Hopp til innhold

Konkurrent til Nystemten?

Har byen fått ein konkurrent til sjølvaste Nystemten? Her er heile teksten til songen "Bergen, å Bergen!", som er ein av godbitane på maskeballet i Flaggermusen.

Ei av fleire overraskingar på festen i 2. akt, er når den fine Oslo-frua Rosalinde (spelt av Ivi Karnezi) kjem inn i ein svært så moderne bunad og syng ei herleg hylling til Bergen, i ein musikalsk mix av ungarsk csárdás og norsk hardingfele-klang i lag med Ragnhild Hemsing.

UNDERCOVER SOM BERGENSAR
I den originale arien frå 1874, som heiter "Klänge der Heimat", latar Rosalinde frå Wien som ho er ei ungarsk grevinne, slik at ikkje ektemannen skal kjenne henne igjen på maskeballet. I vår heilt nyskrivne versjon er dette snudd om til at Rosalinde latar som ho er erke-bergensar. Og Rosalinde stiller då med eit så feiande flott og rørande kvad, at alle gjestene er samde om at ho er meir enn verdig nok til å vere frå Bergen.

Her fortel sopranen Ivi Karnezi kort om Csárdásen og rolledebuten som Rosalinde:

Fleire begeistra kommentarar frå publikum etter premieren har vore at "dette må jo bli den nye Nystemten!", og nedanfor kan du lese heile teksten på BERGEN, Å BERGEN. Den nye handlinga i Flaggermusen er laga i oppdrag for Bergen Nasjonale Opera av dansken Adam Price, medan Eirik del Barco Soleglad (som også spelar rolla som overbetjent Frosch) har kledd songen i bergensk språkdrakt:

BERGEN, Å BERGEN!
(tekst: Adam Price og Eirik del Barco Soleglad)

Bergen, å Bergen! Mitt hjerte er din fange.
Dine gater trange med kriker, smitt og smau.

Hører du regnet på brosteinen faller?
Ja, den kaller. Da vet du hvor du bor:

I Bergen! Her er Bjørgvins gamle by!
Som lever med et tusenårig ry.

Se Gyldenpris en kveld når solen står på hell.
Da blir jeg så lykkelig på ny.

Min fødsels vakre by, der hvor sjelen kan sveve fritt!
Du, min lengsels by!

Hver gang jeg reiser fra deg,
så lengter jeg tilbake til deg, dag og natt.

Å Bergen! Her er Bjørgvins gamle stad!
Til byen under skyen går mitt kvad.

Fra Løbergsveien 1 til Meyermarkens plen,
i min sjel står husene på rad.

Hardingfelespill, vi vet jo hva det vil:
Hør, nå er det ball i Dovregubbens hall!

Bergensjenter må ta Fanabunad på!
Søljen blank og fin når vi danser inn.

Knall i padden, hils på knadden!
Kom no kompis, kom no tjommi!
Se og kom igjen!

Hils "hallaien"! Rist på daien!
Ta din nystemte cithar med!

Hardingfelespill, kjenn da at du er til!
Hør, nå er det ball i Dovregubbens hall!

Ragnhild Hemsing, Ivi Karnezi og Eiric del Barco Soleglad - Foto: Magnus Skrede

MAGISK HARDINGFELESPEL
I denne fornorska vrien på Flaggermusen er det også fletta inn eit arrangement for hardingfele, som legg ein trolsk klang på Csárdásen, takka vere Ragnhild Hemsing frå Valdres. Ho stiller sporty opp i svart lateks, som matchar den Lady Gaga-aktige bunaden til Rosalinde. Antrekka er designa av Helena Andersson, og sydde og dekorerte av kostymeavdelinga på Den Nationale Scene.

Den allsidige musikaren Ragnhild Hemsing kjem snart tilbake til Bergen, men byttar då frå hardingfele til fiolin, når ho skal vere solist med BFUng (Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester) 25. april i eit moderne verk, nemleg Fiolinkonsert nr. 1 av Philip Glass. Og månaden etter er ho årets festivalmusikar på Festspillene i Bergen, med både fiolin og hardingfele. M.a. skal ho spele hardingfele på opningsframsyninga Peer Gynt, med Griegs musikk.

Flaggermusen Ragnhild Hemsing Foto Magnus Skrede

Foto: Magnus Skrede
Artikkel-tekst: Møyfrid Engeset

PS: Vi har sjølvsagt ikkje gløymt Nystemten i Flaggermusen! Han blir framført som allsong på maskeballet hos Karl-Maria Ulriken i god tid før innslaget med "Bergen, å Bergen!". Ulriken inviterer kvar kveld ein ny overraskingsgjest frå salen som forsongar, og på premieren laurdag var det tidlegare statsminister Erna Solberg som var forsongar på Nystemten i Grieghallen – og måndagskvelden Karoline Krüger.


Siste nyheter

Albert Dohmen og Eivind Gullberg Jensen

Wagner-legenden ser fremtiden på Os

- Umiddelbart synes jeg dette var en strålende idé, forteller en av vår tids fremste Wagner-tolkere, sangeren Albert Dohmen. Han er en av lærerkreftene i dette årets Opera ved fjorden.

NHB 3 damer 1

Fantasifulle kostymer

Få en sniktitt på kostymene til Tryllefløyten og Rhingullet, som fremføres på Opera ved fjorden sommerakademi i juni!

Eivind Gullberg Jensen OVF24

Setter rekord med eventyrlig sommerakademi

- Eventyrene står i fokus når verk av to av de mest kjente operakomponistene skal fremføres under Opera ved fjordens to konserter, forteller operasjef Eivind Gullberg Jensen.

Annika Beinnes ariekonsert Opera ved fjorden

Wagner-opera og favorittarier

På den storslåtte avslutningen av årets sommerakademi Opera ved fjorden byr vi på sangernes favorittarier og ikke minst høydepunkt fra Wagners Rhingullet!