Hopp til innhold

Frå Robin Hood til Jascha Heifetz

Som opptakt til norgespremieren på operaen De dødes by, kan du no bli litt betre kjend med musikken til Oscar-vinnaren Erich Wolfgang Korngold. Her er seks gylne eksempel.

Aller først kan du bli med til Hollywood anno 1938. Du sit i kinomørkret og ser filmstjerna Erroll Flynn i grøne strømpebukser svinge seg gjennom Sherwoodskogen for første gong. Til både fartsfylt og romantisk musikk er han helten i The Adventures of Robin Hood, og får kysse den vakre Lady Marian, alias den like kjende Olivia de Havilland:

The Adventures of Robin Hood får 3 ulike Oscar-prisar – og den eine er for filmmusikken. Kven er komponisten? Ein austerrikar med namnet Erich Wolfgang Korngold, som dette året ikkje kunne vende tilbake til heimlandet fordi verka hans hadde blitt bannlyste, og familiehuset i Wien var konfiskert. Sjølv meinte han seinare at det var oppdraget med Robin Hood-filmen som berga livet hans, sidan han då var i USA og dermed slapp unna nazistane.

Allereie tidleg på 1900-talet var Korngold kjend som eit musikalsk vedunderbarn i Wien, og som 23-åring vart verdspremieren på operaen DE DØDES BY (Die tote Stadt) i 1920 ein dundrande suksess, og med dobbelpremiere både i Köln og i Hamburg. (Les om handlinga i De dødes by her – lenke)

Den smektande songen i første akt, GLÜCK, DAS MIR VERBLIEB er nok dei mest kjende tonane frå operaen, og blir også gjerne brukt som enkeltståande konsertinnslag. Og har du sett kultfilmen The Big Lebowski av brørne Coen, dukkar melodien sanneleg også opp der. Her kan du høyre den sveitsiske sopranen Regula Mühlemann på utandørs konsert, med "Mariettas Lied", som songen også blir kalla:

I De dødes by er dansaren Marietta med i ein lystig teatertrupp, der skodespelaren Fritz har rolla som klovnen Pierrot. I 2. akt er han i det melankolske hjørnet, med MEIN SEHNEN, MEIN WÄHNEN (Min lengsel, mitt svermeri). Her får du høyre Matthias Goerne med denne drøymande songen, som også blir kalla "Pierrots Tanzlied". Legg gjerne merke til dei overjordiske korstemmene omtrent midtvegs:

No har du høyrt dei to mest kjende songane frå De dødes by, som begge er svisker av beste merke. I tillegg kan vi gle oss til fargesprakande og feite orkesterklangar, for Korngold er kjend for å måle tonane med brei pensel – og å skrive for stort orkester, som gjerne tøyer grensene for kva det er plass til i ei orkestergrav. Korngold er slik sett også samanlikna med sine forgjengarar Puccini, Mahler og Richard Strauss.

Filmmusikk-pioneren Korngold sjølv har utan tvil også inspirert fleire etterfølgjarar i Hollywood – ikkje minst John Williams (f. 1932). Tenk berre på hovudtemaet i Star Wars (... og også filmen Supermann) når du lyttar til Korngolds filmmusikk frå KINGS ROW frå 1941/1942. I denne filmen spelte forresten også den seinare amerikanske presidenten Ronald Reagan ei av hovudrollene:

Korngold laga musikk til i alt rundt 20 Hollywood-filmar, og kalla filmpartitura sine som “operaer utan song.” Ein av dei siste filmane han komponerte for, var film noir-dramaet Deception (1946). Der møter vi Bette Davis i rolla som pianist i kjærleiksforviklingar, der ho må velje mellom ein cellist og ein komponist – med blodige følgjer: Ho skyt rett og slett komponisten. På filmlerretet får ein sjå skodespelaren Paul Henreid i aksjon som cellist (takka vere filmtriks) på konsertpodiet.

Korngold skreiv denne scenen seinare om til ein kort CELLOKONSERT med berre éin sats. Her er den franske cellisten Victor Julien-Laferrière med hr-Sinfonieorchester i Frankfurt, i dette energiske verket – som varer eit knapt kvarter:

Til slutt kan du bli kjend med korleis Korngold elles skreiv for symfoniorkester, rundt ti år før han døydde. Han hadde lenge klart å livnære seg og familien ved å komponere musikk for Hollywood, og hadde også sverga (blir det sagt) på å ikkje skrive anna enn filmmusikk før Hitler mista makta.

I 1945 var den andre verdskrigen over, og no tok Korngold fatt på å skape uavhengige verk. I FIOLINKONSERTEN blunka han likevel litt tilbake til fortida, med å bruke tema frå fire ulike filmar han hadde laga musikken til, m.a. Anthony Adverse – som han fekk sin aller første Oscar-pris for i 1936. Legenda Jascha Heifetz urframførte denne konserten til stormande jubel i 1947 i USA. Her er Korngolds eigne ord om Heifetz:

Trass i kravet om å vere virtuos i finalen, har dette verket også mange melodiske og lyriske deler, som ville passe betre for ein Caruso enn ein Paganini. Det er overflødig å seie kor glad eg er for at konserten min blir framført av Caruso og Paganini i éin og same person: Jascha Heifetz.

Fiolinkonserten er blitt ståande som ei av dei gylne søylene etter Korngold som framleis blir spelt i konsertsalar verda over. Her er heile verket med den canadiske fiolinisten James Ehnes, som også har vore solist med Bergen Filharmoniske Orkester fleire gonger. Dei første, glitrande tonane er henta frå Hollywood-filmen Another Dawn:

Tekst og video-utval: Møyfrid Engeset, Bergen Nasjonale Opera (hausten 2024)

Denne artikkelen gir eit lite innblikk i Erich Wolfgang Korngold som komponist, med mest vekt på operaen De dødes by, og filmmusikken hans. Gå gjerne vidare på eiga oppdagingsferd i verka hans – og velkomen til norgespremieren i Grieghallen i november!

Om du vil følgje tidslinja til Korngold, med datoar og årstal som også markerer dramatiske og historiske hendingar i samtida hans, kan du lese vår artikkel "Ei reise gjennom Korngolds liv" (lenke) – der det også er lagt inn fleire musikkvideoar.

Fotoet øverst: Erroll Flynn i tittelrolla i filmen The Adventures of Robin Hood (1938) / Warner Bros.

Siste nyheter

Paradis skole Amahl

Til Paradis med sang

Like før jul skal familieoperaen Amahl og de tre vise menn settes opp i Grieghallen, og barneskolene i Bergen har fått melde seg på operakurs og generalprøve.

Tmp f4ff7852 a148 4c35 851b 0985d0b5329f

Opera-pasjen på skuletur

Pasjen har med seg gull og perler når han er ute på førjulstur i lag med dei to operapedagogane Stian og Martina

OVF24 Mermaids bw wave2

Sommarakademiet 2025

Opera ved fjorden sommarakademi går av stabelen 21.-29. juni 2025. NYTT: Vi har no utvida søknadsfristen til 2. FEBRUAR for stryk, messing, obo og fagott.

WEB Eivind Finn Solveig

Ta et operatisk dypdykk med Finn, Solveig og Eivind!

Sopranen Solveig Kringlebotn har sunget den kvinnelige hovedrollen i De dødes by ved store operahus i Europa. Her deler hun sin erfaring i samtale med Finn Tokvam og Eivind Gullberg Jensen, hvor de også diskuterer operaens filmmusikalske likheter – og mye mer. Sett på kaffen!

Hedvig Haugerud og Eivind Gullberg Jensen

Møt Hedvig Haugerud - ung sopran og understudy

Hvordan er det å være understudy til den kvinnelige hovedrollen Marietta? Hør Hedvig Haugerud fortelle mer om "drømmerollen" i De dødes by og synge den vakreste av ariene i operaen, Mariettas Lied.