Hopp til innhold

ETTERSØKT: Wotan, Sarastro & Fafner (2024)

Vil du vere guden over alle guder på Sommarakademiet? Eller yppersteprest kombinert med jotne? Rollene som Wotan – og Sarastro & Fafner –  blir no utlyst spesielt. // Søknadsskjemaet er no stengd //

Det var rekordhøgt søkjartal til Sommarakademiet Opera ved fjorden denne gongen, og juryen er no i ferd med å avslutte arbeidet, slik at årets studentar kan inviterast. Men vi jaktar framleis på to mørke mannsstemmer: Den eine (bass-baryton) skal få synge rolla som guden Wotan i Rhingullet. Den andre (bass) skal få tolke både Sarastro i Tryllefløyten, og Fafner i Rhingullet.

Kvart av utdraga frå desse to operaene varer rundt éin time, og blir innstudert og framført på to ulike konsertar i regi av Ivar Tindberg, i akademiperioden 22.- 30. juni 2024.

Rhingullet (Das Rheingold) er starten på den store Ringen-syklusen av Richard Wagner, og karakteren Wotan er bygd på den norrøne guden Odin. Wotan tørstar både etter gull, makt og kjærleik – og slikt blir det sjølvsagt drama av! Fafner er ein av dei to kjempene (jotnane) i Rhingullet, medan Sarastro er sjølvaste ypperstepresten som går heilt ned til djup F2 i Tryllefløyten av W. A. Mozart, der han måler krefter med Nattens dronning.

I tillegg til rolla som Wotan – eller Sarastro & Fafner – vil dei to utvalde songane få sjansen til å synge ein sjølvvald arie saman med akademiorkesteret på ein av konsertane.

Albert Dohmen som coach
Nykomar i songlærar-teamet sommaren 2024 er den tyske bass-barytonen Albert Dohmen (lenke til biografi) som sjølv er ein erfaren og markant Wagner-tolkar: Dohmen husdebuterte ved Bayreuth-festivalen i 2007 som Wotan/Der Wanderer i Ringen, i ein produksjon som også vart vist dei komande åra. Seinare har han også sunge rollene som Alberich og Hagen same stad.

FOTOET:
Albert Dohmen i rolla som guden Wotan på Bayreuth-festivalen. © Bayreuther Festspiele/Enrico Nawrath.

Søknadsfrist: 8. mars 2024 // Søknadsskjemaet er no stengd //
Søknadsskjema og detaljert informasjon finn du på den internasjonale søknadsportalen Muvac. Merk at søknadsfristen for dei andre studentplassene ved Sommarakademiet gjekk ut i januar, men at desse konkrete utlysingane for rollene som Sarastro & Fafner – og Wotan – har søknadsfrist 8. mars:

Denne artikkelen er oppdatert etter at søknadsfristen gjekk ut.

Her kan du lese om Sommarakademiet Opera ved fjorden generelt.

Siste nyheter

George Benjamin at writing desk credit Matthew Lloyd

Tre livsendrende møter

Den britiske komponisten Sir George Benjamin dirigerte selv verdenspremieren da Written on Skin skrev historie i Aix-en-Provence i 2012, og ekstatiske kritikere proklamerte at «dette er den beste operaen som er skrevet på 20 år». Men historien starter med en sjelsettende opplevelse da han var bare 7 år!