Annika Beinnes
Sopranen Annika Beinnes fra Høyanger syng rolla som Yniold i operaen Pelléas og Mélisande av Debussy hausten 2025 her i Bergen.
Sopranen Annika Beinnes (f. februar 2000) er frå Vadheim i Høyanger kommune. Våren 2024 debuterte ho, sensasjonelt tidleg for ein operasongar, i ei hovudrolle hjå Bergen Nasjonale Opera, til fantastisk flott kritikk i pressa.
- Annika Beinnes debuterer profesjonelt med sin portrettering av den opportunistiske au pairen Imelda (Adele), men rolletolkningen er så treffsikker og sangen så trillende full av overskudd at en skulle tro hun aldri hadde gjort annet. Hilde Halvorsrød i Scenekunst.no 14. mars 2024 om Beinnes i Flaggermusen
STARTA TIDLEG
Annika starta songkarriera tidleg og vann allereie i 2014 1. pris i Ungdommens Musikkmesterskap i Bergen. Året etter song ho som 14-åring med Bergen Filharmoniske Orkester i Grieghallen, – i Latterarien (Mein Herr Marquis) frå Flaggermusen.
Etter debuten med Bergen Filharmoniske Orkester i 2015, har ho vore solist med orkesteret fleire gonger: Hausten 2020 var hun solist i familiekonserten Eventyret om Beethoven, og våren 2023 var ho en av dei fem utvalde som fekk synge på De unges konsert, i tillegg til å få eit stipend på kr. 30 000 fra Grieg Foundation. Ho vann også publikumsprisen på denne konserten.
ENGASJERT AV BERGEN NASJONALE OPERA
Beinnes har også vore engasjert hos oss i Bergen Nasjonale Opera ei rekkje gonger: Ho var med på Mimi Goes Glamping-festivalen i Sunnfjord, og i serien Opera på biblioteket våren 2019 var ho solist saman med pianistane Tor Erik Seime Pettersen og Kei Solvang. (Sjå fotoserien nederst.) Same haust gjesta ho vår Operafest på Terminus med ariar av Mozart på arrangementet Afternoon Tea. Ho har også vore ein aktiv deltakar på OperaPuben gjennom mange år. I 2021 sto ho på scena til Den Nationale Scene med andre unge songarar frå Opera ved fjorden sommarakademi på konserten Trippel Mozart.
Sommaren 2022 song ho rolla som Lauretta i Puccinis einaktar Gianni Schicchi, på vårt sommarakademi Opera ved fjorden, og året etter var ho Adele i høgdepunkt frå Flaggermusen same stad. På sommarkademiet i 2023 vart ho tildelt GC Rieber Fondene sitt stipend for unge songarar. Våren 2024 fekk ho så sin profesjonelle operadebut som Adele – alias au pairen Imelda – i den nye vrien på Flaggermusen i Grieghallen. Hausten 2024 tolka ho rolla som Barbarina i Figaros bryllup på Det Kongelige Teater i København.
UTDANNING
Beinnes var elev ved musikklinja ved Langhaugen videregående skole her i Bergen, samtidig som ho var med i det nasjonale talentutviklingsprogrammet GUT, Griegakademiets Unge Talenter. Hausten 2019 starta hun studiane ved Griegakademiet i Bergen, og i 2021/22 var ho på utveksling ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København. Våren 2023 fullførte ho den fireårige bachelorgraden i klassisk song med Hilde Haraldsen Sveen på Griegakademiet, og sidan hausten 2023 studerer ho til master ved Operaakademiet i København. Frå sesongen 2025/26 skal ho vere med i Young Artists Programme (YAP) som er eit samarbeid med Det Kongelige Teater i København.
Oppdatert april 2025