Hopp til innhold

Ragnhild Hemsing

Kva har hardingfele med Flaggermusen å gjere? Det får du vite når Ragnhild Hemsing stiller som solist i mars!

Ragnhild Hemsing vart fødd i Valdres i 1988, i hjartet av Folkemusikk-Noreg. Ho byrja å spele fiolin då ho var fem, og studerte ved Barratt Due musikkinstitutt i Oslo og deretter med professor Boris Kuschnir i Wien.

Då ho var berre 14, debuterte Hemsing med Bergen Filharmoniske Orkester, der ho framførte Mendelssohns fiolinkonsert. Same år spela ho med Trondheim Symfoniorkester, og året etter vart ho invitert til å spele med Oslo-Filharmonien. Etter det har ho spela med alle dei større norske orkestera. Ho har også vore aktiv som solist internasjonalt, m.a. som solist med DR SymfoniOrkestret, Göteborgs Symfoniker, NDR Radiophilharmonie i Hannover og Tonhalle-Orchester Zürich.

Hemsing har eit stort repertoar med klassiske soloverk for fiolin, og supplerer det med meir uvanlege og kompliserte verk skrivne for hardingfele. Innanfor samtidsmusikk kan vi nemne samarbeidet med den norske komponisten Lasse Thoresen og den unge norske koreografen Hallgrim Hansegård. Saman har dei framført «Yr» av Lasse Thoresen, over heile Noreg og på internasjonale scener. I etterkant har Hemsing spela inn dette verket på plate – den første soloplata hennar – på plateselskapet Simax. Denne cd-en og innspelinga hennar av Halvorsens «Fossegrimen» op. 21 for Chandos med Bergen Filharmoniske Orkester og Neeme Järvi fekk framifrå omtale frå kritikarane. Etterpå inviterte Järvi Ragnhild Hemsing til å spela med Estonian National Symphony Orchestra i februar 2012.

Ragnhild Hemsing har vore gjesteartist ved alle dei store festivalane og konserthusa i Noreg, mellom andre Festspillene i Bergen, Festspillene i Nord-Norge, kammermusikkfestivalane i Oslo, Stavanger og Trondheim, Nordlysfestivalen i Tromsø, Hardingtonar og Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, der ho har kombinert folkemusikk med eit klassisk repertoar. Ho har også opptredd på ei rekkje festivalar, og spelt recitaler i m.a. Wigmore Hall, Kennedy Center i Washington D.C og Schwetzinger SWR Festspiele.

I 2017 spelte Hemsing inn plata «Northern Timbre» frå 2017 med pianisten Tor Espen Aspaas på plateselskapet 2L, med eit tvers gjennom nordisk repertoar. Hemsing har motteke mange prisar, mellom anna First Prize og European Union Prize under Kocian International Violin Competition. I 2012 fekk ho den prestisjetunge Arve Tellefsens Musikerpris. Etter debuten ved Beethovenfest Bonn 2013 fekk ho den anerkjente prisen Beethoven-ring av foreininga «Borgarar for Beethoven».

Saman med systera Eldbjørg Hemsing spelte ho inn ein timelang dokumentar om livet til Ole Bull – eit program som fekk ein EBU-pris. Saman med systera er Ragnhild også kunstnarleg leiar for Hemsingfestivalen, ein kammermusikkfestival for intime møte med stor musikk i februar månad kvart år. Vinterfestivalen i Aurdal i Valdres vart etablert av systrene i 2013.

Den nyaste innspelinga til Hemsing er albumet Vetra (november 2023), som innheld Hemsings eigne komposisjonar, pluss folketonar frå Valdres samla av L.M. Lindeman, og framført av improvisasjonsmusikarar, folkemusikarar og ein stryketrio.

Under Festspillene i Bergen i 2024 er Ragnhild Hemsing utvald til å vere årets festspelmusikar, og skal vere med på ei rekkje konsertar, m.a. opningsframsyninga Peer Gynt.

Hovudkjelde: Ragnhildhemsing.com
Publisert desember 2023