Asle og Alida
Fleire år før Jon Fosse mottok Nobelprisen i litteraturen i 2023, vart han spurd av den då påtroppande operasjefen Eivind Gullberg Jensen i Bergen Nasjonale Opera om å skapa teksten til ein ny opera. Fosse valde kjærleikshistoria frå Trilogien, om dei to fattige tenåringane Asle og Alida som seglar inn til byen Bjørgvin. Dei leitar etter ei trygg hamn i ei hard verd, og søkjer trøyst i musikken og i kvarandre. Når alle nektar å opna dørene for den unge felespelaren og den gravide kjærasten hans, tek han drastiske val.
"For mig handler operaen om de tre bibelske begreber: Tro, Håb og Kærlighed, og frem for alt om sammensmeltningen mellem de tre. Troen på håbet, håbet om kærlighed, og som altid: Størst af alt er kærligheden. I Asles og Alidas tilfælde rækker kærligheden så ud over døden - døden skiller dem ikke ad. Musikken forsøger at fange den skønhed og gru, der ligger i kampen for kærligheden." Bent Sørensen
Asle og Alida – verdspremiere laurdag 29. mars 2025
ASLE OG ALIDA
Bent Sørensen / Musikk
Jon Fosse / Libretto
etter Trilogien av Jon Fosse
KUNSTNARLEG TEAM
Johannes Gustavsson / Dirigent
Sofia Adrian Jupither / Regi
Erlend Birkeland / Scenografi
Maria Geber / Kostymedesign
Ellen Ruge / Lysdesign
Emi Stahl / Videodesign
Håkon Matti Skrede / Kormeister
MEDVERKANDE
Wiktor Sundqvist / Asle
Louise McClelland Jacobsen / Alida
Johannes Weisser / Den eldre mannen
Randi Stene / Den eldre kvinna
Christina Jønsi / Den yngre kvinna
Frank Kjosås / Åsleik
Alma Kraggerud / Felespelar
Bergen Filharmoniske Orkester
Edvard Grieg Kor
Verdspremiere i Grieghallen laurdag 29. mars 2025 kl. 18
Også 31. mars, 2. og 4. april kl. 19
Ein ny produksjon frå Bergen Nasjonale Opera, i samarbeid med Det Kongelige Teater i København.
Presentert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Musikkselskapet Harmonien og Edvard Grieg Korene.
Etter verdspremieren i Bergen vart Asle og Alida spela i København i mai og juni 2025
Video: Max Thillaye
More info