Nattfolket / Trailer
– Sjarmerende som bare det. Aftenposten
– Ein morosam opera for både ung og gamal. Dag og Tid
– Strålende sangere. Bergens Tidende
– Stor og fantasifull detaljrikdom. Scenekunst.no
– Nattfolket har eit tempo som gjer det umogeleg å kjeda seg. Periskop
Nattfolket er ein humoristisk og leiken familieopera som blandar ei rekkje stilartar og referansar både frå operahistoria – som Mozarts Tryllefløyten og Bizets Carmen – i tillegg til kjende norske barnesongar, popmusikk, samtidsmusikk og rytmiske sprell.
Historia er alvorleg og humoristisk på same tid – det er rett og slett ein fugleopera som talar naturen si sak. Bygda Indre Kluredal er delt i to: Det lokale sentrumet med rådhus, og ein gammal eikeskog der Nattfolket – nokre fugleaktige, menneskeliknande vesen – lever i eit slags magisk univers. Alle i Nattfolket elskar å syngja og å herma etter lyd. Dei er sky og likar ting frå gamle dagar. Få veit at dei finst.
Ordføraren i Indre Kluredal, skogeigaren Kjell, kjem i konflikt med Nattfolket. Dei vil miste livet sitt dersom eikeskogen vert flathogd for å gje plass til det nye hyttefeltet og naturparken Kjell vil byggje. Den einaste motkrafta Nattfolket har, er at dei har ei heks som kan ta songstemma frå folk, slik at livet vert trist for menneska.
Noah og Ciril må henta hjelp frå sjølvaste dronninga i hovudstaden. Og ho er klar som eit egg til å bidra – ho vil vera ei folkedronning!
Nattfolket er ein eventyrleg familieopera for alle frå 8 år og oppover. Operaen handlar enkelt sagt om avskoging og behovet for å ta vare på naturen – ei velkjend tematikk i dagens Noreg - samstundes handlar den også om gleda ved det å synga!
NATTFOLKET
Knut Vaage / Musikk
Bjørn Sortland / Libretto
KUNSTNERISK TEAM
Ingar Bergby / Dirigent
Erik Ulfsby / Regissør
Belinda Braza / Koreograf
Vasylyna Kharchevka/ Scenograf
Ingrid Nylander / Kostymedesignar
Torkel Skjærven / Lysdesignar
Thorolf Thuestad / Lyddesignar
Håkon Matti Skrede / Kormeister
Ingeborg Ekeland / Kormeister barnekor
Lillian Bikset / Dramaturg
MEDVERKANDE
Maia Reppe / Noah
Eldrid Gorset / Ciril
Håvard Stensvold / Kjell
Siv Oda Hagerupsen / Gunn, Cyrewen
Ivi Karnezi / Dronning Bibbi Jeanette
Eirik del Barco Soleglad / Hytteinvestor
Tormod Løvold / Hytteinvestor
Jonas Fuglevik Urstad / Herold
Musikarar frå Bergen Filharmoniske Orkester
Edvard Grieg Vokalensemble
Songarar frå Edvard Grieg Jentekor
Songarar frå Edvard Grieg Guttekor
Framført og teksta på norsk
Varigheit 75 minutter, utan pause
Bergen / Urpremiere laurdag 6. juni 2026, spelast også 7. - 9. juni på Cornerteateret
Operaen dreg vidare til Trondheim Symfoniorkester & Opera (oktober 2026) og Den Norske Opera & Ballett (januar 2027)
Ein samproduksjon mellom Festspillene i Bergen og Bergen Nasjonale Opera m/Musikkselskapet Harmonien og Edvard Grieg Korene, Den Norske Opera & Ballett, Trondheim Symfoniorkester & Opera og Den Nationale Scene.
Framsyninga er gjort mogleg med generøs støtte frå Stiftelsen Abraham Odfjell.
Video av Monika Kolstad og Sunniva Øiestad
Illustrasjon av Lukas Hauge Klemsdal
More info