Hopp til innhold

Nattfolket

Kjøp billetter

Nattfolket

Spilleperiode

06 - 09. juni

Sted

Cornerteateret

Spilletid

1t 15min

Billetter

450

Ordføraren og investorane vil hogge ned den gamle eikeskogen for å byggja hytter. Ungdommane Ciril og Noah tek opp kampen for å redda skogen og alle som bur der.

Urpremiere på Festspillene! Nattfolket er ein humoristisk og leiken opera som blandar ei rekkje stilartar og referansar både frå operahistoria – som Mozarts Tryllefløyten og Bizets Carmen – i tillegg til kjende norske barnesongar, popmusikk, samtidsmusikk og rytmiske sprell. Historia er alvorleg og humoristisk på same tid – det er rett og slett ein fugleopera som talar naturen si sak.

Bygda Indre Kluredal er delt i to: Det lokale sentrumet med rådhus, og ein gammal eikeskog der Nattfolket – nokre fugleaktige, menneskeliknande vesen – lever i eit slags magisk univers. Alle i Nattfolket elskar å syngja og å herma etter lyd. Dei er sky og likar ting frå gamle dagar. Få veit at dei finst.

Ordføraren i Indre Kluredal, skogeigaren Kjell, kjem i konflikt med Nattfolket. Dei vil miste livet sitt dersom eikeskogen vert flathogd for å gje plass til det nye hyttefeltet og naturparken Kjell vil byggje. Den einaste motkrafta Nattfolket har, er at dei har ei heks som kan ta songstemma frå folk, slik at livet vert trist for menneska.

Noah og Ciril må henta hjelp frå sjølvaste dronninga i hovudstaden. Og ho er klar som eit egg til å bidra – ho vil vera ei folkedronning!

Nattfolket er ein eventyrleg familieopera for alle frå 8 år og oppover. Operaen handlar enkelt sagt om avskoging og behovet for å ta vare på naturen – ei velkjend tematikk i dagens Noreg - samstundes handlar den også om gleda ved det å synga!

NATTFOLKET
Har du ei stemme - så syng!

Knut Vaage / Musikk
Bjørn Sortland / Libretto

KUNSTNERISK TEAM
Ingar Bergby / Dirigent
Erik Ulfsby / Regissør
Belinda Braza / Koreograf
Vasylyna Kharchevka/ Scenograf
Ingrid Nylander / Kostymedesignar
Torkel Skjærven / Lysdesignar
Håkon Matti Skrede / Kormester
Lillian Bikset / Dramaturg

MEDVIRKENDE
Maia Reppe / Noah
Eldrid Gorset / Ciril
Håvard Stensvold / Kjell
Siv Oda Hagerupsen / Gunn (Cyrewen)
Ivi Karnezi / Dronning Bibbi Jeanette
mfl.

Bergen Filharmoniske Orkester
Edvard Grieg Vokalensemble
Edvard Grieg Jentekor
Edvard Grieg Guttekor

Synges på norsk, tekstes på norsk
Varigheit 75 minutter, utan pause
Urpremiere lørdag 6. juni 2026 kl. 15
Spelast også 7. juni kl 15, 8. og 9. juni kl. 18

Ein samproduksjon mellom Festspillene i Bergen og Bergen Nasjonale Opera m/Musikkselskapet Harmonien og Edvard Grieg Korene, Den Norske Opera & Ballett, Trondheim Symfoniorkester & Opera og Den Nationale Scene.

Framsyninga er gjort mogleg med generøs støtte frå Stiftelsen Abraham Odfjell.

Illustrasjon av Lukas Hauge Klemsdal

Medvirkende


Samtlige spilledatoer


06/06 Lørdag 15.00
Cornerteateret Kjøp billetter
Kjøp billetter
07/06 Søndag 15.00
Cornerteateret Kjøp billetter
Kjøp billetter
08/06 Mandag 18.00
Cornerteateret Kjøp billetter
Kjøp billetter
09/06 Tirsdag 18.00
Cornerteateret Kjøp billetter
Kjøp billetter