Opera på biblioteket
Bergen Nasjonale Opera og Bergen Offentlige Bibliotek inviterer til en helt ny og uformell konsertserie i hovedbibliotekets populære kafé Amalies Hage. Sangere og pianist, spesielt valgt ut for denne konsertserien, byr på operaperler og overraskelser.
Tirsdag 26. februar kl. 19 (1:3) - Premiere! MUSIKALSK WIENERKAFÉ
Tysdag i vinterferien blir Amalies hage omgjort til ein varmande wienerkafé, med mellom anna klassikaren Sachertorte, gulasj som dagens suppe, varm sjokolade og austerriske vinar.
Kl 19 inviterer BNO så til ein intim kveldskonsert i kafeen, med to unge og prisvinnande songarar: Sopranen Hanna Husáhr frå Sverige og tenoren Vladimir Dmitruk frå Kviterussland. Kjende operaperler av mellom andre Mozart og Lehár står på menyen, krydra med Händel og utvalde songar frå heimlanda til songarane. Både Husáhr og Dmitruk skal seinare vere solistar på vårens storsatsing Werther som har premiere i Grieghallen 16. mars.
Pianist er Ellena Hale, og konserten varer ein liten time. Denne konserten er den første av tre ulike «Opera på biblioteket»-konsertar på Amalies hage denne våren, i eit heilt nytt samarbeidsprosjekt mellom Bergen Nasjonale Opera og Bergen Offentlige Bibliotek.
Tirsdag 26. mars kl. 19 (2:3)
Tirsdag 30. april kl. 19 (3:3)
Detaljert program for konsertene 26. mars og 30 april vil bli kunngjort senere, både på BNOs og bibliotekets hjemmesider, i tillegg til Facebook.
Varighet: ca 45 min.
Gratis inngang!
Medvirkende

Hanna Husáhr
Sopran

Vladimir Dmitruk
Tenor
Samtlige spilledatoer
Amalies Hage Gratis inngang Gratis inngang
Amalies Hage Gratis inngang Gratis inngang
Amalies Hage Gratis inngang Gratis inngang