Hopp til innhold

Kjærlighet i rødt, hvitt og svart

Kjærlighet i rødt, hvitt og svart

Spilleperiode

21 - 29. januar

Spilletid

45 minutter

Er kjærleiken raud som blod, uskuldskvit – eller svart og egoistisk? Mozart blir presentert med ein heilt eigen vri, 
når vidaregåande skular i januar får besøk av Bergen Nasjonale Opera.

Mozarts forelska rollefigurar har funne vegen til Sandsli, saman med rundt 600 tilsette i det splitter nye Vestland. Midt i flyttesjauen trillar det mozartske tonar – og ein eldfull parykk og fargerike kostymar blir testa ut med både latter og alvor: I lokala til fylkeskommunen er prøvene til forestillinga «Kjærlighet i rødt, hvitt og svart» i full gang.

For når eit team frå Bergen Nasjonale Opera skal besøkje elevane ved vidaregåande skular er det ikkje med foredrag og teori, men med ei spesiallaga introduksjonsforestilling:

Eit heilt nytt drama
Ein songar, ein skodespelar og ein pianist er i ferd med å kome under huda på eit heilt nytt drama i mini-format. «Kjærlighet i rødt, hvitt og svart» er signert regissøren Vera Rostin Wexelsen, og er ein kort og underhaldande vegvisar til komponisten Wolfgang Amadeus Mozart – og hans store opera «La clemenza di Tito».

Musikalsk totrinnsrakett
Skuleturneen i januar er nemleg berre første trinn i den musikalske totrinnsraketten frå BNO. Det siste trinnet blir avfyrt 19. mars, når alle elevane får reise til Grieghallen og oppleve heile La clemenza di Tito på generalprøven, altså eksklusivt to dagar før det vanlege publikummet i Bergen får sjå premieren.

(Oppdatering våren 2021: Heile skuleturneen i januar 2020 vart gjennomført, men pga korona-situasjonen og nedstenginga av Norge, vart La clemenza di Tito avlyst kort tid før premieren. Dermed vart det dessverre heller ingen generalprøve å besøke for elevane. Ein ny versjon av La clemenza di Tito vart framført i Grieghallen våren 2021.)

Kvar landar tidsmaskinen?
I løpet av ein skuletime får elevane bli kjende med nokre av Mozarts figurar og den dramatiske og rørande musikken som følgjer med. Og ikkje minst får elevane servert spørsmål som dei må vente til generalprøven i mars for å få svar på:

Vil tittelrolla Tito dukke opp akkurat slik som pianisten Frode, med keisarkrone, toga og sandalar, sidan originalhistoria er frå den romerske antikken? Eller vil sopranane Vitellia og Servilia glitre i yppige rokokkokjolar frå Mozarts eige 1700-tal? Eller er tema som brusande kjærleik og svart maktkamp så tidlause at den forelska Sesto ser ut som ein vestlending anno 2020? Eller ... kanskje vil regissøren i Grieghallen snu opp ned på heile historia?

Unikt tilbod frå BNO
BNOs unike konsept med eigne introduksjonsforestillingar for skulelevar på vidaregåande er utvikla av Vera Rostin Wexelsen, og «Kjærlighet i rødt, hvitt og svart» er den fjerde i rekka hennar, og den første for det nye Vestland fylke.

Tidlegare har elevar i vidaregåande skular i Hordaland fylke (no: Vestland) fått oppleve m.a. «Damene til Don Giovanni» (2016, med utgangspunkt i Mozarts Don Giovanni), "Odalisker og oligarker" (2017, med utgangspunkt i Rossinis «Il turco in Italia» (2017) og "Fanget av drømmer" (2018, med utgangspunkt i Wagners «Den flyvende hollender»).

Om du vil vite meir om tilbodet vårt for skuleelevar generelt, kan du lese her: Opera i skolen.

Desse vidaregåande skulane får besøk i januar 2020:
Bergen Katedralskole
Kongshaug Musikkgymnas
Langhaugen videregående skole
Rudolf Steinerskolen i Bergen, videregående
Stend vidaregåande skule
Årstad videregående skole

(med atterhald om endringar i turné-lista)

Teamet frå Bergen Nasjonale Opera:
Vera Rostin Wexelsen / Konsept og regi
Vidar Glesnes/ Produksjons- og turnéleiar
Cathrine Ahlsen / Kostymedesignar
Frode Skag Storheim / Piano og rolla som Tito
Ingvill Holter / Sopran i rolla som m.a. Sesto
Beate Rostin / Skodespelar i rolla som m.a. Vitellia

Introduksjonsforestillinga «Kjærlighet i rødt, hvitt og svart» frå Bergen Nasjonale Opera er i samarbeid med Den kulturelle skulesekken i Vestland fylkeskommune.


Medvirkende


Vera Rostin Wexelsen

Vera Rostin Wexelsen

Regi og konsept

Ingvill Holter

Ingvill Holter

Sopran, m.a. i rolla som Sesto

Frode Skag Storheim

Frode Skag Storheim

Pianist og Tito

Beate Rostin Wexelsen

Beate Rostin

Skodespelar, m.a. i rolla som Vitellia

Vidar Glesnes

Vidar Glesnes

Produksjons- og turnéleiar

Cathrine Ahlsen

Cathrine Ahlsen

Kostymedesignar

Samtlige spilledatoer


21/01 Tirsdag 00.00
Gratis inngang
Gratis inngang
22/01 Onsdag 00.00
Gratis inngang
Gratis inngang
24/01 Fredag 00.00
Gratis inngang
Gratis inngang
27/01 Mandag 00.00
Gratis inngang
Gratis inngang
28/01 Tirsdag 00.00
Gratis inngang
Gratis inngang
29/01 Onsdag 00.00
Gratis inngang
Gratis inngang