Hopp til innhold

Ei reise gjennom Korngolds liv

Bli med på ei tidsreise i livet til komponisten Korngold, frå åra som vedunderbarn i Wien, til eksil i Hollywood – og forsøka på nytt fotfeste etter krigen.

Vil du ha tonefølgje til teksten, kan du gjerne starte med å lytte til dette unike opptaket, der Korngold spelar piano på eit bursdagsselskap i 1951, seks år før han døydde. Han byrjar med Pierrots Tanzlied (Mein Sehnen, mein Wähnen) frå operaen De dødes by, som har norgespremiere her i Bergen i november. Deretter spelar og improviserer han rundt ulike melodiar frå dei mange Hollywood-filmane han tonesette:

Her kjem nokre utvalde datoar og årstal, som også viser korleis livet og lagnaden til Erich Wolfgang Korngold (1897 - 1957) er samanvevd med dei dramatiske hendingane i europeisk historie i den første halvdelen av 1900-talet.

Vil du lese endå meir om musikken hans, og sjå andre videoar, kan du også sjekke vår artikkel "Frå vedunderbarn til Hollywood-komponist" (lenke)

29. mai 1897
Erich Wolfgang Korngold blir fødd i byen Brno i det dåverande dobbelmonarkiet Austerrike-Ungarn. (No er Brno ein del av Tsjekkia.) Erich er det andre barnet til ekteparet Josefine og Julius Korngold. Begge sønene får spesielle mellomnamn, som ein hyllest til to av yndlingskomponistane til faren Julius: Storebror Hans Robert (f. 1892) etter Robert Schumann. Og veslebror Erich Wolfgang etter Wolfgang Amadeus Mozart.

November 1901
Familien flyttar til Wien, når Erich er fire år gammal, fordi faren – som eigentleg er utdanna jurist – har fått jobb i musikkredaksjonen i avisa Neue Freie Presse, som assistent for den kjende kritikaren Eduard Hanslick.

1903
Erich får sine første klavertimar og lærer musikkteori hos slektningen Emil Lamm.
Ein gong skal ha Hanslick ha lytta til Erich då han spelte piano, og kommentert "Den vesle Mozart!"

1904
Eduard Hanslick døyr, og faren Julius overtar den mektige stillinga hans i Neue Freie Presse. At Julius er ein svært skarp musikkritikar vil snart føre til utfordringar for sonen Erich i kunstmiljøet. Julius er temmeleg konservativ, og elskar musikken til den nyleg avdøde Johannes Brahms – men er svært krass mot mellom andre Arnold Schönberg og hans krets som vi kjenner som Den andre wienerskulen.

Juni 1906
Faren tar han med til komponisten Gustav Mahler, som kallar Erich "eit geni” etter å ha høyrt han spele eigne verk på piano.

1907
Erich blir komponistelev av Alexander von Zemlinsky, etter tilråding frå Mahler.

1909-10
Som 12-åring komponerer Erich sin Klavertrio i D-dur, som i 1910 blir trykt som hans aller første offisielle verk – Opus nr 1. I november 1910 blir verket urframført, med Arnold Rosé (fiolin), Adolf Buxbaum (cello) og Bruno Walter (piano). Verket blir tileigna "Meinem lieben Papa" – Min kjære pappa.

14. april 1910

Han har enno ikkje fylt 13 år når ballettpantomimen hans Der Schneemann (Snømannen) har ein privat premiere i Wien, i versjonen for to klaver og fiolin. 4. oktober 1910 får også orkesterversjonen premiere på Wiener Hofoper (som i dag heiter Wiener Staatsoper) orkestrert av Zemlinsky. Historia er skriven av faren Julius, og handlar om den fattige felespelaren Pierrot som er forelska i Colombine, og som kler seg ut som ein snømann. Der Schneemann vart ein sensasjon, og Korngold utropt som vedunderbarnet i Wien – das Wunderkind.

Det er sagt at Richard Strauss, då han fekk høyre verket, sa til faren at han ikkje burde la Erich studere ved eit musikkonservatorium "fordi han allereie veit meir enn dei kan lære han der."

Her er fiolinisten Daniel Hope med den smektande Serenaden frå Der Schneemann:

28. juni 1914
Skota i Sarajevo innleier den første verdskrigen.

28. mars 1916
Hans to einaktar-operaer, tragedien Violanta og komedien Der Ring des Polykrates, blir begge urframførte i München, dirigert av Bruno Walter – som også blir ein støttespelar for den unge komponisten.

Eit par veker etter blir Violanta vist for første gong i Wien, og i tittelrolla som den sensuelle Violanta gjer Maria Jeritza eit stort inntrykk på Korngold og publikum. Denne dramatiske sopranen kjem frå Brno, fødebyen hans, og er sidan 1912 engasjert av keisar Frans Josef I som "Primadonna assoluta" ved Wiener Hofoper – der ho blir feira i dei store hovudrollene.

Dette året startar han også arbeidet med operaen som skal bli Die tote Stadt.

1917-18
Korngold må ut i militærteneste, men slepp å kjempe ved fronten. Han får i staden vere musikalsk leiar for regimentet sitt, og komponerer m.a. ein militærmarsj.

Våren 1917
Korngold møter Luise von Sonnenthal (1900 – 1962), for første gong. "Luzi" syng og spelar piano, og er frå ein stor skodespelar-familie.

11. november 1918
Den første verdskrigen er over. Dette markerer samtidig slutten på det enorme imperiet som Wien har vore sentrum for. No er Wien hovudstad for den mykje mindre republikken Austerrike.

4. desember 1920
Premiere på Die tote Stadt, og uvanleg nok samtidig både i Hamburg og Köln. Korngold er 23 år, og til stades i salen i Hamburg, saman med mor si. I artikkelen Kva skjer i De dødes by? (lenke) kan du lese om handlinga, og lytte til dei to mest kjende songane frå denne operaen.

Giacomo Puccini skreiv etter å ha høyrt Die tote Stadt for første gong: “Han har så mykje talent at han lett kunne ha gitt oss halvparten – og framleis ha nok igjen til seg sjølv!"

10. januar 1921
Die tote Stadt har premiere i heimbyen Wien, med Maria Jeritza i rolla som Marietta.

Februar 1921
Startar å arbeide ved Stadt-Theater i Hamburg både som dirigent, komponist og arrangør.

19. november 1921

Knapt eit år etter urpremieren, blir Die tote Stadt framført ved The Metropolitan Opera i New York, der Maria Jeritza husdebuterer i rolla som Marietta. Dermed blir Die tote Stadt den første tyskspråklege operaen som blir vist der etter den første verdskrigen.

1922
Han komponerer ein Pianokonsert for venstre hand (opus 17), for pianisten Paul Wittgenstein, som hadde mista si høgre hand under den første verdskrigen. Konserten har premiere i Wien 22. september med Wittgenstein som solist, og Korngold som dirigent. I dette opptaket er den britiske pianisten Howard Shelley solist:

1923
Han lagar eit arrangement av operetten Eine Nacht in Venedig av Johann Strauss d.e. for Theater an der Wien. Dei neste åra gjer han suksess med å arrangere ulike operetter, i tillegg til å komponere eigne verk.

30. april 1924
Giftar seg med songaren, skodespelaren, pianisten og forfattaren Luise "Luzi" von Sonnenthal.

9. mars 1925
Sonen Ernst Werner blir fødd.

6. oktober 1927
Den amerikanske musikalfilmen The Jazz Singer, produsert av Warner Brothers, blir den første lydfilmen som verkeleg blir ein suksess hos publikum – og markerer dermed at stumfilmens storheitstid snart er over.

7. oktober 1927 i Hamburg
Hans fjerde opera, Das Wunder der Heliane, har premiere i Hamburg, med Maria Hussa i tittelrolla. Tre veker seinare blir operaen framført i Wien, då med Lotte Lehmann som Heliane. Sjølv reknar han dette som sitt viktigaste verk til no, men det blir slett ikkje så godt mottatt som Die tote Stadt. Noko av grunnen kan vere konkurransen med Ernst Kreneks jazzopera Jonny spielt auf, som hadde urpremiere samme år, og som vart ein umiddelbar suksess både i Europa og i USA. Det er også sagt at fordi faren Julius aktivt prøvde å motarbeide Kreneks opera, vart dette ein negativ bumerang som ramma sonen Erich.

17. desember 1928
Den yngste sonen, Georg Wolfgang, blir fødd. Han blir seinare plateprodusent i USA, også for filmindustrien.

1929
Børskrakket på Wall Street i New York er starten på det som blir kalla Den store depresjonen og Dei harde trettiåra.

16. mai 1929

Dei aller første Academy Awards-prisane, snart betre kjende som Oscars, blir delte ut i Hollywood.

8. juni 1929

I 1929 startar Korngold samarbeidet med den kjende teaterregissøren Max Reinhardt, og bearbeider operetten Flaggermusen av Johann Strauss d.y., med premiere denne datoen på Deutsches Theater i Berlin.

1931
Korngold byrjar å undervise ved Universität für Musik und darstellende Kunst i Wien.

29.- 30. januar 1933
Adolf Hitler blir rikskanslar i Weimar-republikken, og regjeringa hans overtar makta. Snart blir han statsoverhovud for det som blir kalla Det tredje riket.

1934
Korngold reiser til Hollywood, invitert av Max Reinhardt, som allereie arbeider i USA. Korngold arrangerer Mendelssohns scenemusikk frå Ein Sommernachtstraum til den ekspresjonistiske filmen A Midsummer Night's Dream med m.a. tenåringen Mickey Rooney som Puck og filmdebutanten Olivia De Havilland som Hermia. Dette blir den einaste lydfilmen som Reinhardt regisserer, og den blir ikkje uventa bannlyst av naziregimet i Tyskland. Her er ein trailer for filmen:

1935
Korngold er tilbake i USA for andre gong, og komponerer filmmusikk både for Paramount and Warner Bros. Litt seinare signerer han ein eksklusiv kontrakt med Warner Bros. Han lagar filmmusikken til Captain Blood, som er med på å gjere skodespelaren Errol Flynn kjend (1909-1959).

4. mars 1937
Han får sin første Oscar for beste filmmusikk for spelefilmen Anthony Adverse (1936). Men det er ikkje Korngold sjølv som får ta imot prisen, men leiaren av musikkstudioet.

12.-13. mars 1938
Austerrike blir ein del av Det tyske riket gjennom det såkalla “Anschluss”. Korngold sjølv er då i USA, men foreldra hans og den eldste sonen klarer også å kome seg dit i siste liten. Familiehuset i Wien blir konfiskert, men to frå forlaget klarer i all hast å snike seg inn og fjerne partitura før dei blir øydelagde.

Die tote Stadt og dei andre verka til Korngold blir forbodne på tyske scener, fordi han som jøde lagar det som blir stempla "entartete Musik".

1938
Korngolds første film i offisielt eksil er The Adventures of Robin Hood, som han får sin andre Oscar for. Dette blir også det store gjennombrotet for skodespelaren Errol Flynn i den heltemodige tittelrolla. Sjå omtale og video i den andre artikkelen vår: Frå vedunderbarn til Hollywood-komponist (lenke)

1. september 1939
Den tyske invasjonen av Polen blir starten på andre verdskrig.

1. juli 1940
kjem filmen The Sea Hawk, også med Erroll Flynn. Dette er ein eventyrfilm med handling frå 1600-talet, men også med symbolske kommentarar til samtida: Den maktsjuke spanske kongen minner om Adolf Hitler – og talen til dronning Elizabeth I mot slutten av filmen er i stilen til Churchill. Filmen blir nominert til fire ulike Oscars, også for filmmusikken av Korngold.

Her er Concertgebouw-orkesteret med eit utdrag frå The Sea Hawk (rett etter Alfred Newmans ikoniske 20th Century Fox-fanfare):

25. november 1941
Familien Korngold og Sonnenthal mistar det tyske statsborgarskapet fordi dei har flytta til utlandet.

1943
Korngold blir amerikansk statsborgar.

8. mai 1945
Tyskland har kapitulert, og den andre verdskrigen er offisielt over i Europa.

6. og 9. august 1945

USA slepper atomvåpen over dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki, og rundt 120 000 menneske mistar livet momentant. Få veker seinare kapitulerer Japan.

25. september 1945

Faren Julius døyr i Hollywood.

1946
Korngold takkar nei til Warner Brothers når dei vil fornye kontrakten med han i oktober, og seier: "Eg fyller femti neste år. Femti år er veldig gammalt for eit vedunderbarn. Eg kjenner at eg må ta ei avgjerd no, om eg ikkje skal bli verande ein Hollywood-komponist resten av livet."

Med Strykekvartett nr 3, opus 34 seier Korngold eit førebels farvel til filmindustrien, for igjen å prøve å komponere musikk for konsertsalane.

15. februar 1947
Fiolinkonserten han komponerte i 1945 blir urframført av Jascha Heifetz og St. Louis symfoniorkester i USA. Verket er tileigna Alma Mahler, enka etter Gustav Mahler som hadde støtta han i barndommen. Sjå musikkvideoen med heile Fiolinkonserten i den andre artikkelen vår: Frå vedunderbarn til Hollywood-komponist (lenke)

9. september 1947
Planane om å reise tilbake til Austerrike etter krigen blir lagt på is når Korngold får eit hjarteinfarkt.

Mai 1949
For første gong på elleve år kjem Korngold tilbake til Austerrike, saman med kona Luzi og den yngste sonen Georg(e). Men heimbyen Wien har endra seg i løpet av krigsåra, og er på fleire måtar "De dødes by": Bombinga har m.a. gjort at berre fasaden av operahuset er blitt ståande, og mange vener og kjende er der ikkje lenger: Dei har enten emigrert – eller døydde i Holocaust.

15. januar 1950
Wilhelm Furtwängler dirigerer Wien filharmoniske orkester i premieren på Korngolds Symfoniske Serenade, opus 39, som Korngold komponerte etter hjarteinfarktet i 1947. (Musikkvideo: Sjå heilt nedst i denne artikkelen.)

1953
Hans vesle Straussiana, som er ein hyllest til valsekongen Johann Strauss d.y., blir publisert. Logisk sett skulle dette verket få opusnummeret 42, men det blir først ståande utan. Korngold sa til kona Luzi noko overtruisk at "Då eg var ung, visste eg at eg ikkje kom til å klare å kome til opus 42". Men i realiteten hadde han jo skrive mange fleire verk enn dette, om ein også reknar med filmmusikken hans:

17. oktober 1954
Hans første symfoni i Fiss-dur, opus 40 blir urframført på ein radiokonsert med Wiener Symphoniker i Wien. Den uvanlege (og krevjande for dei fleste orkesterinstrument) tonearten med heile seks kryss kjenner vi også frå Mahlers ufullendte 10. symfoni. Symfonien blir berre framført to gonger til i Korngolds levetid: i München og i Graz, begge i 1955.

18. mai 1955
Korngold returnerer skuffa til USA – for godt, vil det seinare vise seg. Mottakinga i Europa og i heimbyen Wien vart ikkje så hjarteleg som han hadde håpa på. Hadde tida gått frå han, slik at musikkstilen hans no vart sett på som gammaldags? Var det ikkje "seriøst" nok å ha livnært seg frå filmindustrien i Hollywood? Eller var det nazisympatisørar, som framleis sat i enkelte leiande posisjonar, som trekte i trådar i kulissane?

1955-56
Den biografiske filmen “Magic Fire”, om Richard Wagner har premiere. Korngold har arrangert og tilpassa Wagners musikk, og dukkar også opp med parykk og lausskjegg, i rolla som dirigenten Hans Richter i filmen:

17. oktober 1956
Eit nytt slag gjer han delvis lam på høgre side av kroppen.

29. mai 1957
fyller han 60 år. Verka hans blir spelt på ulike radiostasjonar, og han får gratulasjonstelegram frå personar som Bruno Walter og Maria Jeritza – og Wiener Philharmoniker. Men han sjølv klarer ikkje skrive tilbake for å takke, så det gjer kona Luzi.

29. november 1957
døyr han på North Hollywood Hospital i Los Angeles i California. Skissene til ein symfoni nr 2, som nok ville ha blitt hans opus 43, og også hans sjette opera, ligg uferdige igjen.

Korngold blir gravlagd på Hollywood Memorial Cementery, og på den felles gravsteinen for han og kona Luzi står no dei første tonane frå Mariettas Lied frå De dødes by inngravert: "Glück, das mir verblieb".

Som ein etterklang kan du høyre hans vakre Symfoniske Serenade, som han altså tileigna Luzi. Ho døydde i januar 1962, litt over fire år etter ektemannen. Verket blir her dirigert av Jörg Widmann, som var årets Festspillkomponist i Bergen 2020:

Denne tidslinja for Erich Wolfgang Korngold er sett saman i høve norgespremieren for operaen De dødes by (Die tote Stadt) her i Bergen hausten 2024. Oversikta er ikkje meint å vere fullstendig, men er laga for å gi eit innblikk i Korngolds liv – og historiske hendingar som påverka han, både som komponist og privatperson.

Oppdatert av Møyfrid Engeset / Bergen Nasjonale Opera 13. oktober 2024. Med atterhald om endringar pga enkelte ueinsarta opplysningar i dei ulike kjeldene.

KJELDER (eit utval):
Brendan G. Carroll: The Last Prodigy: A Biography of Erich Wolfgang Korngold. Amadeus Press (1997)
Jessica Duchen: Erich Wolfgang Korngold. Phaidon (1996)
Barrie Gavin (regissør): dokumentarfilmen Between two Worlds (2005)
Guy Wagner: Korngold. Musik ist Musik. Matthes & Seitz Berlin (2008)

Siste nyheter

Die tote Stadt

Kva skjer i De dødes by?

Gjer deg klar til eit trekantdrama utanom det vanlege! Den forelska og forvirra Paul står midt mellom to kvinner som ser heilt identiske ut: Den eine er hans avdøde kone Marie, den andre er den livsglade dansaren Marietta.

Robin hood nhb

Frå vedunderbarn til Hollywood-komponist

Som opptakt til norgespremieren på operaen De dødes by, kan du no bli litt betre kjend med musikken til Oscar-vinnaren Erich Wolfgang Korngold. Her er seks gylne eksempel.

Eivind Flesland web

Kunst og kultur i motgangstider

Vi treng eit styrka kulturliv som beredskap - dette vert eit tema på Arendalsuka, der eg skal snakka med politikarar om dei store spørsmåla. Er kultur på deira liste, eller berre noko me syslar med i medgongstider?