Hopp til innhold

Kva skjer i Valkyrien på Oseana?

Skal du vere publikum på sommaroperaen søndag 29 juni? Her får du vite kva som skjer i 1. akt av Valkyrien av Wagner – og bli betre kjend med Hunding og tvillingane Sieglinde og Siegmund.

Som avslutning på årets sommarakademi Opera ved fjorden 2025 får vi oppleve heile 1. akt av Valkyrien (Die Walküre), med Akademiorkesteret og desse tre unge solistane:

Siegmund: Robert Skovly (tenor)
Sieglinde:
Hedvig Haugerud (sopran)
Hunding:
Jacob Abel (bass)

I fjor på Oseana fekk akademistane bryne seg på høgdepunkt frå Rhingullet, som er forspelet til den gigantiske Ring-syklusen av Richard Wagner (1813-1883) – med operaene Valkyrien, Siegfried og Götterdämmerung. Wagner skapte både musikken og teksten til heile Der Ring des Nibelungen, med inspirasjon frå norrøn og germansk mytologi.

HANDLINGA I VALKYRIEN – FØRSTE AKT:
Forspel og 1. scene:
Det stormar og tordnar i orkesteret. Siegmund er på flukt, og søkjer utmatta ly i eit hus i skogen. Der bur Sieglinde som lever ulukkeleg etter at ho som barn vart bortført av røvarar, og deretter gitt vidare som brud til Hunding. Siegmund kjenner ei underleg dragning mot denne kvinna, men enno anar han ikkje kvifor. Sieglinde gir han noko å drikke, og søt musikk oppstår bokstaveleg tala – med ein vakker cello-solo som blir følgd av dei andre strykarane og treblås-instrument.

Sieglunde ser at Siegmund har sår på kroppen, og han fortel at han har flykta frå fienden, og har mista våpena sine. Han vil reise vidare, og seier at det berre følgjer ulukke i hans fotspor, men Sieglinde overtalar han til å bli verande. Ho fortel at både ho og huset tilhøyrer ein som heiter Hunding.

2. scene:
Når Hunding kjem heim ser han straks at den framande og Sieglinde liknar på kvarandre, og seier til seg sjølv at dei begge har dei same slange-aktige auga:

Wie gleicht er dem Weibe!
Der gleißende Wurm
glänzt auch ihm aus dem Auge.

Siegmund svarar berre gåtefullt når Hunding og Sieglinde spør kva han heiter, og at han i alle fall ikkje kan kallast Friedmund (Den fredelege), før han fortel ei dramatisk historie frå barndommen: Ein dag han og faren kom heim frå jakt, var heimen brent ned og mora myrda – og tvillingsøstera hans forsvunnen. Deretter levde han og faren mange år i skogen, til også faren forsvann. [Publikum forstår at faren må vere guden Wotan, ein parallell til Odin.]

Når Sieglinde spør korleis han mista våpena sine, fortel Siegmund at han prøvde å hjelpe ei jente mot å bli tvangsgift, men at det viste seg at han dermed drap brørne hennar. Hunding forstår då at den framande har myrda nokre frå hans eigen klan, og utfordrar han til duell. Skikken seier likevel at han må la gjesten få overnatte i fred først, men kunngjer at når dagen gryr er han klar til kamp.

3. scene:
Siegmund står igjen åleine og fortvila, og tenkjer på at faren lova han at eit sverd skulle kome til syne når han var i naud. Samtidig er han fylt av lys og glede når han tenkjer på kvinna han nettopp har møtt, men som er kona til den krigerske Hunding.

Sieglinde kjem listande inn og røper at ho har gitt Hunding ein drikk som gjer at han søv tungt. Ho fortel også at ho veit kvar Siegmund kan få tak i eit våpen, om han berre er den rette: I bryllaupet hennar kom ein gråkledd og einøygd mann inn og sette eit sverd med full kraft inn i asketreet som huset er bygd rundt. Mannen sa at den som klarte å dra ut sverdet, skulle få det til odel og eige, men ikkje ein einaste var sterk nok.

Begge forstår at no dei er tvillingane Siegmund og Sieglinde – barn av Wotan – og musikken blir fylt av jublande vårstemning og kjærleik. Siegmund klarer sjølvsagt å dra ut sverdet av treet, og søskena rømer frå huset før Hunding vaknar. Slik sluttar 1. akt.

Musikalsk forsmak
Vil du bli litt betre kjend med den musikalske stilen i Valkyrien, tipsar vi om dette utdraget frå statsoperaen i Stuttgart – i den avsluttande duetten, der Siegmund (Michael König) og Sieglinde (Simone Schneider) begeistra forstår at dei er tvillingar, og prisar våren (der Lenz) og kvarandre. Det startar også med eit typisk døme på det saftige og poetiske språket til Wagner, fullt av bokstavrim:

Winterstürme wichen dem Wonnemond,
in mildem Lichte leuchtet der Lenz;
auf linden Lüften, leicht und lieblich
Wunder webend er sich wiegt ...

Eit lite PS til deg som er nysgjerrig på kva som skjer etterpå:
Operaen Die Walküre har namn etter valkyrien Brünnhilde, som dukkar opp i 2. og 3. akt. Ho er dottera til Wotan og Erda, og prøver å hjelpe Siegmund. Men Hunding drep Siegmund i 2. akt, og i 3. akt (som startar med det berømte Valkyrienrittet) rømer Brünnhilde med Sieglinde, som no er gravid med Siegmunds barn.

Siegfried er namnet på den neste operaen, og Siegfried er altså sonen til tvillingane Sieglinde og Siegmund. I norrøn mytologi tilsvarar han Sigurd Fåvnesbane. Den siste operaen i Ringsyklusen heiter dramatisk nok Götterdämmerung (Ragnarok), og der blir Siegfried drepen med sverd av Hagen – sonen til svartalven Alberich som stal gullskatten frå Rhindøtrene i Rhingullet.

Tekst og video-utval: Møyfrid Engeset / Bergen Nasjonale Opera 2025

Siste nyheter

Stolt Eivind på verdspremieren til Asle og Alida

Stolt operasjef

Aldri har eg vel vore stoltare operasjef enn eg var i går kveld, etter verdspremieren på Asle og Alida.

Sofia Adrian Jupither

- Jeg elsker måten han skriver på

- Trilogien er blant verkene som har berørt meg aller mest av alle bøkene jeg noensinne har lest, forteller regissør Sofia Adrian Jupither.

Kostyme Asle Alida Maria Geber web

Ei tidlaus historie

Forteljinga om Asle og Alida er tidlaus - det har kostymedesignar Maria Geber brukt mykje tid på å få fram i kostyma til songarane.

Asle og Alida - Louise og Wiktor

Endelig i gang!

Det er fem uker til verdenspremieren på Jon Fosse-operaen Asle og Alida og denne uken møttes sangerne for første gang til prøvestart.