Hopp til innhold

Kva skjer i De dødes by?

Gjer deg klar til eit trekantdrama utanom det vanlege! Den forelska og forvirra Paul står midt mellom to kvinner som ser heilt identiske ut: Den eine er hans avdøde kone Marie, den andre er den livsglade dansarinna Marietta.

Operaen De dødes by (Die tote Stadt) av den pur unge Erich Wolfgang Korngold vart omfamna av publikum då den hadde verdspremiere i 1920, altså ikkje lenge etter at den første verdskrigen var over. Mange hadde mista kjære og nære i løpet av desse brutale åra, og dei kjende seg igjen i skildringane av fortviling og sakn. Og kva skal enkemannen Paul velje? Å vere trufast mot minnet om den avdøde kona si, eller seie ja takk til fest og elskov med Marietta?

Sigmund Freuds teoriar om draumetyding og psykoanalyse var også ein snakkis i samtida, og operaen gjekk rett inn i slike tema: På scenen kunne ein sjå hovudpersonen Paul veksle mellom fantasiar og ekte drama – og det vart nesten som ei krimgåte å finne ut kva som var draum og kva som var sanning.

Her kjem ei oppsummering av det som skjer i De dødes by, men vil du vente med å vite slutten til du ser operaen i Grieghallen i november, bør du stoppe å lese teksten her seinast etter Akt 2!

AKT 1:
Paul er enno i djup sorg, fleire år etter at hans store kjærleik Marie døydde. I eit rom i huset har han laga noko han kallar "Tempelet for fortida", fylt med gjenstandar som tilhøyrde Marie.

Operaen startar med at vennen Frank kjem på overraskande besøk. Brigitta, hushjelpa til Paul, tar imot Frank, og viser han det spesielle minne-rommet, også med mange bilde av den vakre Marie. Ikkje lenge etter kjem Paul inn, og fortel opprømt kva som nettopp har skjedd: Han har møtt ei kvinne på gata som ser akkurat ut som den avdøde kona. No har han invitert denne dobbelgjengaren heim til seg, og klarer knapt å vente.

Snart kjem kvinna, som seier ho heiter Marietta. Ho fortel at ho er ei dansarinne frå Lille som av og til arbeider her i den dystre byen Brügge. Ho syng og flørtar med Paul, og han er bergtatt. Men når vennene i den lystige teatertruppen ropar på henne utanfor, må ho gå.

Paul veit ikkje om han ser syner, eller om det verkeleg er den avdøde kona hans som har vakna til liv igjen. Og er det Marie som kjem og kviskrar om evig kjærleik når han er åleine i huset?

AKT 2:
Paul er heilt opphengd i Marietta. Hushjelpa Brigitta forlet han i protest, fordi ho ikkje orkar å vere vitne til at Paul lever i synd, som ho kallar det. Vennen Frank bryt også med Paul, fordi det viser seg at begge ynskjer å vere elskaren til Marietta.

No blir det ein opera i operaen: Marietta og dei andre i teatertruppen morar seg med å spele ei scene frå Meyerbeers 1800-talsopera Robert le Diable (Djevelen Robert) med den berømte nonneballetten: Ei gruppe nonner vaknar opp frå dei døde, og dansar frekt og forførande for Robert på kyrkjegarden. Marie tolkar med glede hovudrolla som abbedissa Helena.

Paul har spionert på det heile, og er forferda over den lettsindige Marietta, men klarer likevel ikkje å gi slepp på henne – og ho blir med han heim i nattemørket.

AKT 3:
Paul og Marietta er enno i huset hans, og det er dagen for årets religiøse høgdepunkt i byen: Midtpunktet i den fargerike og historiske prosesjonen (som framleis blir arrangert i Brügge kvart år) er relikvieskrinet med nokre dropar av Jesu blod. Den syngande prosesjonen nærmar seg huset til Paul, men han insisterer på at Marietta må skjule seg slik at ho ikkje blir sett av folkemengda.

Marietta oppdagar hårlokken som tilhøyrde Marie, og som Paul har oppbevart som ein slags relikvie. Ho gjer narr av det falma håret, og krev at Paul skal seie at han berre elskar henne - den levande Marietta.

Det endar med at Paul i raseri kveler Marietta med hårlokken. Snart kjem hushjelpa Brigitta tilbake og fortel at ei kvinne er komen på besøk. Det er Marietta som kjem for å hente rosene og paraplyen ho nettopp hadde lagt igjen. Det går opp for Paul at mordet på Marietta berre må har vore ein draum.

EIT LITE PS:
Historia i operaen De dødes by er bygd på den vesle romanen Bruges-la-morte (1892) av den belgiske symbolisten Georges Rodenbach. Men far og son Korngold gjorde sin eigen vri på slutten då dei skreiv librettoen under pseudonymet Paul Schott: I Rodenbachs roman myrdar faktisk hovudpersonen kvinna i siste kapittel – medan Korngold lar det heile vere ein draum som Paul vaknar opp av.

Korleis regissøren Calixto Bieito vel å avslutte operaen, vil du sjå når De dødes by har norgespremiere her i Bergen i november.

Siste nyheter

Robin hood nhb

Korngolds gylne tonar

Som opptakt til norgespremieren på operaen De dødes by, kan du no bli litt betre kjend med den to gonger Oscar-vinnande Hollywood-komponisten Erich Wolfgang Korngold. Her er fire gylne eksempel.

Eivind Flesland web

Kunst og kultur i motgangstider

Vi treng eit styrka kulturliv som beredskap - dette vert eit tema på Arendalsuka, der eg skal snakka med politikarar om dei store spørsmåla. Er kultur på deira liste, eller berre noko me syslar med i medgongstider?