati:
Zita (mezzosopran) - kusina til Buoso – Christina Jønsi
Rinuccio (tenor) - Zitas nevø, og kjærasten til Lauretta – Markus Bjørlykke
Gherardo (tenor) - nevøen til Buoso – Ian Marcus Bjørsvik
Nella (sopran) - kona til Gherardo – Eva Langeland Gjerde
Gherardino (mezzosopran) - sonen til Gherardo og Nella – Wilma Kvamme
Betto di Signa (bass) - svogeren til Buoso – Slava Graborsky
Simone (bass) - fetteren til Buoso – Jacob Abel
Marco (baryton) - sonen til Simone – Stian Jebsen
La Ciesca (sopran) - kona til Marco – Mathilda Bryngelsson

Maestro Spinelloccio (bass) - lege – Johannes Sejerstad Bødtker
Ser Amantio di Nicolao (bass) - notar – Johannes Sejerstad Bødtker

KJØP BILLETTER HER

Siste nyheter

Operasesongen 2025 - 2026

Operasesongen 2025/26 er lansert!

Bergen Nasjonale Opera (BNO) lanserer i dag sin sesong for 2025/26 med en nobelprisvinner og en av operahistoriens mest populære operaer. I tillegg lanserer operaen et skreddersydd tilbud for de som går alene i operaen.

Publikum synger med på Nystemten

Alene - Sammen!

"Alene sammen" er for deg som kjøper enkeltbillett til operaen og samtidig ønsker å dele opplevelsen med andre.

Therese 3knututler

En Jeppe for vår tid

Forfatter Marit Eikemo og komponist Therese Ulvo har sammen med regissør Maren Bjørseth skapt den helt nye operaen Terminus. Vi tok en kjapp Q&A med skaperne. Urpremieren er på DNO&B i Oslo 15. mai og så kommer den "hjem" til Bergen 28. mai.

Jacob, Hedvig og Robert synger i Valkyrien av Wagner

Kva skjer i Valkyrien på Oseana?

Skal du vere publikum på sommaroperaen søndag 29. juni? Her får du vite kva som skjer i 1. akt av Valkyrien av Wagner – og bli betre kjend med Hunding og tvillingane Sieglinde og Siegmund.

Studenter collage Don Giovanni OVF 2025

Kva skjer i Don Giovanni på Oseana?

Er du klar for torsdagskonserten 26. juni? Først har du sjansen til å lese om forføraren Don Giovanni og dei andre rollene i Mozarts både mørke og muntre opera.