Hopp til innhold

Eventyrleg oktober med Rusalka

Operasjef Eivind Gullberg Jensen opnar sesongen med å sjølv dirigere ein personleg favoritt: den tsjekkiske nasjonalskatten Rusalka. (Oppdatering: Utsett til våren 2023 pga streiken i kultursektoren.)

Oppdatering: Avlyst pga streik:
Streiken i kultursektoren har resultert i at vi må avlyse alle forestillingene av Rusalka, som skulle stått på scenen 23., 25. 27. og 29. oktober 2021 i Grieghallen. (Oppdatering: Rusalka blir satt opp våren 2023 i stedet.)

Les mer om avlysningen her

Til å tolke eventyroperaen om vassnymfa Rusalka som forvandlar seg til eit menneske har Gullberg Jensen like godt bestilt den kjende regigruppa bak opningsseremonien for sommar-OL i Barcelona, nemleg La Fura dels Baus, som no er i full gang med prøvene i Grieghallen.

Den flunkande nye versjonen av Rusalka, med scenografi og kostymar, er spesiallaga for Bergen Nasjonale Opera.

ROLLEDEBUT FOR MALIN BYSTRÖM
Gullberg Jensen har handplukka både norske og utanlandske solistar til Rusalka :

Rusalka - fra prøvene

Den svenske sopranen Malin Byström, kjend frå sterke tittelroller som Salome, Jenůfa og Tosca, rolledebuterer som Rusalka. Bassen Jongmin Park har spelt vassmannen Vodník gjennom fleire sesongar ved Wiener Staatsoper, og no kjem han opp frå djupet for å formane dottera Rusalka også her i Grieghallen.

BERGENSK HEKS
Og den handlekraftige heksa Ježibaba er frå Bergen: Mezzosopranen Hege Høisæter har lang erfaring både frå klassiske roller ved Den Norske Opera & Ballett, og som ein markant utøvar av samtidsmusikk. Høisæter rolledebuterer altså på heimebane som Ježibaba, og publikum kan sjå fram til ein sterk skapnad som er langt meir enn ei vanleg eventyrheks.

SJELDAN FRAMFØRT I NORGE
Rusalka av Antonín Dvořák er ein av nasjonalskattane i Tsjekkia, og tilhøyrer operaens kjernerepertoar, men her i landet er denne romantiske og melodiøse operaen enno ei sjeldan framført perle: Faktisk var det Gullberg Jensen sjølv som dirigerte Rusalka då Den Norske Opera & Ballett framførte operaen for første gong i Noreg i 2009, med Solveig Kringlebotn i tittelrolla. Dette vart også starten på den første fulle haustsesongen i det nye operabygget i Bjørvika, og framsyninga vart også direktesendt på NRK2.

Seinare har Gullberg Jensen dirigert Rusalka både ved operaen i Zürich, Teatro dell’Opera di Roma og Wiener Staatsoper.

UTANFORSKAP SOM TEMA
Med klassikaren Rusalka kan publikum fryde seg over magiske vesen, ei skummel heks, ein forelska prins og meir til, men den katalanske regissøren Àlex Ollé vil også gå djupare enn å berre formidle eit eventyr:

For han er den fatale kjærleikshistoria om Rusalka og prinsen også ei forteljing om utanforskap og det å vere annleis, som går rett inn i vår eiga samtid. Rusalka prøver å tilpasse seg menneskeverda for å bli sett og elska av prinsen, men må ofre språket, og blir dermed misforstått og brutalt avvist.

Ollé ba staben i Bergen Nasjonale Opera om å rekruttere personar som ein vanlegvis ikkje ser i ei tradisjonell operaoppsetjing, og seks medlemmer av gruppa Teatertigrene (lenke) i Bergen er no engasjerte som statistar i Rusalka.

OL-REGISSØREN ÀLEX OLLÉ
Regissøren Àlex Ollé frå Barcelona er kjend som ein framifrå historieforteljar, og med vekt på estetiske produksjonar. Han har også regissert ein lang rekkje andre operaer, m.a. i samarbeid med Sydney Opera House, Salzburg-festivalen og Royal Opera House i London. Ein del av det norske publikummet vart også kjend med Àlex Ollé og scenografen Alfons Flores då Ligetis einaste opera, Le grand macabre, vart vist i all si burleske prakt på Den Norske Opera & Ballett i 2013. Ollé og gruppa hans La Fura dels Baus regisserte også opninga av Barcelona OL i 1992.

VERDSKJEND SONG TIL MÅNEN
Er operaen Rusalka ukjend for deg, er det likevel godt muleg at du nikkar gjenkjennande til «Rusalkas song til månen» (Měsíčku na nebi hlubokém) derifrå, som har gitt mang ein lyttar gåsehud.

Denne overjordiske arien kjem allereie i 1. akt, når vassnymfa Rusalka sit og lengtar etter kjærleiken – før heksa Ježibaba kjem og forvandlar henne om til menneske. Her i eit videoklipp frå The Metropolitan Opera i New York, med sopranen Renée Fleming som Rusalka:

RUSALKA
Eventyropera i tre akter

Antonín Dvořák / Musikk
Jaroslav Kvapil / Libretto

For foto og biografier, se her (lenke)

Kunstnerisk team:
Eivind Gullberg Jensen / Dirigent
Àlex Ollé / Regi
Alfons Flores / Scenografi
Lluc Castells / Kostymedesign
Urs Schönebaum / Lysdesign
Håkon Matti Skrede / Kormester

Solister:
Malin Byström / Rusalka
Allison Cook / Den fremmede fyrstinnen (Cizí kněžna)
Jongmin Park / Vodník
Hege Høisæter / Ježibaba
Igor Gnidii / Viltvokteren (Hajný)
Siv Oda Hagerupsen / Kjøkkenjenten (Kuchtík)
Hamida Kristoffersen / Første skogsnymfe (První žínka)
Marcela Randem / Andre skogsnymfe (Druhá žínka)
Monika Jägerová / Tredje skogsnymfe (Třetí žínka)
Ian Marcus Bjørsvik / En jeger (Lovec)

Teatertigrene / Statister

Bergen Filharmoniske Orkester
Edvard Grieg Kor
Damestemmer fra Bergen Filharmoniske Kor

Synges på tsjekkisk, tekstes på norsk
Varighet ca. 3 timer, inkludert 30 minutter pause

Innledning ved Nicolai Riise én time før forestillingen i Grieghallens foajé i 2. etasje

En ny produksjon fra Bergen Nasjonale Opera

Presenteres av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Musikkselskapet Harmonien og Edvard Grieg Kor

Foto Malin Byström: Peter Knutson

Siste nyheter

Storm

En stormende tragedie

I Katja Kabanova rives vi med fra første stund. Tekst og musikk er pakket sammen som om det gjaldt livet - og det gjør det. Janáček viser oss opera på sitt beste når han bretter ut sin musikalske rikdom over et heftig drama om ung kjærlighet.

Katja Kabanova

Kva skjer i Katja Kabanova?

Katja drøymer om å vere fri som fuglen. Men ho er fanga i eit ulukkeleg ekteskap, og med ei brutal svigermor som kontrollerer både henne og ektemannen. Så kva gjer ho når den sjarmerande Boris dukkar opp? Her er handlinga i Janáčeks opera, som har premiere hausten 2023.

Stillbilde Leif Ove Andsnes og Eivind 10

Dilla på Dvořák

Har du eit favorittstykke av Dvořák? Eller kjenner du ingenting av han, meiner du? Bli med til Tsjekkia og USA – og på måneferd med Neil Armstrong – i dette utvalet med seks av hans klassiske hits utanom Rusalka.

Leif Ove Andsnes og Eivind Gullberg Jensen

- Melodiene er fantastiske

- Dvořák har det samme talentet som de store operakomponistene Mozart og Verdi, sier pianist Leif Ove Andsnes. Her hører du han spille utdrag fra Rusalka.

Leif Ove Andsnes og Eivind Gullberg Jensen

"Det er trylleri!" - Leif Ove Andsnes

Bli med hjem til Leif Ove Andsnes og et dypdykk i musikken til Rusalka, med musikalske smakebiter fra både operaen og andre kjente mesterverk underveis!

La Fura dels Baus

Fra OL i Barcelona til Rusalka i Bergen

La Fura dels Baus har over 40 års erfaring fra produksjoner som inkluderer åpningsseremonien til OL i Barcelona (bildet), majestetiske operaer og store konserter.