Hopp til innhold

Korngolds gylne tonar

Som opptakt til norgespremieren på operaen De dødes by, kan du no bli litt betre kjend med komponisten Korngold. Her er fire gylne eksempel.

Aller først kan du bli med til Hollywood anno 1938. Du sit i kinomørkret og ser filmstjerna Erroll Flynn i grøne strømpebukser svinge seg gjennom Sherwoodskogen for første gong. Til både fartsfylt og romantisk musikk er han helten i The Adventures of Robin Hood, og får kysse den vakre Lady Marian, alias den like kjende Olivia de Havilland:

The Adventures of Robin Hood får 3 ulike Oscar-prisar – og den eine er for filmmusikken. Kven er komponisten? Ein austerrikar med namnet Erich Wolfgang Korngold, som dette året ikkje kunne vende tilbake til heimlandet fordi verka hans hadde blitt bannlyst av nazistane fordi han var jøde.

Allereie tidleg på 1900-talet var Korngold kjend som eit musikalsk vedunderbarn i Wien, og som 23-åring vart verdspremieren på operaen De dødes by (Die tote Stadt) i 1920 ein dundrande suksess, og med dobbelpremiere både i Köln og i Hamburg.

Den smektande songen i første akt, "Glück das mir verblieb", er dei mest kjende tonane frå operaen, og blir også gjerne brukt som enkeltståande song på konsertar. Og har du sett kultfilmen The Big Lebowski av brørne Coen, dukkar melodien sanneleg også opp der. Her kan du høyre den sveitsiske sopranen Regula Mühlemann på utandørs konsert, med "Marietta's Lied", som songen også blir kalla:

I De dødes by er dansaren Marietta med i ein lystig teatertrupp, der skodespelaren Fritz har rolla som klovnen Pierrot. I vår versjon i november får vi oppleve den norske barytonen Audun Iversen som Fritz, som i 2. akt er i det melankolske hjørnet, med "Mein Sehnen, mein Wähnen" (Min lengsel, min fantasi.) Her får du høyre Matthias Goerne med denne songen, som også blir kalla "Pierrot-Lied":

No har du høyrt dei to mest kjende songane frå De dødes by, som begge er veldig melodiøse og smektande. I tillegg kan vi gle oss til fargesprakande og feite orkesterklangar, for Korngold er kjend for å måle tonane med brei pensel – og å skrive for stort orkester, som gjerne tøyer grensene for kva det er plass til i ei orkestergrav. Korngold er slik sett også samanlikna med sine forgjengarar Puccini, Mahler og Richard Strauss.

Til slutt kan du bli kjend med korleis Korngold elles skreiv for symfoniorkester. Han hadde klart å livnære seg og familien ved å komponere musikk for Hollywood, men i 1945 var den andre verdskrigen over, og no tok han fatt på å skrive uavhengige verk. I Fiolinkonserten blunka han likevel litt tilbake til fortida, med å bruke tema frå fire ulike filmar han hadde laga musikken til. Fiolinkonserten vart tileigna Alma Mahler, enka etter komponisten og støttespelaren hans i barndommen, Gustav Mahler. Og urframført av legenda Jascha Heifetz i 1947 i USA. Her er Korngolds eigne ord om Heifetz:

Trass i kravet om å vere virtuos i finalen, har dette verket også mange melodiske og lyriske deler, som ville passe betre for ein Caruso enn ein Paganini. Det er overflødig å seie kor glad eg er for at konserten min blir framført av Caruso og Paganini i éin person: Jascha Heifetz.

Her er heile konserten med den canadiske fiolinisten James Ehnes, som også har vore solist med Bergen Filharmoniske Orkester fleire gonger. Dei første, glitrande tonane er henta frå Hollywood-filmen Another Dawn:

Fotoet øverst: Erroll Flynn i tittelrolla i filmen The Adventures of Robin Hood (1938) / Warner Bros.

Siste nyheter

De dødes by

Kva skjer i De dødes by?

Gjer deg klar til eit trekantdrama utanom det vanlege! Den forelska og forvirra Paul står midt mellom to kvinner som ser heilt identiske ut: Den eine er hans avdøde kone Marie, den andre er den livsglade dansarinna Marietta.

Eivind Flesland web

Kunst og kultur i motgangstider

Vi treng eit styrka kulturliv som beredskap - dette vert eit tema på Arendalsuka, der eg skal snakka med politikarar om dei store spørsmåla. Er kultur på deira liste, eller berre noko me syslar med i medgongstider?